fredag, mai 19, 2006

Kjære Jeanette - Dagen vil komme då du ikkje lenger har eksamen og manglar energi, inspirasjon og lyst til å gjere det du er påkrevd. På akkurat den dagen er det heilt sikkert sol, du har på deg ny sommarkjole og blomar i håret. Alle dine favorittfolk vil vere rundt deg, du har eit jordbær i den eine handa og ein fasjonabel drink, eit vinglas eller ein iskald øl i den andre. Det luktar nyslått gras og grillmat, favorittmusikken din klimprar i bakgrunnen, det fins ingen vepsar i mils omkrins. Skulen er slutt, og du er storfornøgd med karakterane dine. Denne dagen er nærare enn du trur. Hold ut, jente!:)

1 kommentar:

jeanette_s sa...

åååååååhhhhhhhhhhh............. no begynde eg snart å grine! sooo fint!:) tusen takk for oppmuntring! No ska eg holde ut til det siste!:)

du e so snilde du! goe klem!