mandag, mai 15, 2006

*Draumehelg* Ofte, når eg skal skrive her, og iallefall no når eg skal fortelle om bra ting - får eg prestasjonsangst og vert redd for at eg skal øydelegge det. At eg ikkje greier å formidle det bra nok, så fint og kjekt som det var. Men eg hoppar i det. Vi har vore på Balejazz. Sasi sit på kameraet med biletbevisa, så eg skal heller prøve å vise dykk korleis bileta frå helga ser ut i mitt hovud: 1. Eg, glad, ankjem Vadheim. Der er jentene! 2. Grusveg til huset ved sjøen, under høge tre. I helga er det berre vårt! 3. Vill Trine er frå seg av begeistring for kor magisk barndomsheim Kotsasi har. Marokkanske lysekroner, digre vindu, Hinduistiske gudar og lysslynger på kjøkkenveggen, kunst og krimskrams overalt, mørk-turkis badevegg, doble svingdører til stova. Vil flytte hit! 4. Samling under kjøkkenlampa. Fin miks av jenter, gulrøtter, dip, agurk, chips, obligatorisk vin og øl, skvalder og latter. Her blir vi lenge. 5. Hektisk. Bussen går snart. "Har nokon rød leppestift?". "Sjølvsagt". Kvaslags sko, topp, bukse, hår - glatt eller krøllete - alt dette går knirkefritt og vi rekk bussen med glans. 6. Bussen. Thomas - gutt som var utrulig straight på vidaregåande - eg får sjå bilde på minibankkortet. No har han funne seg sjølv og fått langt hår og store hol på knea. På buksa, altså. Han skal videre, vi vinkar frå Balestrand Kai. 7. Lobbyen på Kvikne Hotell. Vi minglar. Og drikk øl. 8. Natthuset. Konsert med Minor Majority. Trine gret til fin song og må få det ned på papiret. Dette vil seinare vise seg å vere ein slags god og lur ting å gjere. 9. Vi irriterar oss over dum jente med teit navn som gjer svært mykje ut av seg på fremste rad. Eg får lyst å sei kva ho heiter her, men tør ikkje her. Så eg seier det inni meg og ler høgt. 10. Konserten er slutt, vi er tilbake i lobbyen. For det er liksom utestaden i Balestrand. 11. Valdsamt overfall av berusa Haugesundsjente. "Kjeresten min og eg har såtte og sitt på deg, og me syns du e bare så kule i stilen. Så e du stylist ellar?". Klart eg er stylist, freelance. Kjærasten hennar jobbar med popstjerner, og eg melder meg sjølvsagt klar for oppdrag - any time. 12. Sasi og Jeanette blir forvirra, men spelar glatt med i det Haugesundsjenta helsar på dei og meiner at "Trine e bare såå flink å staila dåkkar. Så kule dåkkår e på hååret, hu e så flink å klippa". Joda, Sasi og Netti e godt fornøgde med klippen. 13. 14. 15. På desse tre blandar vi oss med dei lokale, og får vite kven som er skilde, kven som er utru med kven, korleis det står til på garden, med jobben, med kjærleiken til diverse utvalde Balestrendingar. Eller er det vi som vert utvalde av dei, kanskje. Eg merkar at dette kan ta tid. Kanskje eg skal gjere det annleis. Blir nødt å hoppe over nokon av bileta. Det er alltid nokon ein ikkje kan vise til alle. Men om de masar, får de sjølvsagt sjå dei likevel. Uansett, eg gjorde meg mystisk. Litt mindre mystisk. Snakka i telefon og så var det lørdag. Sasi var i 100årsdag, Jeanette på lunch med svigerfamilien, så eg koste meg aleine et par timar i huset. Dusja og kjørte til Balis og henta Jean med rullar i håret. Vi hoppa galant over middagen, rocka til Kaizers - sikkert til ingens overrasking. Eit stykke uti kvelden og glaset, kom ei sjokkert Sasi på at ho hadde jo ikkje gitt oss omvisning i hagen! Så det måtte vi absolutt gjere noko med. Kotasi med sine lange bein, dro likegodt på seg ei diger dunjakke, mannetøfla, og ellers kun ein strømpix - eit fantastisk syn. Eg kun iført krøllar og termodress, klar som ei fele. Jeanette var fotograf, svært engasjert. Så vi fekk sjå hagen frå alle vinklar, prøvd ut disser og akebrett, smakt på ikkje akkurat ferdige rips og solbær, sett oppi komposten ("Ææææsj, sjå den ekle billa!!" "Hei, biiiiille!"), sprella rundt på graset, så gjekk vi inn igjen. Kvelden gikk så fort, plutselig var både konsert og alt mulig slutt. Vi fann ut at det var kjempelurt å bade når vi kom heim, så det var flaks vi brukte så lang tid på å komme oss heim at vi hadde gløymt det når vi kom fram. Vi var "flinke" og takka nei til nachspiel med visstnok verdas beste kontrabassist (som også nok heilt klart var den penaste). Sasi såg ei stund svært mørkt på det at det kun fanst ein taxi i Balis, og den fekk ikkje vi tak i. Heilt til ho møtte ein fyr som hadde blitt forlatt av alle vennane sine, og han skulle heilt til Høyanger. Då skal eg sei jenta såg lysare på livet, sidan ho hadde funne nokon som hadde det verre enn oss. Og vips, så kom faktisk drosjen forbi, og vi fekk oss heim som på eit flygande teppe. Dagen etter var vi slappe. Sat apatiske med pledd i sofaen og såg på eit program om isbjørnen Peace. Som fikk kramper når han måtte vere med andre isbjørnar. Så han slapp det til slutt, og da begynte han endelig å leike og leve livet igjen. Så var det liksom slutt. Så altfor fort, lik alle fabelaktige og fortryllande ting. Nett som prinsesser på ball - no veit eg ikkje om alt var berre ein draum...:) Vi dro heim i haggelet, eg droppa dei av på Austrheim og dro på middagsbesøk. Dei hemmelege bileta sendast i oppkrav on request!

6 kommentarer:

jeanette_s sa...

åååååååååååååhhhhhhhhhhhh.....det va so kjekt!!!:):)eg ve t balestrand igjeeeeeeeennnnnnnnnn........uuhhhuuuhhhhuuuhhhhh...

Trine sa...

Eg ooooog!! Buuuhuuuumuuuuuuu! Vil pynte meg og gå me fine sko og ha rød leppestift og hoppe rundt på konsert:(

:):):)

Anonym sa...

Ja takk til hemmelege bilete :D

Monica sa...

Eg forstår at det ikkje berre var eg som har blitt fascinert av Kotsasi sin barndomsheim. Dum jente med teit navn gjer at eg får opp mange bileter i hovudet mitt av Balestrand. Hehe. Thomas ja. Han var ein og. Og at Kotsasi kjenne nokon som er 100 år. Eg gir meg ende over. Så kjekt de har hatt det, eg vil sjå alle bilda :D

Sasi sa...

OOOOOOOOOOO, men det er jo berre å ta turen any time! Eg stille opp med hus og godis. Kanskje får me bada også:)

Trine, det hørtes litt drøyt ut å BERRE gå i termodress..he he

Bilder er på veg inn på pc`en, men nokre Må nok sensurerast..Heilt klart.

Monica! dum jente med teit navn veit du godt kven er. Det er berre å gisse, men stille i hovudet ditt.

Takk for ei superduperhelg!! Eg vil ha meir!!!!!!!

Anonym sa...

ja, eg hadde jo litt meir på enn bare termodress... hehehe. hadde jo hårbøyle og sko;)