Det er mørkt og regner ute. Og sjølv om det kjennes merkelig, med tanke på sommeren som aldri verken kom eller gikk. Hausten kjem snart. Og det er greit. Eg har ei skuff full av Pukka på kjøkkenet. Det finnes millioner av bøker eg ikkje enda har lest. Eg elskar skjerf.
Greit nok - eg dreg til sola på laurdag, skal bade, drikke vin og grille meg i ei veke. Likevel - hausten er alltid velkommen i mitt hus.
onsdag, august 11, 2010
Det er kanskje sant;
Eg har lånt bildet fra ein blogg eg liker veldig godt, hjartesmil.blogg.no. Besøk den om de trenger vakre bilder å sjå på, eller generelt gode vibber!
søndag, august 08, 2010
Mommy`s home, now you can open the door
Og når det kjem til pelslufsene på beina? Neitakk!
I want your bad romance
Eg er sommerforelska i Lissie og digger Lady Gaga - denne gjorde valget for meg, to fluer i ein smekk. Loves it!http://www.youtube.com/watch?v=MWe07krS8_E
onsdag, juli 28, 2010
Ny bok. En skatt.
Eg var i Førde ei stund no i ferien. Bent og eg var på gjenbruksbutikken til Misjonssambandet på skattejakt. Vi fann ein kommode som skal få bu i gangen. Den bur enn så lenge heime hos mamma og pappa, siden den blei litt i største laget til å ta med seg tilbake på bussen.
Men! Eg fann ei bok! Tidligare la eg min elsk på Tore Renberg etter å ha lest "Mannen som elsket Yngve". Så når "Charlotte Isabel Hansen" stod og lyste gult mot meg i ei hylle, måtte eg berre ta den med meg. Og den er så fin! Den skal lånast ut til Nathalia og Rød i boklåneklubben, og til alle andre som melder interesse. I boka har forfattaren sitert eit dikt, det er så vakkert - eg deler det herved:
Alt er annerledes end du tror, end jeg tror
fanen flagrer stadig,
de små hemmeligheter er endnu hos sig selv,
de kaster stadig skygger, deraf
lever du, lever jeg, lever vi.
(Opprinneleg "Es ist alles anderes" av Paul Celan, oversatt til dansk av Peter Nielsen)
tirsdag, juli 27, 2010
Onkel Jan Harald
Tanta mi var forelska. Skikkelig masse. Mulig ho hadde vore det før, men isåfall var eg så lita at eg ikkje merka det. No var det ordentlig, visst. For ho tok han med heim til oss i rekkehuset. Han hadde fint og litt fluffy hår, tynn kropp og veldig fin bart. Han lukta parfyme – det gjorde pappa aldri. God parfyme, merket var visst Ferrari. Han elska bilar. Og oss. Søstra mi og meg. Han hipsa og kasta rundt på oss og kalla søstra mi ”skolebølle”. Det var berre fordi ho akkurat hadde begynt på skulen. Ho var langt ifrå ei bølle, iallefall. Ho var alltid berre snill. Eg vart misunneleg og sa med den litt skjerande stemmen eg seinare veit eg hadde fordi eg har hørt meg sjølv på kassett at ”ka er eg da, onkel?”. Eg var barnehagebølle. Også kasta han meg opp i lufta. Eg var så liten.
Seinare var vi i Tyskland. Vi sov ei seng som vi dro ut av veggen som ei skuffe på skrå. Eg husker ferien for rare telt på stranda, som vi sola oss i, og at eg ei natt grein skikkelig masse uten å vite kvifor. Eg liker å tru eg hadde vondt i magen. Eg hadde sikkert det, altså. Uansett, onkel likte å hive på meg. Høgt, høgt opp i lufta, sikkert for å vise at han var sterk, og for å få høgfrekvente hyl frå kroppen min. Ein av dagane var vi ein stad med lavt tak. Eg trur ikkje eg eigentleg husker dette, eg berre trur det fordi folk har fortalt meg alt så mange gonger. Det var lavt tak der han heiv meg i lufta, og han ville hive meg høgare. Dobbelt så høgt var vel omtrent dobbelt så gøy.
Det som var dumt, var at når onkelen min trudde han hadde gått bort fra taket og kysten var klar for å kaste meg enda høgare opp, tok han feil. For det var ein bjelke rett over der. Den var visst av jern, og han beregna kastet ganske bra. For eg traff bjelken med hodet først.
Men eg har fått mange smell i skallen både før og etter. Eg veit ikkje om eg kan garantere at eg ikkje har tatt skade av alle sammen, men det trur det har gått nokonlunde greitt. Eg greidde jo å lære å skrive, i det minste.
Familietreet
Ganske lenge har eg drive på med eit prosjekt om familien min. Eller slekta mi. I forhold til veldig mange eg kjenner har vi ikkje særlig stor slekt. I konfirmasjonen min hadde vi omtrent alle på overnatting, for eksempel. I huset vårt. Nitten folk på overnatting vart i grunn ganske intenst i dei tre dagane det stod på (ein konfirmasjon varer tross alt fra lørdag til mandag, må vite), og vi brukte både vaskerommet og boden til "soverom". Men når dei nitten var heile familien min, bleikner det i forhold til dei som har fleire søskenbarn enn dei kan telle.
Uansett. Eg skriv om alle sammen. Store og små. Historia om pappa og kirsebærtreet høyrer heime i familietreprosjektet, for eksempel. Tenkte eg skulle vise nokre fleire av dei fram. Siden eg er dårlig blogger om dagen (året), er det jo ikkje så farlig lenger.

Respekt!
Det er vel ingen hemmelighet at eg syns Britney er ei veldig kul dame. Ho held stemninga oppe på eit kvart vorspiel, og om ein treng ein song å grine til, har ho eit par av dei som held mål også. Det skal ikkje stikkast under ein stol at dama har hatt ein del koko-moments dei siste åra, men kven har ikkje dèt!
Dette er riktignok gammalt nytt, men at Britney viser retusjerte bilder opp mot uretusjerte av seg sjølv i lite klær - herlighet! Eg bøyer meg i støvet i respekt. Og no tek eg sjansen på å framstå skinnhellig, men eg syns faktisk dei uretusjerte bildene er dei finaste.
Vi har appelsinhud alle sammen, og når Britney kan vise sin, kan vel eg det også. Så i morgon skal eg gå med shorts og gje faen. Jenter, ikkje bruk ei krone på anti-cellulit-piss, det virker ikkje uansett, og alle har det. Eg veit, eg har vert på vise-rumpa-vorspiel i helga, og eg syns det eg såg var vakkert!
Sommaren er for kort til å ikkje like seg sjølv!
tirsdag, mai 25, 2010
Eurosong = lykke
Min absolutte favoritt etter dagens semifinale er Serbia, med sitt fullstendig koko show, med koreografi tydelig inspirert av nittitallets aerobic-triks. Også den friken av ein solist. Han ser ut som ei kinesisk barbiedukke. Med blondt hår og udefinert kjønn. Akkurat som det skal vere!! Jaja, gje meg meir!!
mandag, mai 24, 2010
I dag kjentes det ok igjen med te;
Eg føler eg kanskje var vel streng og mutt i går morges. Den teen fekk ufortjent tyn.
I dag stod eg opp tidlig, dusja og tok på meg fjeset heilt uten å skape meg. For klokka ni kom nemlig Sanna - kunstnarvenninne av Bent, (fantastiske bilder, sjå berre her: http://www.susannakajermo.se/) for å avlevere hunden sin Kompis, som eg skulle passe. Kompis er ein dansk-svensk gårdshund, berre kvalpen. Så dagen har vore prega av intens hopping, springing, litt biting og masse kos. Eg ønsker meg også ein Kompis!
Og, ja, planen var å sei noko bra om te i dag. For å veie opp for gårsdagen, liksom. Pukka-te er min favoritt, eg elsker alle smakane, noko som begynte å by på finansielle problemer ettersom at dei koster omtrent 70 kr i butikk. Det må jo seiast å vere i overkant råflott pris om ein har tenkt å drikke mykje (og det hadde eg tenkt). Så før jul sjekka eg heilt for moro skyld om det var mulig å bestille på nettet. Og sannelig! På pukkaherbs.com plukka eg alt eg kunne få for tohundre kroner i handlekurven. Nokre dagar seinare kunne eg hente ein gigantpakke i posten, og holdt på å le meg i hel når eg tok alle eskene utover kjøkkenbordet. Ikkje mindre enn 11 esker! Snittprisen blei dermed ein god del lavare enn i butikken. Eg følte meg ekstremt lur og veldig heldig. No er det snart på tide å bestille på nytt.
Så moralen er - te er godt, Trine er lur. Snakkas!

søndag, mai 23, 2010
Eg har ikkje lyst på te.
Eg gidder ikkje å dusje. Eg vil ikkje ha sjokolade. Eg vil ikkje at Bent sin genser skal få meg til å sjå så kort ut. Eg vil ha lange bein. Eg vil at håret mitt skal tørke superfort, at sminken legg seg på av seg sjølv, og at eg ikkje har krøller lenger. Eg veit at eg ønska meg det når eg var liten og hadde hår stritt som strikkepinner, men eg angrer no. Eg vil ikkje gå ut og vite at alle ser lang vei at eg var lettere kanakkas i går. Eg må ha, eg må ha, solbriller på. Og da kreves det faktisk sol. For eg vil ikkje vere ei av dei som går med solbriller i overskya vær. Og eg vil iallefall ikkje vere ei sånn som går med solbriller inne.
Eg skulle egentlig ønske meg ei meir positiv innstilling i dag. Får dusje, føne håret, glatte det (eller faktisk drite i det), ta ein kopp te mens eg sminker meg (berre litt), ta på meg noko anna enn Bent sin genser, spise ein sjokoladebit, ta solbrillene i veska og stikke på 7/11 og sjå om dei har velvilje og godt humør til salgs. Tar kanskje til takke med Ben&Jerry-is om førstnevnte er utsolgt.
lørdag, mai 01, 2010
Liste to;
Mindre elskbare ting, heller hatbare, men det ordet fins ikkje, og eg syns ikkje ein skal hate særlig mange ting. Men dei eg liker veldig dårlig, da:
Allergi (Eg har ingen, men det er jo frekt at nokon må ha det. Kan ikkje alle berre få vere i fred?)
Betakaroten (Folk med gulrotfarga hud burde tenke seg om neste gang)
Chips med eddiksmak (Det må nokon ha funne på berre på tull. Det går jo ikkje an å spise)
Dustefaensfolk (Det er jo heilt logisk. Ingen liker sånne)
Elg i vegen der ein skal kjøre (Etter så mange år burde elgen ha lært)
Fjell som er altfor høge (Det er berre dumt å klatre i sånne. Du dør når du har hengt fast for lenge, eller så er det altfor langt ned viss du løsner)
Grumleren (Han er fremdeles marerittmateriale)
Hikke (Alle trur at du er full, sjøl om det er midt på dagen og du er på jobb)
Indigo (Det er ikkje sant at det går an å bu i eit bosspann)
Jegerfolk (Viss dyr vil bli spist, kjem dei på døra og gir beskjed)
Kaldsvette (Æh! Det må bli utrydda!)
Leamus (Når ein først har fått det i øyet, forsvinner det jo aldri)
Magesjau (Det er berre dumt. Må utryddast helst fra no av)
Narkolepsi (Urettferdig at nokon sovnar i dei mest idiotiske situasjonar. For da må eg le av folk det er synd i, og då framstår eg som eit ganske dårlig menneske, men eg er jo egentlig grei)
Oraklet i Delfi (Er sikkert litt oppskrytt, iallefall no. tusen år seinare)
Pasjesveis (Er ikkje det omtrent det samme som pottesveis, berre med eit litt finare ord? Vil ikkje ha)
Qk (Fremdeles tullebokstav)
Revers (Veldig unødvendig om ein har tenkt seg framover)
Sjukdom (Ca aldri riktig)
Tankeverksemd (Oftast lurt, men nokre gonger berre ei belastning)
Uvær (Veldig dumt med lyn om ein står på ei open slette heilt aleine uten bil)
Velmeinte ord (for det meste bra, men brukt på feil måte - veldig...feil)
Witch-witch (Vi fikk aldri til det der med musical her til lands)
Xylofon (KVEN fann på det pompøse ordet til eit heilt middels instrument?)
Yr (I luggen - absolutt fatalt)
Zebra (Eg lurer på om det er sant at dei har zebramønstra hud under pelsen)
Ækle ting (Stava med Æ blir alt værre)
Øvelse gjør mester (Og liknande gladgeit-utsagn utgår på det sterkaste. Ein har faktisk meir moro enn ein lagar sjølv ganske ofte)
Åre (Der må alle holde seg unna, ellers mister ein prinsessa)
Skriv under på å vere fornøgd med denne også. Hielt klart. No må eg legge meg.

fredag, april 30, 2010
Tusen år siden forrige liste
Og da må eg lage ei. Alfabetisk, dessverre ikkje fargesortert, og på langt nær nyansert. For eg har drukke øl siden krigen. Den tidligare i dag, da. Herlighet, eg levde ikkje under verken 2. verdenskrig, den kalde krigen, eller blitskrigen (handla den om fotografering?), så det er ingen av dei krigane.
Uansett. Her kjem det elskbare;
Apetitt (ellers hadde eg dødd av sinne og sult)
Barfot i sanden
C-vitamin (det er godt med appelsin, og dessuten føler eg at C er ein skikkelig vanskelig bokstav)
Dadler med bacon (djiiiiises)
Epler (dei har fått sin fortjente renessanse den siste tida. Gratulerer!)
Foreldre (ein hadde faktisk ikkje eksistert uten, og dessuten er det bra med foreldre, mine er topp-3)
Grøt (lørdagsgrøten er trendy igjen i mitt hus)
Helsetrøye (dette vil vekke reaksjonar, eg går altså ikkje med det etter den litt mislykka trenden for sikkert altfor kort tid sidan, men han eg bur med kler det merkverdig godt)
Intelligens (det er så miss å vere uten)
Joggesko (det heiter visst løpesko, men mitt språk har ikkje "løping" blandt orda, så sorry, altså)
Kveldsmat (den må vere heime i Førde og bestå av mamma sitt nybakte brød. Ellers gidd eg ikkje)
Lidelse (Her er stikkordet "nyanse" til å berre ha det bra. Konstante ting blir gørr i lengden)
Mat (Eg liker det)
Nyanse (Dette ordet kjem til å bli så brukt opp at det kjem på hatlista etterpå. Men joda)
Oldemødre (Dei er berre så bra å ha når dei lever, og når dei ikkje lever lenger, er ein så takknemlig for at dei fanst så lenge)
Pepper (krydderets versjon av unisex og onesize, sjølv om onesixe aldri passer alle)
Qk (er ein tullebokstav, så da får den tulleord)
Rips (for det er eit skikkelig bær, som faktisk går an å spise, i motsetning til stikkelsbær. Stikkelsbær? Seriøst. Berre navnet seier jo alt)
Spark (Tori Amos - du kan sette ord på alt. She's convinced she could hold back a glacier
But she couldn't keep Baby alive)Tante (å vere tante er å vere elska på ein anna måte enn eg nokonsinne har blitt det)
Uvær (eg elsker torden, å føle at jorda nesten revner, men bare nesten)
Valg (Vonde, lette, gode. Trist-fine)
W (det er tullebokstav, eg gidde ikkje. Whaaat?)
X (Eg gidde seriøst ikkje)
Yr (hvis ein kan sjå på det fra riktig side av vinduet, er det heilt greit. På utsida av vinduet er det fullstendig ugreit og ødelegger håret mitt. eg vil ikkje ha afrosveis)
Z (Åh, ikkje gidd, da!)
Æsops fabler (for det fins ingen andre ord på Æ, og den eine fabelen handla om ein fugl som fikk noko i halsen, og det var kansje underhaldande)
Ømhet (nærhet, kjærlighet, eg liker alt det)
Åpne kort ( alle burde spille med det, men det funker visst dårlig i poker)
Eg er fornøgd! Men det er no, da. Det er ikkje sikkert eg syns det i morgon, men eg lover korspåhalsentifingerihjertet å aldri slette dette berre fordi eg var på en snurr når eg skreiv det.

onsdag, april 28, 2010
Ein vis gammal mann sa dette til meg ein gong.
Det er lenge sidan no. Men lure ting kan seiast igjen. Til dei som måtte trenge det. For dei fins sikkert.
"Neida. Alt blir bra. Alt blir ikke som før. Alt blir ikke som du hadde tenkt. Alt blir ikke som du vil det skal være. Men det blir bra. Alt annet utgår."
Eg veit ikkje om det er sant. Men eg velger å tru på det.
Mamma spurte pappa om han kunne beskjære kirsebærtreet. Det kunne han. Det aktuelle kirsebærtreet var det same som vi hadde begravd kattungen Oscar under. Dagen før nyttårsaften. Katten var liten, vi var triste, den var jo tross alt død.
Etter tre begravelsar i familien iløpet av kort tid var dette den første jordfestinga eg såg faren min gråte i. Pappa er ein vaskeekte katteelskar.
Men no var det sommar og pappa henta saga overraskande fort. Han kom attende like fort, stolt og svett. Ville gjerne ha nybakte bollar i belønning. Mamma kunne nesten ikkje tru det. Mannen hennar var jammen flink. Ho gjekk for å sjå.
Pappa syns mamma så tydelig hadde bedt han ”skjære ned treet”. Dette fann han ein smule besynderleg. Treet var jo igrunn ganske ungt og hadde nettopp fått bær.
Men når mamma seier noko, har ho som oftast ikkje berre god grunn, ho har også bestemt seg. Så pappa sagde ned heile treet.
Om dette hadde vore ti år sidan, hadde konsekvensane vore store. Mamma hadde grått hysterisk, ikkje sagt eit ord på fleire dagar og forbanna himmel og jord over evneveike ektemenn. Men no hadde ho hatt kreft, blitt frisk og alt, og uansett så klisjèfylt det kan virke, hadde ho fått perspektiv på skilnad mellom små og store kriser.
Vi lo alle, og skynda oss å ete opp dei siste kirsebæra. Skjønt alle var enige om at ein stubbe er hakket meir stusslig minnesmerke enn eit blømande kirsebærtre.
fredag, april 16, 2010
My debutant-ball
I dag skal eg delta i selskapslivet for første gang på ein månad. Etter å ha vore pjusk og sjuk så lenge, har eg heilt prestasjonsangst. Eg trur ikkje eg husker korleis ein legg aftensminke. Eg veit ikkje korleis ein beveger seg i kjole. Han ingen anelse om eg faktisk greier å gå i høge hæler lenger. Håret mitt kjem til å få panikk om det kjenner antydning til styling. Ingen av leppestiftane mine virker lenger, sikkert.
Eg tåler garantert ikkje særleg mykje vin.
Men herlighet, eg gleder meg til å feire Sharin sin bursdag!
Eg tåler garantert ikkje særleg mykje vin.
Men herlighet, eg gleder meg til å feire Sharin sin bursdag!
tirsdag, oktober 27, 2009
Eg er heime i Førde. I går såg eg i fotoalbum frå min barndom. Eg likna ikkje på nokon når eg var baby. Eg var det eg helst vil kalle "brun og fin", men som mamma insisterer på var gulsott, eg hadde ekstremt masse hår, og såg ut som ein eskimo. Naboane sa eg likna på postmannen. Eg veit ikkje om det er sant. I den seinare tid hadde iallefall postmannen lyst hår og pottesveis. Og bart, forresten. Då eg var på leiskule som seksåring, fann eg mitt indre, og hittil framleis blant topp 3 av skjulte talent (ja, dei andre to er brua og spagaten). Dette talentet består i å kunne bøye det øverste leddet på fingeren i 90 graders vinkel. Det ser heilt sjukt ut, og eg kjenner ingen andre enn meg sjølv som kan dette i så ekstrem grad. Iallefall ikkje før eg såg Jahn Teigen på framsida av Se & Hør gjere nettopp dette. Han hadde dette talentet på grunn av leddgikt, men smilte like blid fordiom. Og eg fekk ein støkk i hjartet når eg såg det. Eg lurte lenge på om dette kunne vere tilfeldig, eller om mamma på ein måte hadde vore på konsert omlag ni månader før eg kom til verda. Ein veit aldri med groupies, og det kan jo hende det var fleire grunnar til at Jahn Teigen alltid gjekk på full guffe på platespelaren når mamma vaska huset. Eit stakkars barnehjarte vert lett forvirra over manglande likhetstrekk med sin påståtte far (for eksempel hadde eg verken briller eller bart), når slike mystiske "tilfeldigheter" kjem for ein dag i bladhylla på Rema. Heldigvis fekk vi eit bilde av pappa sin far og alle hans søsken då eg var femten. Likheten mellom pappa si tante og meg sjølv var så slåande at eg nesten vart skremt. På bildet er ho også rundt femten, og sit rakt og alvorlig med blikket rett i kamera og ser heilt ut som meg. Ein ting mindre å bekymre seg over. Likevel, eg har hørt Jahn Teigen såpass mykje på plate at vi har eit band som ikkje slites så lett. Tipper ingen andre ungar har sunge høgare og med meir innleving "Du er en sheeell-stasjon!!!" (Også kjend som "Du er en sensasjon" for dei som faktisk kan norsk og høyrer etter på tekstane). Vel, Jahn, det kunne vore du og eg, men beklager - både hjartet og gena mine høyrer til ein John. Men gratulerer med overstått! Du er ikkje så verst du heller!
mandag, oktober 12, 2009
torsdag, oktober 08, 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)