mandag, mai 22, 2006

Eg har mottatt tydelege signal på at oppdateringshyppigheten min ikkje er bra nok. Så då får eg skrive litt, så folk blir litt mindre hissige. Har hatt ei kjemperolig helg, lenge sidan sist, så det kjendes veldig godt. På fredag fekk vi besøk av Heidi og Maja *jippiiii*!!!! Måtte dessverre jobbe tidligvakt på sentralbordet på lørdag, så eg fekk ikkje leika med dei på dagen. Det vart desto meir leiking på ettermiddagen og i går. Det er så kjekt no når Maja har blitt så stor. Ho lærer seg nye triks kvar dag, flørtar noko heilt vannvittig med oss, tullar og fjasar seg. Utrulig underhaldning å sjå på når det lille folket der et middag. Kor mykje plass er det egentlig i ein så liten mage? (Her bør det kanskje nevnast at ein god del havnar på golvet, i håret, på mamma, tanter og besteforeldre også) Dei skal vere her heilt til neste lørdag, det er berre så luksus å vere alle tre søstrene saman og det lille fjonet som ein ekstra bonus. I går såg vi "Little women", Marte, Heidi og eg. Utrulig søt film, veldig jentete såklart. Og jammen grein vi noke heilt forferdelig når den eine søstra døydde. Faktisk grein vi enda litt meir berre på grunnn av det når rulleteksten gjekk, berre fordi det er så grusomt. Søstre skal ikkje akkurat dø, det er jo noko alle veit. Då kjende eg meg litt som den gongen eg såg "Titanic" på kino. Annemi og eg gjekk med nokre gutar trur eg, huskar ikkje kven. Dei heldt seg iallefall litt på avstand då filmen var slutt og Anne Mari og eg framleis grein som to små fossefall på veg ut av kinoen. Bevares, det tar på med grusomme skjebnar.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Nå ha tu fåd en nyh gohmenta'a.. :)

Anne Mari sa...

haha eg trur thomas var med.. kan den andre ha vert Jarle? eg huske ikkje heller. Huske berre at vi gikk inn på doen for å vaske oss og der stod halve kinosalen (som ca va halvparten av alle unge jenter i Förde) og grein i bötter og spann. Stakkars oss tenkte vi då.

Anonym sa...

De va jo mest synd på jack egentlig. for han dødde jo. Men de va vel kanskje jarle, ja. så komisk:D