torsdag, mars 01, 2007

Radaraparet A/S

Siden faret mitt har vert så yndig å sende bilde av Maja og meg på mailen min, legg eg det ut. Sjølv om det er ifrå gamle dagar, heilt sidan sist jul! Og vi ser trøtte og alvorlige ut, men det er kun fordi vi er slike store (og lure) tenkjarar begge to. Ein vert sliten av slikt.

Så her er stoda første mars i totusenogsjuåret:

Eg tilbringer ferien min i Vennesla hos knotten og Heidi(med den allerminste knotten i magen) og Rune. Sidan H&R må jobbe masse og berre har litt dagmamma, fekk eg den store æra å vere tantepassetrine - eller "Tiiinemoooora", som Maja kallar meg når ho skal smiske ekstra hardt og sjarmere meg i senk. Det greier ho lett!

kjekt at alt har gått så greit, at Maja syns eg er kul og grei og sånt, og at det ikkje kom meir enn tre meter snø mens eg var her. Vi leikar heile dagen, går på tur i snø og slaps, syng songar, dansar og har ikkje krangla meir enn ein gong. Det utarta seg riktignok til ei tung sutreleppe og tåresprut - alt på grunn av ein misforståelse angåande pålegg. Skinkeost eller syltetøy, liksom. Og medan eg smurte ny skive, med skinkeost sidan syltetøy var fullstendig feil, spiste ho likegodt opp syltetøyskiva medan ho venta. Akk.

I dag var eg innom legekontoret til Heidi, og fekk høyre på hjartet til knøttet i magen! Det gjekk kjempefort og høyrdes ut som et veldig fint og bra folk som var inni der. Det blir både fint, men veldig rart at dei skal flytte til Bergen om mindre enn eit halvt år, og at det skal komme enda eit medlem i familien deira. Fytti, kor kjekt det skal bli!

Veka har iallefall gått veldig fort, i overimorgon drar eg tilbake til Bergen og berre voksne folk, skule og vanlege ting - slutt på dans og fjas og tiddelibom. Bortsett fra Tobias då, som er langt ifrå voksen, men som eg likevel skal leike med i veka ein gong. Det gledar eg meg til.

Men no er det nok, eg må sjå på barne-tv!:)

6 kommentarer:

Even Nielsen sa...

Høres ut som dere har det kjempefint!! Gleder meg til å komme til Vennesla og treffe den lille familien!

Anonym sa...

Ja, det har vi, og det bør du!:)Akkurat no ligge vi i forhandlinga om tante skal få dusje eller ikkje.. Maja har overtaket foreløbig.. Får eg linke til bloggen din, forresten?

Even Nielsen sa...

linke i vei!

Anonym sa...

Gurimalla før et skjønt radarpar å før et skjønt lite knøtt ho e, åsså så gøy at det kommer et nytt lite knøtt :)

Anonym sa...

Og no er tanta bytta ut med bestemora.

.. Men det blir vel ikke noe orden på ting og tang før bestefaren kommer..:)

Anonym sa...

Høhø, nei sannsynligvis ikkje. Men om du er bekymra om vi herja nok, tøysa nok og leika nok, så gjorde vi det, altså. Kors på halset!:)