onsdag, mai 10, 2006

Åh, hadde så bra helg! Lille fetter-Erik skulle konfirmerast, og då fekk eg samtidig ein gyllen sjanse til å svinge meg i valsen med jentene. Cecilie som i utgangspunktet var ivrig som ei fele, vart sjuk og låg heime med søtti i feber og mandlar på størrelse med appelsiner. Fredag hadde vi cd-brenning, som i ekte flammebrenning, og skumle messer for å komme over visse ekskjærestar (ikkje deg, Ferrins:)). Vi bælja i oss øl og vin, og dro rett på Garage der vi vart kurtiserte av både kvinner og menn. Vi hadde verkeleg hellet med oss, føle heilt klart Jeanette stakk i veg med seieren - ikkje kvar dag ein vert overfalt av kjærleikssjuke jenter! Natta vart sein, og av omsyn til min familie som kanskje les dette, kan eg dessverre ikkje oppgi eksakt legge-meg-tidspunkt, men det gjorde ein smule vondt å vakne klokka ti, smelle på seg bunaden i tjuefem grader og springe rett til kyrkja. Det var uansett ein bra konfirmasjon - min fine familie, god mat, fint ver, og vill gleding til grillings og dillings i parken med babeklubben etterpå. Jean og Synna stilte opp, fantastiske som dei er, og serverte for tante Veslik. Dei var kjempeflinke og svært populære blant både onklar, tanter og bestemor. I parken satt jentene og guten til Synna klare, gode og raude i kinna allereie då eg kom. Stemninga var fantastisk, parken var overlessa av folk, gitargutar i trea - og vi hadde den aller beste plassen. Vi klarte liksom ikkje å rive oss laus, så dei siste som var att i parken var vi, og då måtte sjølvsagt treet prøvast ut. Det var eit veldig fint klatretre som hadde perfekt plass til fire fnisete jenter i dansesko. Resten av kvelden var formidabel, Trine har verkeleg fått sansen for Garage! Vårnatta var vakker, morgonen enda vakrare, og klokka tolv stod Fredrik parat utanfor med sin nye, raude bil og venta på eksen sin. Vi hadde ein superfin dag, fekk sjå det nye huset hans, som var kjempefint! Litt merkelig å sjå alle tinga mine/hans/våre i ein heilt anna setting, men sånn er det no. Vi spiste is på Verftet, dro til gokk på botanisk hage - heilt utrulig idyllisk. Fint å sjå han igjen og bra at vi har det like kjekt sammen framleis, sjøl om vi ikkje er sånn sammen lenger. No er det snart helg igjen, og då skal Balestrand setjast på hovudet. Jean, Kotti og Trine skal på Balejazz og eg meiner å ha hørt ein stad at det skal bli kjempekjekt! Og i dag er det berre tre veker til Cecil og eg vender nasen mot sydlige strok, så om sola skal svikte framover tek vi ikkje så tungt. Godt å ha gode venner og fine ting i vente! (Dei mest oppvakte av dykk vil nok sjå at presis dei same bildene ligg ute på Jeanette sin blogg, men det får berre vere. Eg var nødt å ha med bildebevis på ein fortryllande kveld, og dette var dei eg fekk tak i!)

11 kommentarer:

Sasi sa...

ÅÅh, no vart minna enda bedre og finare. Får ein smule stikk i hjarte når eg tenke på det eg nett la ut i forhold til ditt fine skriv om helga. Men må vite, det var ikkje vondt meint. Gleda meg til helga, då skal eg gjere det godt igjen, ein fin Balestrandsrudttur med ein joddlande Ravi mjøllo sognefjella skulle vel gjere susen:)

Trine sa...

De høres ut som en bombesikker plan;) Eg tok de ikkje så tungt som det kanskje virka, vi må tross alt sjå sanninga i auga - og det hadde jo vert verre om det der var "etter"-bildene du la ut..

jeanette_s sa...

hehe... skule akkurat til å skrive at du hadde knabba mine bilder, men ette ei fin unskyldning på nederste side går det heilt greit at du lånar dei!:)gleda meg te i måra!!

Anonym sa...

Så bra å få helse på Trinemor i den fine byen her i vest..! Blei litt meir tid til det denne gongen! Og eg er verkelig så glad for at Garage byrjar smake - også for deg! Det varmar godt i hjarterota Ü Og kva er vel eigentleg betre enn Sissy Wish bak spakane i DJbua - og elleville jenter som veit og slå seg laus på dansegolvet?!

Til tross for noko pinlege/rare augneblikk (som eg dessverre truleg har stor ære for..) - var det no vel det ein kan kalle ei strålande helg! Gler meg til du kjem att!

klem Ü

Trine sa...

Tja, Velaug, trur nok vi alle hadde kvar våre litt pinlege greier, eg klarte meg jo svæært fint i køen på lørdag for eksempel. Så det må du ikkje bekymre deg over!! :D Så kjekt å leike me deg!!

Anonym sa...

hohoho..det hadde eg nesten gløymt! Du tok det fint da! Dessutan er det høyst sannsynleg at du aldri ser dei 'kø-kameratane' att!
Ü

Trine sa...

Hehe, eg har vel fortrengt det meste, huske bare at eg va glad det var mørkt, så ingen såg kor masse eg rødma.

Anonym sa...

Å, så braaa!!

Har Ferrik fått både ny bil og ny hus? Fytti.

Høres ut som ei herli helg, glede meg til neeeste helg,
I'll spend it with YOU!!!

Trine sa...

jepp, han har fått ny rød bil med lukkopplys, sånn litt rar. og en hus rett bak der du budde på melkeplassen me ann. men eg har jo fått nye solbrille og nye sko og ny bukse og nytt skjørt. så han trenge ikkje tøffe seg fordi;) *tsstststsk*

Trine sa...

Ja, forresten! Spende helg me Heidi min og Majsen min! Da blir de sjæsh og kai dagen lang!!:D

Anonym sa...

.... for ikkje å snakke om jys, botte og e!, e!

Hehe.