mandag, mars 12, 2007

EIN SKOG AV SAKN Det har vore mange av dei i vinter. Dagar der eg høyrer deg i alle songane mine, ser deg i alle menneska eg møter på gata, kjenner deg i kvar einaste kjensle. All den nye musikken min, eg vil vise deg alt saman, seie: "Høyr, Vegard, denne vil du elske" - og det hadde ikkje gjort noko om du ikkje likte den eingong, du ville ha hørt, eg veit det. Dei nye menneska eg møter, du skulle ha vore her og møtt dei du også, eller iallefall ha vore her så eg kunne fortalt deg om dei. Du skulle jo ha budd her no, vi skulle ha vore i same byen alltid. Du skulle ha kunna vere med på Pingvinen ein slapp søndag, sett på alle dei fine jentene. Eg såg ei der seinast i går du ville ha vore frå deg av begeistring av. Det føles så latterlig at eg aldri skal treffe deg igjen, at kvar gong eg tenker på å dra heim til Førde må eg fortelle meg sjølv at - nei, Vegard vil ikkje vere der - for det var alltid ein obligatorisk tanke når eg skulle heim. Og det er det enda, eg greier ikkje å berre slå av den tanken. Vil vel aldri greie det, og det er kanskje like greit. Det er fullstendig meiningslaust at du alltid berre vil forbli 24, nesten 25, og vi berre får, og må, gå videre. Vakre Vegard min, eg saknar deg så grenselaust.

3 kommentarer:

Sasi sa...

Du skriv så fint Trine...snufs.

Merkelig at alle eg snakke med fra Førde kjente Vegard på eit vis.

Høyrer han var ein fantastisk person...Koffor må dei gode gå??? Er dei rett og slett for gode for denne fæle verda?

Livet er urettferdig!

Anonym sa...

Mhm. Men det som er bra med at han kjente så mange, e jo at det mest sannsynlig alltid er nåken som tenke på han. Og på den måten forsvinn han aldri heilt likevel.

Men du? Kan ikkje Kotti og Tobias komme og gå på tur med Trine en dag denne veka?

Sasi sa...

Det kan vere vi kan klare...Har jo klart å dusje i dag, mens Tobias satt i bilstolen og prata med eit håndkle. Eit bra utgangspunkt det då, ikkje alltid eg får dusje...