lørdag, mai 27, 2006

Å, var eg eit ekorn... Då eg var omlag 15, og på mitt mest utforskande i livet, introduserte pappa meg for Joni Mitchell og Joan Baez. Og eg tok i mot, på lik linje med slik eg tok imot både handlesing, drømmetolking, tarotkortspåing og så videre og videre. Eg prøvde vel å finne meg sjøl, eller i det minste finne ut av verdas store mysterier. Pappa greide å frelse meg med Joan sin versjon av Bob Dylans "Don`t think twice, it`s all right". Ho gjer den makelaust, og eg hørte på den døgnet rundt ei stund. Songen har ein fantastisk vakker tekst, og når ho syng den vert den så mykje meir melodiøs enn Bob Dylans "snakkesynging", som eg personlig syns blir litt kjedelig i lengda. Joan Baez hadde eit forhold med Bob Dylan ei stund, men (og dette er ifølge min velopplyste far) kunne rett og slett ikkje vere saman med han, sidan ho meinte at han ikkje var idealistisk nok, og ikkje gjennomførte bodskapen i dei politiske songane sine tilstrekkeleg. For Joan Baez har alltid vore svært engasjert og kjempa for sine meiningar. Ho var sterkt imot vietnamkrigen,kjempar for menneskerettar, ho er ein svoren Amnesty-tilhengar, har alltid stått på for at studentar skal få betre rettar i Amerika, har vore i fengsel fleire gongar på grunn av demonstrasjonar og sunge på utallege støttekonsertar. Som ho sjølv seier: "I could not tell you how boring it would be for me - to give a concert and not have it connected with people's lives and suffering and real issues. There's no music for me outside of that." Grunnen til at eg ville skrive om Joan Baez no, var at eg ramla over ein link om ho på Dagbladet her ein dag. For no bur nemlig dama i eit tre. Og det gjer ho for å støtte eigarane av ein gard som er i fare for å bli nedlagd av myndighetene. Ho og ei anna dame bur oppe i eit tre utanfor garden, på omgang oppå ei pittelita plate, dette i ein alder av 65. Snakk om å stå på for det ein meiner! Skulle ønske eg var idealistisk nok og brant såpass for noko at eg ville bu i eit tre. Eller ville lenke meg til eit eller anna gjerde, eller gå i demonstrasjonstog og rope hissig og engasjert. Forslag mottas med takk! Eg vil vurdere alle nøye!

11 kommentarer:

Solveig sa...

Så flink pappa som introduserte deg for joan og joni :) Jeg har lyst til å synge "aint gonna let nobody turn me around, turn me around, turn me around" mens jeg går ifra støvsugeren og ut på gata, sånn som i Libresse-reklamen!

Trine sa...

Du søte kvinne!!! bra!!!! Joni komme eg aldri over, ho e kvinna i mitt liv. Joan e kanskje litt spes, men ellers også perfekt. Farewell Angelina e så trist og fin!!!

Trine sa...

Ja, gå fra den støvsugeren, den suge!!! rett og slett!

jeanette_s sa...

eg e blitt lenka fast te ein containar, telle det?

Trine sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Trine sa...

Du blei vel lenka fast mot din vilje, så kan ikkje akkurat skryte på deg ein stor dose engasjement... Om ikkje du fant på nåken gode slagord mens du no først hang der, da;)

Trine sa...

Forresten overivrig Trine en smule bedugga midt på natta som har kommentert deg, Solveig. Ikkje la deg skremme:) Og pappaen min e generelt sett ganske flink på musikkting:D

jeanette_s sa...

hmmm... eg fann på slagordet "faen i helvete" men... det telle vel egentlig ikkje... hhih

Solveig sa...

haha, du er søt :)

Sasi sa...

Eg reiste heilt til New York berre for å demonstrere mot irak krigen.

Trine sa...

Det gjorde du jo faktisk.. men trur ikkje det telle å bare tilfeldigvis vere der da..:P