onsdag, mai 03, 2006

BloggTrine har ikkje vore så aktiv i det siste. Når hovudet mitt har for mykje å tenke på, greier eg ikkje heilt å skrive. Iallefall ikkje her. Så eg tek notatar i hovudet og skriv dei ned med usynlig skrift på tak og veggar når eg eigentleg burde sove. Eg er trist og synes verda er teit og idiotisk. V vart operert for to veker sidan, og ting går framover med ubemerkelege skritt. Det er vondt å ville hjelpe, men ikkje ha mogelegheit til å gjere noko og det er vondt å vite at han har det forferdeleg og er trist, lei og utslitt av å vere sjuk. No begynner det å bli vår ute, sola har vore framme meir enn ein gong og mammas herpa kne er eit klart teikn på at hagesesongen er i gong. Det er bra, håpar våren bringer gode nyheter og hjelp på tungsinn både her og der. Min ikkje heilt lure kropp har endeleg tatt til fornuft og begynt å oppføre seg normalt igjen. Ni veker med innskrumpa lunger, hosting og pust som ein åttiåring har jo også senka humøret mitt nokre hakk. Så no er Marte og eg i gong med både svømming, styrketrening og fjellgeitstil. Planen er å ha ei sprettrumpe som tek pusten frå dei fleste når den skal spankulere på ei tyrkisk strand saman med Cecilie si rumpe om fire veker. (Pappa, dette treng du ikkje å kommentere, okei? Ingen skal sjå på meg, og eg skal egentlig gå med hijab heile veka. Eg skriv dette kun for å tøffe meg for venninnene mine.)

2 kommentarer:

Sasi sa...

Trine, det er så vanskelig å finne nåke lurt å sei i slike situasjoner. Eg tenker masse på deg og veit du kjem til å klare deg fint. Livet er tungt av og til, forferdelig tungt, men vi kjem oss stort sett igjennom det og det med ei ekstra styrke innabords.

Gler meg til å møte deg, då skal vi kose oss og så kan vi snakke litt alvor om kor drit livet kan vere. *TRØSTEKLEM*

Anonym sa...

Sidan vi snakka i går, kommenterer eg berre det siste avsnittet:

Grinele*hehehhehehe*