mandag, november 21, 2011

Herr og frøken Nilsen

I og med at min oppdragelse har vore styrt ca 50 prosent av ein nordmøring med hang til "gittar" og visesong, har min musikksmak meir eller mindre frivillig blitt påvirka av dette. Det begynte med Lillebjørn, fortsatte med Joan og Joni. Og eg merker at det meste eg virkelig elsker av musikk har ein viss grad av visesong i seg.

Eg holdt på å rødme meg i hel når eg fekk kudos av Lillebjørn Nilsen på ein kommentar eg skreiv om Bert Jansch på Underskog. Og etterkvart som eg har blitt vaksen (?), ser eg kor kloke songer han har skrive. "En himmel full av stjerner" er utrulig forut for si tid, eigentleg. Det er rart å tenke tilbake på søstrene og eg som gaula denne songen som det festligste i verda, også er teksten så stor og alvorlig. Eg begynner å grine av den når eg høyrer den no. Sikkert av ein kombinasjon av nostalgi og ei djupare forståing av teksten. I tillegg til at den vart brukt i samband med Utøya i sommar.

Forresten begynner eg å grine av Knudsen og Ludvigsen også. Melodiane i versa er så triste! Høyr berre på "Kanskje kommer kongen" og "Dum og deilig"(ein høyrer det kun om ein greier å oversjå kam-spelinga). Men trist-fint, akkurat slik eg liker det.

Men det eg egentlig skulle fram til i starten, er at eg har hørt på Siri Nilsen i dag. Og herlighet, ho er flink!  Coveret er forresten tegna av dyktige Sanna, som har tegna det fantastiske bildet vi har på veggen. Siri skriv såre, fine, deilige tekster og har ein stemme av snø og vind og stjerner og alt som er bra. Eg liker "Brev" best. For det passer så fint no i november, når dei har hengt opp julestjernene i gata utan å slå på lyset, og Vegard skulle fylt 30 år, akkurat som eg gjorde. Sjølv om det gjer vondt, og sjølv om eg savner han kanskje enda meir enn eg gjorde før, så veit eg at inne i meg vil han bli like gammel som meg sjølv, kvart år og kvar einaste dag. Om ikkje anna.

har du det fint nå, er du et vakkert sted uten farer?
jeg har blitt stor nå, men skriver fortsatt brev til en som ikke svarer



og disse gatene er dekket av alle dine gamle fotspor
jeg følger etter dem så godt jeg kan
men jeg husker ikke hvor du tro
og jeg har ikke tid til hjertesorg, den må du ta fra meg
for det banker to hjerter i meg nå
det er så mye jeg vil fortelle deg
så mange ting du ikke vet, ubesvarte brev

Eg har lånt bildet og teksten her.

fredag, november 18, 2011

Som ein jet-motor


fyk dagane avgarde. Samtalane mellom kaffidama på hjørnet og meg sjøl handlar utelukkande om vêret og kor fort dagane går. Det kjennes som om det er fredag og mandag kvar dag, heile tida.

Så eg har tenkt tilbake på sommaren, de veit den som aldri kjentes som om den verken kom eller gjekk, som var ei boble med godt, vondt, bittert, søtt og salt. Som var varm og kald, og for andre sommar på rad bada eg ikkje i norsk vatn. I den anledning prøvde eg å sende over bilder for å illustrere min sommar tjue-elleve. Det gjekk ikkje. Mobilen ville ikkje samarbeide. Så eg skriv bildene her, så får de lage dei i hovudet sjølv:

Bilde 1:
Sein-april. Det næraste vi kom sommar, iallefall i forhold til varme og sol. Bergenfest og glede. Latter, venner og vin på taket. Musikk, ballongar og årets einaste nachspiel.

Bilde 2:
Fine kvelder på Legal. Bobler i blodet, fnisete jenter og skribling av pompøse ord på dogg frå varme kroppar på vinduet.

Bilde 3:
Ryggen til Cecilie som skuar utover stranda, høgt oppefrå, på ei klippe på Kypros. Etter tre kvarter surrande rundt som mygg i syltetøyglas fann vi vegen til havet. Og livet kunne ikkje bli bedre.

Bilde 4:
Brodert duk og utdelte kort for ein omgang trippel Idiot på verandaen, også dette på Kypros. Malibu og cola i glasa. Vi er då ikkje gamlisungdom for ingenting, må vite.

Bilde 5:
Tilbake i Bergen. Te, epler, mann og Morgenbladet på frokostbordet. Mannen er forresten ikkje på bordet, men ved sida av.

Bilde 6:
Anne Mari og eg. Arm i arm nedover smaua i byen eg elsker. I shorts, faktisk. Sushi på taket og vin kvar dag! Eg kan lukte ho på pikerommet lenge etter at ho har reist. Ingen lukter så godt som Anne Mari.

Bilde 7:
Maja, Leonard, mamma, pappa og eg på Askøy. Små barnehender sorterer blad frå blåbær på ei rist i hagen. Og den store sjøen vi bada i når vi var små er berre ein dam no. Vatnet er kaldt, men dei finaste ungane i verden dypper både tær og knær nedi likevel. Alle skjell og krabbeklør er skattar.

Bilde 8:
Nathalia og eg, ekstatiske på Rihannakonsert. Røde lepper, dobbel dose vin i plastglas. Og når sexbomba i bikini syng "Redemption song", grin eg auga mine ut for alle dei som ikkje fekk leve lenger enn til slutten av juli i dette året ingen nokonsinne gløymer.

Bilde frå weheartit

fredag, november 11, 2011

Oi. Eg er tretti.

Og ja, bare kall meg patetisk, men her eit par ting eg har hatt glede av i mi første veke som tredveåring:

1. Eg er like gammel som Britney, ergo har eg omtent likt utgangspunkt dersom eg også var koko, hadde barbert av meg håret og alt det der. Og dersom eg hadde hatt like vertøy som henne for retusjering. Det har eg forsåvidt faktisk, i kraft av å bu saman med ein photoshop-ekspert. Eg berre unngår å benytte meg av han (eg tipper han ikkje gidder heller - derav temafest på bursdagen)... Men eg også kan sjå slik ut som tredveåring!
2. Nokre av kundane mine insisterer framleis på at dei vil snakke med "ein voksen" framfor meg på jobb. Eg velger å tru at det betyr at eg ser ut som ein ungdom.

3. Dama på polet ba meg vise leg. Eg burde kanskje i samme slengen opplyse om at eg sa: Seriøst? Eg handler her heile tida, og kjøper altså alle desse boblene i anledning min trettiårsdag i helga. Dama i kassen repliserte: Er det sant? Åh, eg husker når eg fylte tretti... Etter dèt går alt nedover.

TAKK SKAL DU FAEN MEG HA!

4. Jaja.

5. Rester fra bursdag. Sjokolade kvar dag!

6. Og kake!

7. Og vin!

8. Britney.

mandag, oktober 31, 2011

HURRAAAAAA!




Eg erklærer herved bursdagsuka mi for åpna! Søndag blir eg 30 år, og det føles så latterlig at eg ikkje kan forstå det. Men det skal feires!

Bilder lånt herfra.

søndag, oktober 09, 2011

Søndag; eg liker deg.

Bent trossa været og gjekk ut for å kjøpe nybakt brød. Lang frokost med aviser, kaffi og egg er alltid ein slager i min verden. Rød og eg hadde vurdert fjelltur, men ettersom det regna i kryss på vindua mine, sendte eg ho ein sms og sa at eg nekta. Ho var enig. To timer på Dromedar over meir kaffi og gulrotkake med favorittrødhåringen min var ei smart prioritering.

... Og alt dette skjedde når eg var tjueni. Beklager fokuset på tall. Eg veit det ikkje betyr noko.

tirsdag, oktober 04, 2011

Ho gjer det igjen og igjen, ho Maria.

Mena, altså. Ho er ei av desse som berre får det til, og eg beundrer det veldig. Å lage såre, vakre sangar gang på gang, som kjennes ekte og tåredryppande og veldig private uten at ein tenker "no får du gjeee deg", eller som Bent seier; "slutt å syt".

Eg håper det er sant det som sangane og tekstane hennar får meg til å føle, nemlig at ho Maria Mena er ei skikkelig bra dame.

Dette bildet av henne får meg nesten til å dåne, og gir assosiasjonar både til Svanesjøen og Carrie Bradshaw på senga i Paris. Eg lånte det her.

mandag, september 26, 2011

Eg ler meg i hel!

Som kjent har eg statistikk over besøkande per dag, kva slags innlegg som blir mest lest og søkeord som blir brukt for å komme seg hit. Dagens statistikk er den hittil festligste; "Trine Grønseth toppløs". Vel, beklager å skuffe nokon, men om dèt skulle vere interessant må ein sannelig tråle internett for evig.

Dessuten veit eg nok kven syndaren er, sidan vedkommande tydeligvis ikkje har så fancy statistikk på sin blogg, og sikkert skulle teste ut systemet mitt. LENE? Din frekkas!

Takk forresten for superhyggelig og supersurrealistisk bursdagsfeiring i går! Du er dronninga av partyfiksing og alt er tilgitt. Og om du på død og liv vil sjå pupper - versågod, her er Lily Allen sine.

lørdag, september 24, 2011

Jamen, okei!

Den satt godt, den sjuka, rett i lunga. Fytti, for noko drit. Dei litt dumme dagane strak på sofaen gikk liksom ikkje over, og blei etterkvart til seksten dager. Med førti i feber og pust som ein fortsatt røykande KOLS-pasient. Sjøl dobbel penicillinkur ville ikkje ta knekken på det særlig raskt, noko som resulterte i at Palma-turen med jobben som eg hadde gleda meg til i heile år - den gikk i boss. Det var faktisk urettferdig, og veldig, veldig leit. Eg var (heldigvis) såpass slapp og trasig i formen på torsdag da legen min sa "Niks!" at eg bare: "Neivel, whatever". Men søndag da all feber var vekke og kroppen kjentes litt bedre og alle kollegaene mine hadde komt tilbake og tapetserte veggen på facebook med statusoppdateringer om champagne, sol og båttur... Da ville eg bare grine og legge meg ca etter vestlandsrevyen. Men lovnader om ny tur neste år er heldigvis plaster på såret! Da må eg få dobbelt så masse champagne!

Palma var sikkert ikkje spesielt gøy, forresten. Det er så tyypisk å bare skryte på facebook.

fredag, september 09, 2011

Velvelvel,

Te er godt, høst er kos, pledd og sofa stas. Men etter tre dager i horisontal stilling under dyna begynner eg no å få nok.  Eg vil herved erklære neglene mine ferdig lakka, hosten ferdig hosta, kroppen ferdig fryst/svetta og maxgrensa for tedrikking per uke for oppnådd.



fredag, august 26, 2011

Nattevakt.


Eg ser på statistikken at de les bloggen midt på natta. Klokka tre, to og fem. I dag var det to av dykk innom klokka ni. Kven og kvifor? Eg er så nysjerrig! Eg veit kordan de kjem dykk inn, kva slags søkeord som gir vegen hit, men eg veit ikkje kva de vil her. Fortell meg! Da blir eg så glad.

Klokka ni i dag satt eg på Pingvinen og god-mimra med fine, gode Johanna over en-to-tre glass vin. Din tur!

Apropos bildet. Eg veit om mykje vakkert i verda og er så glad for at eg lett lar meg glede og begeistre. Men ingenting sett meg ut i så stor grad som nordlyset. Om Gud fins, trur eg han lagde nordlyset idèt han tok saltomortale av ivrighet etter å ha skapt det akk, så komplsert-fantastiske mennesket. Om nordlyset derimot har mekka seg sjøl, trur eg det er ein fusjon av alt, absolutt alt som er fint og fantastisk i verda. Eg grin som ein unge kvar gong eg ser det. Det er det vakraste som fins, og Jan Teigen kan berre zip it.

PS: Dette innlegget er laga i ørliten alkoholrus, men det betyr på ingen måte at det ikkje kjem frå hjertet likevel.

PS2: Om du aldri har sett nordlyset må vi rett og slett lage nordnorge-ekskursjon og dra på jakt a`la Johanna Lumley pronto!

onsdag, august 24, 2011

Oldemors veranda.

Ein ettermiddag i juli. Skog med lange skuggar til høgre. Hav rett fram. Kaffibord til venstre. "Finstua" rett bak, gjennom døra og forbi Sandersongardinene, framleis ikkje falma etter tretti år. Der står lampa med glassfot og hankar av svanehalser. For 24 år sidan skulle eg trekke ned persienna sidan sola forstyrra Heidi og mitt sitt improvisatoriske og særs ufaglærte pianospel. Teknikken min for å lukke persienna var eksperimentell, i og med at eg har vokst opp i eit persiennelaust hus. Så eg trakk i snora, rygga og kjende panikken bre seg i det eg høyrde eit dunk og eit knas. Lampa låg på golvet. Den eine svanehanken amputert like ved. Eg sprang ned den brattaste trappa i verda og gøymde meg under den medan tårene spruta.

Like etter kom tante Grete listande ned. Tørka tårene mine og kviskra at dette skulle vi fikse. Fem minutt og litt superlim seinare, var lampa like fin. Oldemor satt framleis fornøgd i gyngestolen i nabostua og høyrde på nyhetene.

Alle desse åra og lampa held stand med begge hankane tilsynelatande intakte. Eg stryk framleis over den med fingeren og kjenner det lille hakket i skøyten kvar gong eg er der. Tante G redda dagen og oldemor oppdaga aldri det vel-limte skåret. Trur eg, då.


tirsdag, august 09, 2011

På lørdag

 Var Agent K og Tante T på rek. Det var lenge siden vi hadde sett kvarandre sist, så gjensynet måtte feirast.
Det merka eg nesten heilt til i dag. Og i dag er det tirsdag.

lørdag, juli 30, 2011

Landet mitt. Folka våre.


Vårt og mitt lille land vart rista og forsøkt ødelagt forrige fredag. Den 22. juli 2011 vil aldri forsvinne som ein heilt vanlig dag. Eg var på Kypros. Cecilie og eg satt i skyggen under bartrær og såg utover det klaraste vatnet eg har sett nokonsinne, drakk øl og spiste sandwich med bacon og halloumi da eg fikk ein sms fra Heidi der det stod at nokon hadde prøvd å sprenge statsministeren. Eg såg for meg at nokon hadde kasta ein kinaputt inn vinduet hans. Vi skjønte ingenting. For ingen sprenger bomber i Norge.

Vi hadde planlagt å spise på restauranten vi gjekk forbi på veg til stranda kvar dag seinare den kvelden. Dei siste timane på stranda nevnte vi det med jevne mellomrom; kva kan ha skjedd heime? Eg kjende meg rar i kroppen. I den siste meldinga fra Heidi hadde ho skreve at ho ikkje trudde nokon var drept, men at VG på nett hadde mest om saken. Vi hadde ikkje internett.

Som planlagt gjekk vi for å spise. På restauranten med ein hage full av høner, egg, lime, auberginer og fersken i hagen. Der gamlefar satt i skuggen med ei øl kvar ettermiddag når vi gjekk forbi og sjekka korleis det stod til med egga i redet. Han sa kvar gong at vi skulle få egga i suppe neste morgon. Eg sa: "Noooo!" med tulletrist stemme og vi lo alle tre.

Når vi skulle bestille mat viste det seg at eigaren av restauranten trudde vi var tyske. Då han forstod vi var norske, sa han at det var forferdelig det som hadde skjedd i Oslo, han hadde sett det på nyhetene. Vi snudde oss for å sjå på tv`en bakerst i lokalet. Den viste berre greske såpeseriar. Bent sendte melding der det stod at ein mann i politiuniform hadde angrepe Utøya, at det var masse spekulasjonar og drepte ungdommar. Vi blei numne i kroppen. Ville berre tilbake til hotellet.

Heldigvis hadde vi nrk på rommet, og ettersom vi kom akkurat i tide til å sjå pressekonferanse med Jens Stoltenberg og Storberget etterfulgt av ein ny pressekonferanse på Politihuset, innsåg vi sakte, men sikkert omfanget av det som hadde skjedd heime. Dei meldte om ti drepte på Utøya og sju i regjeringskvartalet. Vi vart lamslåtte. Det var vanskelig å sovne, samtidig som vi var utmatta av varme, sol og sjokk.

Morgonen etter hadde tala på omkomne auka til 84 på Utøya. Åttifire ungdommar skutt på ei øy utan andre rømningsmuligheter enn å svømme i iskaldt vatn. Det var som om hjartet mitt revna. Vi gjekk til stranda omtrent uten å sei eit ord. Og kvar gong eg var i sjøen, tenkte eg på dei som hadde svømt for livet langt der vekke. Heime, i landet mitt.

Det var surrealistisk å tilbringe dei to siste dagane i solsteiken på ei gresk strand, medan morgonane og kveldane vart tilbragt grinande foran tv med hjerteskjærande, norske nyheter.

Mandag kom og vi skulle heim. Vi fekk aviser på flyet tilbake. Mellom taxfreeposer og skrikande ungar, med skjelvande, brune hender las vi historier frå øya. Det hadde faktisk skjedd.

Vi landa på Flesland klokka ti på kvelden. Den første meldinga eg fekk når eg slo på telefonen, var frå Linn, som lurte på om vi ville vere med i rosetog. Eg såg for meg eit tog på størrelse med det på allehelgensaften, og skulle ønske eg kunne ha vore der.

Nyhetene på tv når eg kom heim var overveldande. Mengden menneske i lys- og rosetog over heile landet var ubegripelig rørande. At så mange menneske samla seg i sorg og støtte var like overveldande som angrepa var grusomme. Stolte, uredde, hand i hand gjekk hundretusenvis av folk ut i gatene ein skulle tru ville vere folketomme og prega av redsle. Barack Obama sa han aldri hadde sett liknande og at Norge i den samanheng var det største landet i verda. At det var nettopp han som sa det, er likegyldig. Men at det blei sagt, og at verda såg oss og var overraska, støttande og imponerte, det er viktig. Det gjorde meg så stolt.

Eg syns det er vanskelig å skrive noko om dette, på mange måter føler eg at eg ikkje har rett til å føle noko rundt det. Men no har eg gjort det likevel. Eg er ufattelig heldig som ikkje på nokon måte har mulighet til å forstå smertene og traumene til dei som opplevde 22. juli på Utøya. Men det hindrer meg ikkje i å føle med dei som var der, dei som har mista nokon, på dei som enda ikkje har blitt funne, og på alle dei som bidro på ein eller annan måte. Alle dei som er tvungne til å fortsette å leve, sjølv om det er det vanskeligste dei kjem til å måtte gjere nokonsinne.

Eg er stolt av landet mitt, og så ufattelig glad for å vere ein del av eit folk som snur noko grusomt til det beste dei kan, uansett kor vanskelig og tungt det er. Noko betre enn hat og krig. Fred og kjærleik.

mandag, juli 11, 2011

Kaffe? Te?

Mens eg desperat venter og teller ned til ferie og hav så langt auget kan sjå, begynner eg som vanlig å lengte litt etter mørke kvelder, haust i lufta og knasande lauv under skoa. Og seine oktoberaftener med te i koppen. Bent sendte meg ein link med årets vakraste koppar, og sjølv om eg foretrekk koppar med hank hadde eg takka ja, tusen takk! til å ha ein slik skatt å supe av. Har de nokonsinne sett finare?
Sjå fleire her!

torsdag, juli 07, 2011

Sadness is a blessing
Sadness is a pearl
Sadness is my boyfriend
Oh, sadness, I`m your girl

Denne sommaren har vert merkelig. Eg har trudd den har vore like rundt hjørnet konstant. Det var eigentlig mest sommar i april under Bergenfest. Etter det har været operert med eit fiffig reknestykke der ein soldag er lik ti påfølgande regndagar. På langt nær herlig frekt. Berre frekt.

Eg har tenkt mykje på sommaren 2006. Det var ein spesiell sommar. Eg budde heime, jobba på sjukehuset om dagane og var med Molly om ettermiddagane. Det var sol, og vi var på Langeland og bada omtrent kvar dag. Spiste After Eight-kuler og fylte NAF-boka i mamma sitt hanskerom med tomt godtepapir og syns vi var kjempemorsomme. Vi var forelska, hadde kjærlighetssorg og sommarfuglar i magen, alt om ein annan. Såg Six Feet Under om kveldane. Det var i det heile tatt ein sommar der ting gjekk for fort, for sakte, bakover, rett fram og i alle retningar. Med soundtrack av Death Cab For Cutie, Imogen Heap, The Shins, Regina Spektor og Laleh. Vi hadde nedrulla vindu i bilen, vind i håret og sang "your love is gonna drown" igjen og igjen.  Eg følte meg veldig stor, veldig liten, og det var Vegard sin siste sommar.

I dag etter hundre meldingar fram og tilbake med Molly på facebook, sendte ho meg Laleh sin "Live tomorrow" og eg måtte berre høyre gjennom alle songane fra min 25. sommer og påfølgande haust. Denne blei spilt omtrent i hel. Vegard er mitt tre som framleis er grønt i november. Versågod, høyr her!

Laleh, November

søndag, juni 12, 2011

Å, kom vi sover över


Eg har voldsom hangup på Veronica Maggio om dagen. Magisk fin, deilig, trist-fin pop medan ein ventar på sommaren. Dei seier i avisa at den kjem i morgon, neste veke, at den har komt. Men dei lyg. Eg har ikkje gått barføtt enda, og heller ikkje svømt i verken hav eller vatn. Og inntil eg har det, er det framleis vår.

Bent er i Sverige for å fotografere Hansen sin haustkolleksjon (eller treffe Veronica Maggio?) og eg har hatt familien Grielsen på middag etterfulgt av is og yatzy. Eg mistenker at Maja kan bli ein skarp konkurrent i framtida. Ho gruste oss alle, og eg husker mine egne seks år gamle fingre som telte prikkar og hadde ein skjelvande angstball i magen, eg hater framleis å tape. Ein is-høg Leonard var litt mindre interessert, men desto meir engasjert dei gongane han gadd å trille: "Eg vant, eg vant, hurraaaa!" Stas med besøk av yndlingsungane med foreldre på ein slapp søndag.

No ser eg på klokka og teller ned til mannen skal komme heim igjen, så vi kan ha fri saman i morgon og sole oss i parken. Det er lov å håpe!

Her er litt av yndlingssangen min fra Satan i gatan.

Jag är for full
Du är för ung
Jag ser dig prata men hör inte et dugg
Letar mig ut
Blinkande ljus
Andas, andas, allting snurrar rundt

De stänger men ingen bryr sig
Blir blind när alla lamper lyser
Mm, det här är värt att dö för
Jag tror mitt hjärta blöder

Jag er så svag
ger dig en kram
Jag ser dig ringa men har inget val
Vi går på rad
Sotiga barn
Barfota føtter gennom hela stan

torsdag, juni 02, 2011

Altså, no kjem de til å bli sjokkerte,

for eg skriv mitt andre innlegg på ein og samme dag! Eg ser nemlig at eg har fleire besøkande om dagen, noko som faktisk sjokkerer meg litt i og med at det skjer lite her. Og eg er jo her for your entertainment!

Eg har jo vore heime aleine i nesten tre veker og har hatt mykje fritid. Spesielt sidan det har regna, regna, regna og regna. Ingen som bur i Bergen kan ha klart å oversjå akkurat dèt. Men eg veit ikkje kva eg har gjort desse vekene, egentlig. Eg har iallefall merka at Bent kanskje er flinkare enn meg til å tømme oppvaskmaskina. For eg føler eg har tømt den tusen ganger og får narkolepsi av kjedsomhet kvar gong. Så eg har konkludert med at det faktisk er gøyare å vaske opp sjøl. Ellers har eg fått bekrefta at det ikkje er lurt å springe ned trappa med høge hæler etter å ha sett fyrverkeri 17. mai med tretten glass bobler innabords. Blåmerkene er borte no, men det var ein fin hyllest til nasjonaldagen å sjå ut som eit norsk flagg over heile underkroppen.

Ellers har eg vore relativt flink til å trene og drikke meir vin. Mulig vinninga gjekk litt opp i spinninga. Eg har jobba mykje. Innsett at om folk heiter "Plage" til etternavn (det er sant!), så er det ein god grunn til akkurat dèt. Kjære fru Plage, om du les dette: Det er heilt greit at du held deg i Ytre Arna.

Eg har skrive fleire barnedikt. Av alle ting.

Hatt besøk av mamma og pappa i anledning Rune sin disputas. Vi koste oss veldig og Rune gjennomførte disputasen strålande og vi var superstolte. Eg fekk ikkje tid til å lese heile avhandlinga hans før Bent kom heim. Det gjorde han nemlig i går, og det var godt å ligge inntil ein kropp igjen og ikkje berre reserveputa.

I morgon skal vi til Sogn for å feire 40-årsdag. Det gleder eg meg til! Vi skal kjøre verdens minste bil dit, og eg regner med det blir sol og glede!

Det er sikkert nokon som syns det er sjarmerande at det regner i Bergen heile jævla mai. Men nok er nok, Per Kokk!

Eg kan ikkje bake.

Forrige gang eg prøvde var til bursdagen min i november. Bent syns eg hadde lagd "fantastiske biscotti". Problemet var at eg hadde prøvd å lage brownies. Og at det smakte biscotti hadde kun vert bra om det faktisk var det eg hadde meint å bake.

Sjokoladekaka til Molly sin bursdag var heller ingen stor suksess, da eg langt uti røre-mekkinga oppdaga at eg skulle bruke ei form på 15 cm - noko som eg vil påstå er ein vits av ei "kakestørrelse". Ingen normale mennesker eig vel ei femten centimeter stor kakeform uansett. Vel. Eg putta røra i den minste formen eg eig, og resultatet blei deretter. Søstrene og eg skulle ut og spise tapas først, og eg hadde altså eplekjekt tatt på meg å bake kake. Vi tok med oss kake fra Deli de Luca på veg heim, og søstrene mine holdt på å le seg i hel når dei såg den miserable kuruke-kaka som låg på disken på kjøkkenet. Jaja. Eg trøster meg sjølv med at mine siste og totalt katastrofale bake-prosjekt kom fra samme bakebok. Det er sikkert noko feil med oppskriftene.

Fint bilde? Eg elsker det! Sjå meir her:
http://www.jacobsutton.com

søndag, mai 15, 2011

Har du sett!

Eg har lenge lurt på om appelsinhud er eit nymotens fenomen, eit produkt av verda og maten vi lever i og av. Alt var jo bedre før. Og damer på bilder fra tida før photoshop og retusjering ser alltid ut som om dei er laga av porselen og marsipan. Men sjå kva eg kom over i dag: Jayne Mansfield, et av verdens største sexsymbol - ho har det! Så no kan eg legge meg.