tirsdag, mai 30, 2006
Da får vi bare sei baibaibaibeibibeibibeibigodbai, for no stikke vi til syden. Og blir brune. Og lekre. Og drikke oss litt småbrisne. Og sånt.
Eg sitera Cecil: Hade på badet, dåkkar bleike sjokoladar. I måren e vi blitt kokesjokoladar!
Og vi har fortjent det! Men det har jammen alle de andre også! *Vinkarogviftarmedlommetørkleogtørkareitåreforviviljosavnedykkallesaman*
lørdag, mai 27, 2006
fredag, mai 26, 2006
tirsdag, mai 23, 2006
mandag, mai 22, 2006
Eg har mottatt tydelege signal på at oppdateringshyppigheten min ikkje er bra nok. Så då får eg skrive litt, så folk blir litt mindre hissige.
Har hatt ei kjemperolig helg, lenge sidan sist, så det kjendes veldig godt. På fredag fekk vi besøk av Heidi og Maja *jippiiii*!!!! Måtte dessverre jobbe tidligvakt på sentralbordet på lørdag, så eg fekk ikkje leika med dei på dagen. Det vart desto meir leiking på ettermiddagen og i går. Det er så kjekt no når Maja har blitt så stor. Ho lærer seg nye triks kvar dag, flørtar noko heilt vannvittig med oss, tullar og fjasar seg. Utrulig underhaldning å sjå på når det lille folket der et middag. Kor mykje plass er det egentlig i ein så liten mage? (Her bør det kanskje nevnast at ein god del havnar på golvet, i håret, på mamma, tanter og besteforeldre også)
Dei skal vere her heilt til neste lørdag, det er berre så luksus å vere alle tre søstrene saman og det lille fjonet som ein ekstra bonus.
I går såg vi "Little women", Marte, Heidi og eg. Utrulig søt film, veldig jentete såklart. Og jammen grein vi noke heilt forferdelig når den eine søstra døydde. Faktisk grein vi enda litt meir berre på grunnn av det når rulleteksten gjekk, berre fordi det er så grusomt. Søstre skal ikkje akkurat dø, det er jo noko alle veit.
Då kjende eg meg litt som den gongen eg såg "Titanic" på kino. Annemi og eg gjekk med nokre gutar trur eg, huskar ikkje kven. Dei heldt seg iallefall litt på avstand då filmen var slutt og Anne Mari og eg framleis grein som to små fossefall på veg ut av kinoen. Bevares, det tar på med grusomme skjebnar.
fredag, mai 19, 2006
onsdag, mai 17, 2006
mandag, mai 15, 2006
*Draumehelg*
Ofte, når eg skal skrive her, og iallefall no når eg skal fortelle om bra ting - får eg prestasjonsangst og vert redd for at eg skal øydelegge det. At eg ikkje greier å formidle det bra nok, så fint og kjekt som det var. Men eg hoppar i det. Vi har vore på Balejazz.
Sasi sit på kameraet med biletbevisa, så eg skal heller prøve å vise dykk korleis bileta frå helga ser ut i mitt hovud:
1. Eg, glad, ankjem Vadheim. Der er jentene!
2. Grusveg til huset ved sjøen, under høge tre. I helga er det berre vårt!
3. Vill Trine er frå seg av begeistring for kor magisk barndomsheim Kotsasi har. Marokkanske lysekroner, digre vindu, Hinduistiske gudar og lysslynger på kjøkkenveggen, kunst og krimskrams overalt, mørk-turkis badevegg, doble svingdører til stova. Vil flytte hit!
4. Samling under kjøkkenlampa. Fin miks av jenter, gulrøtter, dip, agurk, chips, obligatorisk vin og øl, skvalder og latter. Her blir vi lenge.
5. Hektisk. Bussen går snart. "Har nokon rød leppestift?". "Sjølvsagt". Kvaslags sko, topp, bukse, hår - glatt eller krøllete - alt dette går knirkefritt og vi rekk bussen med glans.
6. Bussen. Thomas - gutt som var utrulig straight på vidaregåande - eg får sjå bilde på minibankkortet. No har han funne seg sjølv og fått langt hår og store hol på knea. På buksa, altså. Han skal videre, vi vinkar frå Balestrand Kai.
7. Lobbyen på Kvikne Hotell. Vi minglar. Og drikk øl.
8. Natthuset. Konsert med Minor Majority. Trine gret til fin song og må få det ned på papiret. Dette vil seinare vise seg å vere ein slags god og lur ting å gjere.
9. Vi irriterar oss over dum jente med teit navn som gjer svært mykje ut av seg på fremste rad. Eg får lyst å sei kva ho heiter her, men tør ikkje her. Så eg seier det inni meg og ler høgt.
10. Konserten er slutt, vi er tilbake i lobbyen. For det er liksom utestaden i Balestrand.
11. Valdsamt overfall av berusa Haugesundsjente. "Kjeresten min og eg har såtte og sitt på deg, og me syns du e bare så kule i stilen. Så e du stylist ellar?". Klart eg er stylist, freelance. Kjærasten hennar jobbar med popstjerner, og eg melder meg sjølvsagt klar for oppdrag - any time.
12. Sasi og Jeanette blir forvirra, men spelar glatt med i det Haugesundsjenta helsar på dei og meiner at "Trine e bare såå flink å staila dåkkar. Så kule dåkkår e på hååret, hu e så flink å klippa". Joda, Sasi og Netti e godt fornøgde med klippen.
13.
14.
15.
På desse tre blandar vi oss med dei lokale, og får vite kven som er skilde, kven som er utru med kven, korleis det står til på garden, med jobben, med kjærleiken til diverse utvalde Balestrendingar. Eller er det vi som vert utvalde av dei, kanskje.
Eg merkar at dette kan ta tid. Kanskje eg skal gjere det annleis.
Blir nødt å hoppe over nokon av bileta. Det er alltid nokon ein ikkje kan vise til alle. Men om de masar, får de sjølvsagt sjå dei likevel.
Uansett, eg gjorde meg mystisk. Litt mindre mystisk. Snakka i telefon og så var det lørdag.
Sasi var i 100årsdag, Jeanette på lunch med svigerfamilien, så eg koste meg aleine et par timar i huset. Dusja og kjørte til Balis og henta Jean med rullar i håret. Vi hoppa galant over middagen, rocka til Kaizers - sikkert til ingens overrasking.
Eit stykke uti kvelden og glaset, kom ei sjokkert Sasi på at ho hadde jo ikkje gitt oss omvisning i hagen! Så det måtte vi absolutt gjere noko med. Kotasi med sine lange bein, dro likegodt på seg ei diger dunjakke, mannetøfla, og ellers kun ein strømpix - eit fantastisk syn. Eg kun iført krøllar og termodress, klar som ei fele. Jeanette var fotograf, svært engasjert. Så vi fekk sjå hagen frå alle vinklar, prøvd ut disser og akebrett, smakt på ikkje akkurat ferdige rips og solbær, sett oppi komposten ("Ææææsj, sjå den ekle billa!!" "Hei, biiiiille!"), sprella rundt på graset, så gjekk vi inn igjen.
Kvelden gikk så fort, plutselig var både konsert og alt mulig slutt. Vi fann ut at det var kjempelurt å bade når vi kom heim, så det var flaks vi brukte så lang tid på å komme oss heim at vi hadde gløymt det når vi kom fram. Vi var "flinke" og takka nei til nachspiel med visstnok verdas beste kontrabassist (som også nok heilt klart var den penaste). Sasi såg ei stund svært mørkt på det at det kun fanst ein taxi i Balis, og den fekk ikkje vi tak i. Heilt til ho møtte ein fyr som hadde blitt forlatt av alle vennane sine, og han skulle heilt til Høyanger. Då skal eg sei jenta såg lysare på livet, sidan ho hadde funne nokon som hadde det verre enn oss. Og vips, så kom faktisk drosjen forbi, og vi fekk oss heim som på eit flygande teppe.
Dagen etter var vi slappe. Sat apatiske med pledd i sofaen og såg på eit program om isbjørnen Peace. Som fikk kramper når han måtte vere med andre isbjørnar. Så han slapp det til slutt, og da begynte han endelig å leike og leve livet igjen.
Så var det liksom slutt. Så altfor fort, lik alle fabelaktige og fortryllande ting. Nett som prinsesser på ball - no veit eg ikkje om alt var berre ein draum...:) Vi dro heim i haggelet, eg droppa dei av på Austrheim og dro på middagsbesøk.
Dei hemmelege bileta sendast i oppkrav on request!
onsdag, mai 10, 2006




onsdag, mai 03, 2006
BloggTrine har ikkje vore så aktiv i det siste. Når hovudet mitt har for mykje å tenke på, greier eg ikkje heilt å skrive. Iallefall ikkje her. Så eg tek notatar i hovudet og skriv dei ned med usynlig skrift på tak og veggar når eg eigentleg burde sove.
Eg er trist og synes verda er teit og idiotisk. V vart operert for to veker sidan, og ting går framover med ubemerkelege skritt. Det er vondt å ville hjelpe, men ikkje ha mogelegheit til å gjere noko og det er vondt å vite at han har det forferdeleg og er trist, lei og utslitt av å vere sjuk.
No begynner det å bli vår ute, sola har vore framme meir enn ein gong og mammas herpa kne er eit klart teikn på at hagesesongen er i gong. Det er bra, håpar våren bringer gode nyheter og hjelp på tungsinn både her og der.
Min ikkje heilt lure kropp har endeleg tatt til fornuft og begynt å oppføre seg normalt igjen. Ni veker med innskrumpa lunger, hosting og pust som ein åttiåring har jo også senka humøret mitt nokre hakk. Så no er Marte og eg i gong med både svømming, styrketrening og fjellgeitstil. Planen er å ha ei sprettrumpe som tek pusten frå dei fleste når den skal spankulere på ei tyrkisk strand saman med Cecilie si rumpe om fire veker. (Pappa, dette treng du ikkje å kommentere, okei? Ingen skal sjå på meg, og eg skal egentlig gå med hijab heile veka. Eg skriv dette kun for å tøffe meg for venninnene mine.)
Abonner på:
Innlegg (Atom)