tirsdag, mai 23, 2006

Dette innlegget er nok mest for jenter... For ei stund sidan fekk eg den brilliante ideen, at eg skulle prøve voks - det kunne jo umulig vere så skummelt, vondt og avansert som folk vil ha det til. Fann Cold-waxstrips fra Veet og tenkte at det må jo vere såå praktisk, slippe å varme opp på forhånd, ein skulle berre varme dei litt mellom hendene, plassere stripsen der ein ville fjerne hår, trekke det av igjen, og VIPS - hårfri og fantastisk. Det var iallefall det som stod på pakken. Desse vidundergreiene skulle tilogmed virke på kort hår! Litt greit å sleppe å spare i månedsvis på førehand, å måtte gå rundt som ein hårball til slutt, på ein måte. Første forsøk gjekk (som kanskje nokon av dykk forventa) rett i dass. Sidan det ikkje stod på pakken kor lang tid eg skulle la stripsen "henge på" før eg dro den av igjen, turde eg jo ikkje la den vere der så lenge. Eg har jo tross alt hørt skrekkhistorier om jenter som har latt det virke så lenge at det faktisk gror fast. Så eg smelte det på, venta et halvt sekund og dro den elegant av igjen. Endte opp med papiret i handa. Ikkje eit einaste hår forsvant frå leggen min. Det gjorde ikkje voksen heller. Seigt, blått slim som var umogleg å vaske av. Stilig. Og ikkje minst sexy. Eg takka høgare makter då eg oppdaga ein renseserviett oppi pakken, som heldigvis fekk voksen av igjen. Eg reknar med det ikkje akkurat var balsam for huden min, det lukta mystisk ein god miks av whitespirit og vindusspylervæske. Kunne Trine gje seg med dette og innsjå at slaget var tapt, begrave Veet for alltid og innsjå at voksing bør gjerast hos profesjonelle? Niks. Så eg prøvde igjen. Denne gangen lot eg stripsa få tid til å henge seg litt betre fast. Lukka var stor då ingen voks hang igjen på leggen min, og heile fem hår hadde blitt rykka ut med rota. Eg prøvde igjen og då var det nærare ti hår som forsvann. I tillegg til nokre hudflak på 5 x 10 cm. Som det gjorde vondt å miste. Veet kan brenne i helvete.

9 kommentarer:

jeanette_s sa...

hihiih!!!!heilt enig! brenn i helvete brenn i helvete!!!!!!kjekt å sjå at du e bgyndt å skrive igjen!!! det gleda meg!!!!:)

Anonym sa...

Argh...
Hersjens greier!
Eg har gjort erfaring med eit anna Veet produkt, der eg endte opp med oppsvulma hud og raude prikkar i form av små blemmer på begge leggane - og kløe som eg trudde aldri ville gje seg! Det er jo noko slikt etsande stoff i dei kremane, og til tross for at eg raka klisset av meg lang tid innan maksimumsfrista - var det inga nåde!!!
Altså - Prøv heller ikkje dette heime!!

Anonym sa...

Merka meg no, at det gjorde svært godt å kunne ergre seg over noko anna enn eksamen!
Takk for det Trinemor Ü

Trine sa...

Hehe, bare hyggelig, Velaug! Håper det går bra sånn bortsett fra eksamen. Kanskje du er ferdig over helga, så kan vi ta oss en svingom på byen før Cecil og eg vende nasen mot sjuden:)?

Trine sa...

Veet er drit! Mohaha!

Sasi sa...

Veet er verre enn drit! Eg skjønne ikkje at det er lov å selge nåke slikt ubrukelig. For det er det det er, heilt UBRUKELIG!

Monica sa...

Kvifor kan dei produsere dette framleis når så mange menneske veit det ikkje verkar? Eg kjøper det iallefall ikkje!

Trine sa...

Nei, eg kan ikkje fatte det. Kanskje de e her vi bør engasjere oss og klatre i tre! for å få veet til å forsvinne for alltid!

Monica sa...

Eg er med!