I dag kjende eg det nesten som om eg jobba på Chicago Hope. Ein mann fekk hjartestans i kafeen, så ein rabiat sjukepleiar dundra på lukene i sentralbordet. Dei som sat der fekk ikkje svar verken i mottak eller på AMK, så det var like før sjukepleiaren sitt hjarte stoppa også.
Etter ei lita stund fekk sentralborddamene svar allikevel, og et halvt minutt etterpå kom minst femten folk i operasjonsutstyr spurtande gjennom vestibylen med hjartestartar og alt mulig stæsj. Mannen vart redda, og alle vart glade og lukkelege.
For ein dramatisk kvardag!
4 kommentarer:
å herre gud! hesjememin!! og ditta ska du jobbe med??ufff... tynnslitte nerva...
Så fantastisk! På godt og vondt...!
Wow, eg ser for meg deg sitte og vinke til alle som spring forbi. (Slik som du vinka fra bilen...)
Hehe, eg veit ikkje om eg akkurat gjorde dèt, eg blei så paff. Men får eg sjansen igjen, skal eg både vinke og heie:)
Legg inn en kommentar