
Eg forstår ikkje heilt kva som skjer her. Skulle jo legge ut alle bildene frå besøk hos AnneMi på Geilo, men så blei alt bare kryptisk. Og det trur eg dette bildet er også. Litt sånn på halv åtte.
Jaja, får ta det i morgon, heller.
Så her er stoda første mars i totusenogsjuåret:
Eg tilbringer ferien min i Vennesla hos knotten og Heidi(med den allerminste knotten i magen) og Rune. Sidan H&R må jobbe masse og berre har litt dagmamma, fekk eg den store æra å vere tantepassetrine - eller "Tiiinemoooora", som Maja kallar meg når ho skal smiske ekstra hardt og sjarmere meg i senk. Det greier ho lett!
Så kjekt at alt har gått så greit, at Maja syns eg er kul og grei og sånt, og at det ikkje kom meir enn tre meter snø mens eg var her. Vi leikar heile dagen, går på tur i snø og slaps, syng songar, dansar og har ikkje krangla meir enn ein gong. Det utarta seg riktignok til ei tung sutreleppe og tåresprut - alt på grunn av ein misforståelse angåande pålegg. Skinkeost eller syltetøy, liksom. Og medan eg smurte ny skive, med skinkeost sidan syltetøy var fullstendig feil, spiste ho likegodt opp syltetøyskiva medan ho venta. Akk.
I dag var eg innom legekontoret til Heidi, og fekk høyre på hjartet til knøttet i magen! Det gjekk kjempefort og høyrdes ut som et veldig fint og bra folk som var inni der. Det blir både fint, men veldig rart at dei skal flytte til Bergen om mindre enn eit halvt år, og at det skal komme enda eit medlem i familien deira. Fytti, kor kjekt det skal bli!
Veka har iallefall gått veldig fort, i overimorgon drar eg tilbake til Bergen og berre voksne folk, skule og vanlege ting - slutt på dans og fjas og tiddelibom. Bortsett fra Tobias då, som er langt ifrå voksen, men som eg likevel skal leike med i veka ein gong. Det gledar eg meg til.
Men no er det nok, eg må sjå på barne-tv!:)