mandag, juli 24, 2006
Cecilie gjekk bananas i Førde i helga. Det var rapportert om hektisk sjekkaktivitet, høgfrekvent fnising og stort konsum av alkohol. Ho vart obsertvert luskande rundt Lia Turistheim, også kalla Førde Pensjonat i finare kretsar, seint natt til laurdag. Laurdag formiddag vart ho også observert, denne gangen av fullstendig sikre kjelder, med eit fårete glis om munnen idèt ho sette seg inn i ein blå bil av merket Suzuki på ein ikkje namngitt stad i nærleiken av Førde sentrum.
Eg føler dette er noko omgjevnadane har godt av å få vite om, og eg er omlag fullstendig overbevist om at denne kvinna hadde det hakket betre då ho dro enn då ho ankom Førde. Om dette kjem av lykkerusen ein lett får av å omgåast meg ei heil helg, eller andre ytre faktorar eller personAR, må vi rett og slett berre spekulere i.
Uansett - det var ei bra helg:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg føle meg litt uthengt....
Det skulle jo bare mangle!
Gratulerer med dagen;)
Jo takk skal du ha :)
Legg inn en kommentar