fredag, mars 20, 2009

Kvar er tjeneren min? Altså, no når eg først er i gang. Nettopp, når eg skulle inn igjen på bloggen min, fekk eg beskjed om at sida ikkje kunne visast fordi sida sin tjener var opptatt. - Har eg min eigen tjenar? Kvifor har ingen fortalt med dèt? Og kva i helvete dreiv ho med i stad, når eg trengte henne som mest? Når eg får kloa i tjeneren min, skal ho få passet påskrive.
Middag I dag skulle eg vere flink make og lage middag til min kjære. Han dro på jobb før åtte i dag morges og har hatt lang dag. Konklusjon; Synd i mann = Mann få middag. Etter ein halvtimes research i diverse kokebøker, var planen klar. Magen også, forsåvidt. Så eg tok på meg jakka og skulle gå for å handle. På veg ut fekk eg sms fra Bent. Dei hadde framleis ikkje begynt på det siste bildet, og han var to timar unna. Ergo, ville han ikkje vere heime før ti i kveld. Konklusjon; Middag = Marsipanbrød.
Å, herlighet - Vi var så aldeles heldige å få billettar til Anthony & the Johnsons sist søndag. Det var mirakuløst. For ein fantastisk, rar og vidundelig mann. Eg har framleis gåsehud i håret og langt inni sjela.

søndag, mars 15, 2009

No skal vi sjå. Om eg framleis greier blogge Etter over eitt år. Har eg framleis eit såpass interessant liv at det kan skrivast om det? Ved nærare ettertanke har eg vel som oftast skrive om det, uansett kor uinteressant kvardag eg har. På over eitt år - har eg lært noko nytt? Har det skjedd noko? Lat meg lage ei liste. Dette har skjedd: - Eg har fått ny nevø, som no er over eitt år og kan sei Hei i ein dørstoppar, når han lét som den er ein mobiltelefon. - Eg har blitt sambuar. Dette var stort, etterlengta og veldig gøy. - Eg har blitt sjef - plutselig, intenst og hektisk. - Eg har fått langt hår, klippa lugg, angra, spart den ut igjen, klippa lugg, angra igjen. No får eg den snart i hestehalen, så alt er klart for ein sommar utan svett panne. - Eg har gifte bort Anne Mari, vore i Göteborg, Helsingborg, København, Valdres og Praha. - Til sommaren skal eg til New York - eit resultat av ein overveldande premie eg vart tildelt under forrige jobbsamling. Dette var berre eit assortert utdrag. Det har strengt tatt skjedd ein heil del meir. Dette har eg lært: - At kvardagar er deilige, sjølv om dei kan sjå kjedelige ut, både nært og på avstand. - Nokre jenter kjem aldri til å innsjå at dei ikkje skal bruke hudfarga strømpebukse. Det må eg berre lære meg å leve med. - Eg kan være både streng og sint, utan at verda går under og folk vender ryggen til meg. Dei vert berre lettare sjokkert til å begynne med. - Det er visst på tide å kjøpe steinvaska jeans igjen. Eg kjem til å nekte ei god stund til. Når eg til slutt ikkje greier la vere lenger, kjem ei viss storesyster til å le så ho tisser på seg om ho nokongong oppdager dette. Ein mjuk start. Eg skal begynne å blogge igjen. Eg gler meg allereie.

fredag, mars 07, 2008

http://youtube.com/watch?v=p9BoxrnoU78 Alicia Keys, gå heim med deg. Rar var du på håret også. Venleg helsing stolt storesyster.

fredag, februar 01, 2008

VI LIKAR IKKJE, SOM I OVERHOOOODET IKKJE! ELLER; NOT IN HELL OM VI LIKAR: Klovnar. Det får oss til å grine av skrekk og blø ut ørene. Det er sant. Å gå over overgangsfeltet der med lysverket. Det utgår. Vi kan komme på opptil fleire folk vi ikkje likar. Men herlighet, da. Vi kan ikkje publisere det. Eller, vi likar ikkje Pia Haraldsen. Og sånne. Folk. Folk som tar oss i fjeset. Det er relativt ubehagelig. For å ikkje overdrive i det heile tatt. Rød likar ikkje folk som jukkar ho oppetter låret. Brun opplever ikkje det så ofte, men kan tenke seg at ho heller ikkje har det på topp-3. Brun har såvisst også dette problemet, men har visst fortrengt det. Vi likar visst ikkje å jobbe i butikk. Ups, uflaks. Jenter og guttar med kvite bukser. Eller med høgt liv. Eller for lavt. Altså som at livet er på knea. Cameltoe bør unngåast, på det sterkaste. Snakepants. Nytt ord, tolk det som du vil, vi likar det illefall ikkje. Jenter som snakkar høgt, og guttar som mumlar. Violet Bingo. Vi veit ikkje kva det er, men kan lett merke at det utgååår! Brun likar ikkje støv. Og rød likar ikkje støv utanpå hodet. Dei er enige om begge delar. Den klovnen altså, vi likar den så veldig ikkje. Skumle klovnen!! Folk som syng på seg sjøl. Jenter i truse med tutrompe som absolutt på toske seg. Dette får holde, vi har jo ei generell positiv innstilling til livet sånt generelt. Bare tvil, men det er sant, det også. Rød likar forresten baderingar bare sånn av og til.
RØD OG BRUN, VI LIKAR DETTE, KOLON Nyvaska sengetøy Vin Kvarandre. Men vi er altså ikkje kjærestar, som nokon under tre år vil påstå. Arcade fire. Veldig godt. Å grine. Meir enn middels. Tjukkesokkar. Morrissey. Maten på sintekjellaren. Men vi likar ikkje sintekjellaren. Dette kan fort bli eit problem. Og dilemma, ikkje minst. Vi likar tynne og skranglete gutar, men det seier vi ikkje høgt. Alt mulig, herlighet. Dansk. Det likar vi skikkelig masse. Starinlys. Puter og pledd, og det skammar vi oss ikkje over å sei. Gaveinnpakning. Det er kun ein av oss som likar det. Den andre likar det ikkje i det heile tatt, og lagar berre trøbbel når den andre legg sjela si i å få det fint. Helvete, altså. Vi likar ikkje helvelte, det hørte til det ovanfor. Lys og lyd og karaoke. Minus karaoke. Nokon av oss likar karaoke også, forresten. Folk med skjegg! Helst menn. Lasagne! Åh! Avokadosalat. Med mest avokado, og om det ABSOLUTT må vere meir i den, så okeida. Det er ikkje lov å sei det heller, men brun likar Britney. Også øl. Og melk. French fries. Mandelstang. Monolit. Gamlissnop generelt. For rødtopp likar til og med mokkabønner. Brun likar å klippe håret til rød. No kom vi på at det er ein del vi ikkje likar, så vi må lage liste over det også. Snakas!

mandag, januar 07, 2008

HERREMINHATT OG DRA TIL SJØSS Vi hadde vel alle våre meir eller mindre vellukka batikk-eksperiment på ungdomsskulen. Hedda, for eksempel, hadde sikkert ein heil garderobe full av heimebatikkerte klede. Eg heiv meg også på karusellen og mekka ei lilla t-skjorte frå UNO med fiffig kvitt splætt-mønster. Batikken var overalt der ei stund, til og med mongo-Willy fekk med seg trenden og investerte i ein batikk-sarong i gåve til meg då han var på sydenferie. Denne spikra eg med stor iver opp i taket i mitt akk så alternative pikerom den gongen. Om ikkje dèt var nok, var mitt aller største ønske til femtenårsdagen ein brun sarong frå Fellini (den mest innovative klesbutikken i Førde på den tida, no ein "redd-meg-eg-er-tjukk"-butikk) med batikkflekkar i dei mest diffuse fargar. Til mi store entusiasme fekk eg den, tidleg ein iskald november, og valsa stolt rundt i den, herleg frekt matcha med pologenser og støvlettar med altfor kraftig såle. No observerer eg til mi store skrekk at batikk er i vinden igjen. Kva skjer med jorda!? Om ikkje den globale oppvarminga var skummel nok! Fanden heller.

onsdag, desember 26, 2007



Herr og Fru Grønseth på jakt (på kvar sine vis) etter "den forsvunne" julegaven frå Heidi. Etter at eg hadde halvvegs pådratt meg magesår fordi eg trudde
a) Eg hadde gløymt den att i Bergen,
b) Mista den på bussen frå Bergen,
c) Åpna den sjølv,
sa plutseleg pappa: Men æ føle æ har åpna en pakke me alle navnan dæmmes på. Mamma (svært skeptisk): Ja, ka va oppi den då, Joon, hm? KA va oppi den, liksom?...
... då kom eg på kva som faktisk var i pakken, for dei hadde nemlig åpna den..

At ein heilt familie kan bli råka av Alzheimer i løpet av ein julekveld, det trudde eg ikkje var mogeleg.





Alt er som normalt og ved det gamle i Slåttebakkane 70. Bortsett fra at vi mangla ei søster, ein mann, og to smårollingar, som befant seg på sørlandet i år.


Intet nytt i år heller. Marsipanfigurane våre blei like obskjøne som vanlig - kan ikkje serveres til gjester, og bør forøvrig helst holdes borte fra dagslys. Et velkjend triks for å kunne spise alle sjølv! :)

søndag, desember 09, 2007

Det er merkeleg korleis ein knytter tekst og musikk til heile kjensla, lukt, smak og ikkje minst kvar ein hadde tankane og hjartet på det gitte tidspunkt. Dette diktet av Rudolf Nilsen song pappa til meg, medan han akkompagnerte seg sjølv med gitaren – då eg var sytten og heilt knust av kjærleikssorg. Det vippar meg framleis heilt av pinnen. Både på grunn av alle kjenslene det bringer fram – også fordi det er så fint: Jeg hadde sett dig lenge, der du kom for alltid vet jeg det, når du er nær - og hadde tenkt å hilse lett og koldt, fordi jeg ennu har dig altfor kjær. Slik vilde jeg forsvare mig med kulde og også verge deg på samme vis, så alle våre nye drømme skulde som sene blomster visne inn i is. Jeg hadde tenkt.. Men da du stanset med dette hemmelige gode blikk og dette fjerne smil, jeg vet så meget om - da skjønte jeg at planen ikke gikk. Jeg tok din hånd og følte fra dens flate et varsomt strøk, det lille kjærtegn, vi bestandig brukte i en folksom gate dengang da ennu intet var borbi Men det skal jo nevnast at eg no befinn meg i vinterland, med min kjære og på ingen måte har kjærleikssorg. Vi har det berre fint, speidar etter rev med lommelykt, går tur i skogen og sit inne med teppe over beina og med vin i glaset. Fin-fint!

tirsdag, desember 04, 2007

Eg tenkte å utlevere mine facebook-venner. Sidan ein utleverer seg sjølv der, tek eg det herved litt videre. Skal vi sjå:

Elizabeth saknar nokon, eg veit ikkje kven. Bror skal leige ut ei leilighet, det veit eg allerede, for eg solgte han kirschstenger i går. Even er ferdig - sikkert med eksamen. Gratulerer! Sigrid er lykkelig, Vibeke skal på jobb, Ane har sletta favorittane sine på Mozilla og er forbanna for ho veit ikkje korleis ho fiksar det. Stakkar. Øystein takkar for alle bursdagshelsingane. Eg visste ikkje at han hadde bursdag.

Min far er svært fornøgd, av uvisse årsaker. Skjalg er sikker på usikre ting. Bra for han. Alexander og Joakim er begge tilbake i Bergen, medan Karen er i Oslo. Kristian er full i billettar til festen 2. juledag, det er berre å sende sms om nokon er interesserte. Heidi, stakkar, er sliten som ein sopp. Nathalia er framleis Miss Ugly Finger, men lykkeleg i dag likevel.

Marthe er madly in love with Nepal, Silje koser seg på stranda i Uruguay, Cecilie har dratt til Østerrike, Erik skal feire nyttår i Paris og Aleksander er på veg til Gran Canaria. Det er nokon som har det, tydelegvis.

Beate er klar for jul, Oddbjørn et ti kilo mandariner og Daniel er julebruskongen.

Trine derimot, er sjuk og heime frå jobb. Og finn sko ho kan sette på ønskelista.

torsdag, november 22, 2007

TYPISK MEG Å VERE MUTT - Ta ein titt på denne linken: http://vibb.no/Company.asp?CompanyID=9502 Jasså, kjære Nusse, så du har vore innom jobben min "utallige ganger"? Kor mange gonger er dét, eigentleg? Utallig mange, altså? Fleir enn du kan telle? Kor langt kan du telle? KAN du eingong telle? Og kven heiter liksom Nusse? For eit dustenamn. Eg har spurt svært mange (utalleg mange, faktisk) etter at eg fekk vite om denne anmeldinga kva slags ord dei vil beskrive meg med om dei får bruke berre eitt. Ingen sa noko om at eg er særleg mutt. Søte, vakre Nusse - trass i at du har vore innom utallige gonger, har vi aldri sett deg. Men om du kjem innom igjen, skal vi iallefall stå klare med butikksmila våre klistra fast og gje deg all informasjon vi sit inne med av fingerkrokar, rekekrokar, spennstenger, teleskopstenger, vi skal forklare deg korleis viskose vert framstilt, kor mykje bomull krympar, vi skal sei at det er heilt greit at du tek gardinene utav pakken for å sjå nærare på mønsteret og stoffet - du kan til og med få ei trådsnelle med på kjøpet, Nussemussesmusse! Neida, eg er verken snurt eller sur over denne helvetes Nusse. Eg er berre litt mutt. Seriøst, altså.

lørdag, november 03, 2007

Frilaurdag. Dusje til ein vert skrukkete på fingrane, som då ein var liten og nekta å komme opp av badekaret. Det er deilig, det. Og så drikke te medan ein lakkar neglene etterpå. Høyre på Regina. Då får det berre vere at det regnar pinnsvin og ekorn ute.

onsdag, oktober 10, 2007


Vi sov middag, Lille-L og eg. Han sov middag rimelig ofte, egentlig.
Tegn Bent, sa Maja. Så da måtte eg det. Ifølge dei fleste er det rett og slett klin likt.

Kanskje han kan bruke det som sitt neste passbilde.







Heime!

Haust, fred og ro. Gittarspælling, lesing og tegning på golvet. Lenge sidan eg har slappa så godt av ei helg. Eg har ikkje heilt vakna enda, det var så uvant.

søndag, september 30, 2007






Leonard vart fødd, han. Natta etter listeskrivinga. 8. september, på Tante Bitten sin bursdag. Han er så vakker, så liten, like mørk som sin stolte mamma og dermed like stolte storesyster og pappas totale motstykke. Fyrste gongen eg såg han, var det nesten som om eg allereie kjende han frå før, siden han er heilt lik babybildene av Heidi. Svart hår, dei brunaste auga, som ser blankt og klokt og stille på oss kvar gong han er vaken.

Så no har eg to tanteborn, har på mystisk vis nok ein gong blitt overvelda og automatisk fått plass til enda meir kjærleik å dele ut til lille-L. Han er så fin! Eg er så stolt! Neste helg skal vi til Førde alle saman, og eg er einig med mamma i at det vert nesten like kjekt som jul:)

fredag, september 07, 2007

Ny liste - Ting å gjere medan ein ventar på at ein fødsel skal vere over. (For sidan kroppen min er koko og full av sympati-fødselsmerter, er soving heilt klart på lista over ting som utgår) 1. Sjå på detektimen. 2. Starte på Kung-fu-hustle, men slutte midt i, sidan ein ikkje greier å følge med i handlinga. 3. Spinne rundt på H & R sitt nye flossteppe. 4. Vurdere å sjå Six feet under, men innsjå at ein vil verte desto meir emosjonelt forstyrra. 5. Flette alt håret på hovudet med bittesmå fletter kun beståande av tre hårstrå kvar. 6. Ha stor tru på at fletteprosjektet vil få tida til å gå fortare. 7. Innsjå at punkt 5 og 6 var utruleg dårlege punkt og gje opp. 8. Leite etter neglelakk. 9. Innsjå at punkt 8 også var elendig, sidan Heidi ikkje er kjend for å lakke neglene. Ikkje Rune heller, forsåvidt. 10. Skrive i bloggane (som de kan sjå). 11. Vurdere å om-organisere bokhylla. 12. Tenke på om ein skal organisere alfabetisk eller etter farge. 13. Bli enig med seg sjølv om sistnevnte. 14. Drite i heile greia. 15. Ønske at nokon var vakne, nokon som ville syns det er kjekt å snakke med lettare frenetisk jente om søstera sin fødsel i minst fem timar, eller eventuelt til begge sovnar. 16. Sminke seg sjølv så mykje at ein ser ut som ein drag-artist. 17. Fjerne alle spor av punkt 16. 18. Sjekke ut alle jentene på iform.no, og verte sjokkert av at det går an å sjå slik ut og samtidig faktisk vere jente. ...eg kunne fortsatt, men eg reknar med alle har skjønt poenget. Eg ventar, og vert sakte sinnsforvirra undervegs. Kanskje eg skal satse på at punkt 19 vert å legge seg og faktisk greie å sovne!
Tida er inne for nye lister. Har eg hørt. Dei vert ikkje så lange denne gangen. Dei skal vere korte, men aktuelle. Here goes: Utgår: Folk som MÅ sitte vedsiden av meg på bussen og høre på tekno. Høgt Fylleangst/fyllesjuke Håndklestøv i hjernen. Faktisk inne i hjernen, altså Lillebrødre som nektar å komme ut Manglande entusiasme. Generelt Negativitet Regn, særlig type yr, som er eit litt for velkjend fenomen om dagen Stiv nakke Å ta einannan for gitt Å innsjå at fylleangst/fyllesjuke kun er min eigen feil Inngår: Arcade Fire Barn som vert fødde. Spesielt eit barn (du veit sjølv kven du er) Blomar ein finn på gata, ute i september, som ein kan ha i håret Fine folka som eg er frykteleg glad i Haruki Murakami Kashmir Kalde, klare haustdagar. Utan yr Kjæresten (du er også under fine folk) Maja Månadens einaste frilaurdag Stjernehimmelen på Tonsåsen Søster i byen

torsdag, august 30, 2007



Eg fekk kjeft i går, eg. Av ei dame på bussen på veg til jobb.

Hadde snakka med Anne Mari ei stund - om lillebror i Heidi sin mage, som aldri vil komme ut, om menn som kan vere teite iblant (eg seier ikkje at dei ER det, men dei KAN vere), om togprisane til Geilo og diverse. Sidan eg sjølv har irritert meg over folk som prater i mobil på buss, gjerne med utestemme og om dei mest intime detaljar om sitt liv - snakka eg med innestemme og nevnte ingen ord som kunne tråkke folk på tærne (her kunne eg gjerne lagt ved ei liste over kvaslags ord eg meiner, men de greier sikkert tenke dykk til det sjølv).

Iallefall - omlag på Fantoft snur dama i setet foran meg seg og seier: Er du kanskje snart ferdig å snakke i mobilen? Det er nemleg veldig slitsomt å høre på.

K-e-remt. Eg blei paff. Det vert eg alltid når framande folk snakkar til meg på den måten. Som då eg jobba på Living og ei snerpete dame i sekstiåra fekk seg til å seie: "Hør no her, lille venn", (ho sa det med kursivstemme; ikkje snakk til meg med kursivstemme for helvete, eg blir hysterisk) då eg som sant var hevda at ho umogeleg kunne ha fått ei avis frå oss i posten på ein onsdag - spesielt ikkje ei med eit bilde av eit sengesett vi ikkje hadde - når vi sendte ut avisene våre på mandagar. Hennar "lille venn" var eg ikkje, og det var heller ikkje i mi interesse å bli det. Vårt vennskap heldt seg omlag på same nivå, kanskje hakket under, då eg fann ut at avisa hennar var frå Interiørland, og med avmålt stemme ga ho veganvisning og ba henne ha ein strålande dag.

Tilbake til bussdama frå i går. Kva skulle eg gjere? Sei til Anne Mari at eg dessverre ikkje kunne snakke meir, fordi eg ikkje fekk lov av dama foran meg? Niks! Så eg stilte Annemi leiande spørsmål som eg visste ville få henne til å snakke lenge - slik at eg berre kunne sei mhm, å, åja og ja, eg veit det - alt dette med kviskrestemme; helst på innpust.

To stopp seinare gjekk den slitne, slitne dama av. Det var såvidt ho greide få seg utav bussen, så sliten var ho.

Kjære bussdame:
Sidan bussen var stappfull av folk som snakka på alle kantar, er det nesten eit mirakel at du greide sile ut min stemme frå dei andre. Ingenting er i vegen med hørselen din, med andre ord. Det kan du helse og sei til legen din.
Også berre ein liten ting; Dersom Anne Mari hadde vore i bussen, vedsidan av meg, istadenfor i telefonen - då skal eg love deg vi ikkje berre hadde snakka høgare, vi hadde også snakka dobbelt så fort og mest sannsynleg dobbelt så mykje. DÅ skulle du fått kjent på slitne øyre, då! Så tenk gjerne litt på det til neste gong.

Og pappa, eg veit du kjem til å kommentere dette, så eg kjem deg i forkjøpet. JA, eg vart fornærma. Og, jada, eg veit eg er barnsleg. Men herlighet, då.

tirsdag, august 21, 2007

Denne sangen gjer meg så full av sorg og sakn. Eg forstår det aldri, at han er borte. Det er fint, og så forferdeleg, forferdeleg fælt og trist. Men alle songane som får meg til å tenke på deg, Vegard - eg trur du hadde likt det likevel, sjølv om du ikkje er her. I'm wondering if my thoughts of her have ever crossed her thoughts of me and if they're half as clear as mine and if there'll ever be a time for us to journey once again as lovers and as trusted friends what if the best is yet to come and this was only the first part run get a hold of yourself don't worry about the aftermath there is no one after you or on your back there is no one after you but the everyday just can't compete whit the beauty of a polariod where the fairytale endures complete and her eyes are always full of joy like a frozen glimpse of butterflies on a clourized celluloid sky she waves her cheerful last goodbye and begs for me to let passed things slide get a hold of yourself don't worry about the aftermath there is no one after you no one on your back there is no one after you





SOL, TRAPP & CHABLIS:

mandag, august 20, 2007






Vi er i Valdres. På ordentlig ferie denne gongen. Begge har fri.

Det er ein slik ferie der vi ikkje "skal noko". Ingen strand vi må rekke før sola går ned, ingen handlegater (det er riktignok ei på Dokka, men den tel ikkje) og heller ingen turistattraksjonar som må sjåast før dei stenger eller vert angripne av terroristar.

Så det vi gjer er ordentlege ferieting. Slike frå åttitalet. Les bøker - eg held på med mi tredje og frydar meg. Vi går tur med Lyda, på togskinnene eller i skogen. Eg har baka brød, skrapa gammal måling av vinduskarmar og klippa hekk. Bent og Arne har laga trapp ned til vatnet, av digre bjelkar dei har slept frå under dei gamle togskinnene (om nokon vert bekymra for NSB, så er altså skinnene ikkje i bruk lenger...). Bent er så full av gangsperr at han har bestilt rullestol OG rullator, sjølv om Arne meiner det må halde om vi stappar han i ei trillebår. Men eg trur det har vore verdt det likevel. For trappa er så fin at det er rart dei ikkje har overnatta i den. Og den skal innviast med champis før vi drar, har eg hørt.

Ellers har eg fiska litt, utan særleg hell. Eg skylder på den utspjåka transvestitt-sluken eg brukte. Tippe all valdresfisken tenkte: Jeah, right, særlig at det der er ein fisk - og snudde halen til.

Best av alt, nesten; natt til søndag var det stjerneklart her. SÅ fantastisk vakkert. Det er sjeldan og altfor lenge sidan eg har sett stjernene så klart, det er jo så mørkt her, langt oppe på fjellet. Ein slik stjernehimmel gjer meg sug i magen, nett som då mamma si kusine passa Heidi og meg for hundre år sidan, og tok oss med på plenen med lass av pledd over pysjamasane. Det var langt over leggetid og vi måtte sverge på å ikkje fortelle det til mamma. Vi berre låg der lenge, i den kalde haustnatta og betrakta himmelen. Eit par dagar seinare var det visse personar som gjorde ein glipp, og dermed avslørte heile greia. Tippar ingen kan tenke seg til kven det var.

Uansett; i går kveld sat eg på trappa og venta på stjernene igjen. Dei kom ikkje, av logiske årsaker (les: tungt skydekke). Eg skal vente i kveld også, eg, medan eg høyrer på mørkret som er så stille, så stille her. Fytti, det er godt med fri frå byen iblant!

torsdag, august 09, 2007



Eg trudde dei fleste skjønte det, men det er ikkje sikkert dei gjer. Mitt hovud tenkjer ikkje nødvendigvis likt som alle andre sitt hovud. Uansett. Når eg er med Cecilie, når den vesle tigeren er saman med den vesle bjørnen - så er alt fint. Og sjølv om eg skriv med ironisk distanse og sarkasmen kanskje lyser lang veg - vi har det så kjekt, er så glade i kvarandre, ingen vert lei seg sjølv om den eine kallar den andre for "tjukka". Sålenge alt er med kjærleik, er jo alt greit!

Og ein dag skal vi to til Panama!

tirsdag, august 07, 2007

Cecilie og Trine spiser middag, og ser ut på forbipasserande folk: C: Altså, nåken kjærestepar er berre SÅ utrulig like!! T: Mhm. Pause. C: Som du og Bent, for eksempel! Eh-jada.

torsdag, august 02, 2007



Cecilie og Trine ser film:
T: Djises, Natalie er så dritpen, skulle ønske eg såg sånn ut.
C: Eg også.

Pause.

C: ...skulle ønske du såg sånn ut, liksom.

Korleis skal ein tolke dèt, eigentleg?

onsdag, juli 18, 2007


JULI ER BETRE ENN ADVENT -


For no berre ventar eg; på at Heidi skal komme til Bergen, dragande med Maja, lillebror i magen, mannen sin og alle tinga. For dei skal komme hit for å bli. Ikkje for å vere to timar på Flesland medan dei ventar på flyet til Førde, Kristansand eller -sund. Dei skal vere her! I huset sitt, i byen min!

Så ventar eg på at den lille skal komme ut, så eg kan sei hei og sjå om han er lik på Majafjonet eller om han er ein liten knott med svart hår og latinohuden til mor si.

Eg ventar og gledar meg!

I mellomtida selg eg gardiner til prostiuerte, narkomane og andre vanlige menneske. Så leikar eg litt med kjæresten min - i går såg vi verdens fineste film, "Shortbus" - frekk og freidig og nydelig! No skal eg på Dromedar med Kotsasi og Tobias, med tett nase og vått hår. Ikkje sei det til mamma.

torsdag, juni 28, 2007

Eg befinn meg omtrent akkurat her. Det inngaar. Har kun betalt for nett til ca akkurat no. Saa eg maa visst utgaa. Ville berre informere.

torsdag, juni 14, 2007

Frå 30 grader og eit konstant behov for å ligge i lunkent vann og bade i helga - til SNØ, vind og bitande kulde i dag... Gudane i Valdres må vere galne.

onsdag, juni 13, 2007

Herlige Agnete - Bursdagsjenta.


Vi var nemleg i barneselskap, på søndag, i sola. Ordentleg bursdag, med pølser, kake og dei vakraste papptallerkane ein kan tenke seg. Min var fabelaktig, med kattepus - i rosa og sølv, med matchande kopp til. Gutane fekk Batmaneffektar, såklart.

Agnete, niesa til Arne fylte fire år, høgtideleg demonstrert med fire strake fingre i lufta og tommelen gøymd i handa. Den må ho spare til neste år.

Når vi kom var ho sjenert, sa såvidt hei, men sendte stjålne blikk i vår retning då Bent smurte meg med solkrem. Vi forsøkte å få igang ein samtale, men det gjekk mest i einstavingar der ho sprada rundt i handbrodert kjole frå Mexico og heva seg over oss, liksom. Ho visste jo sjølv kor nydeleg ho var.

Plutseleg likevel, etter vi hadde spist og Bent forsvann for ei stund, hadde eg ein hengiven fireåring på sida av meg. Som strauk meg over armane med varme, klissete hender og sa: Du har solkrem på, du. Så hadde vi blitt venner, trengde berre ei pølse i lompe å varme oss opp på. Agnete kjende på håret mitt, konstaterte at det var varmt og glatt, tok på smykket mitt, det var visst veldig fint, så såg vi kvarandre djupt i auga og eg sa ho hadde dei vakraste og lengste augevippene eg hadde sett i mitt liv.

Så sette ho seg på fanget mitt og vi hadde derved medlemskap i kvarandres fanklubb.


Tenk - eg er på ferie. På ein stad der eg kan bade når eg vil, i vatnet som ligg tre meter frå husveggen. Der sola skin, humlene flyr døsne rundt hovuda våre, der salig kaos herjar inni og utanfor huset. Der ting vert leita etter dagen lang; men det gjer ikkje noko, dei får dukke opp når dei gjer det. I eit hus som er så fullt av skattar, at eg kunne vore her i hundrevis av dagar og likevel oppdage nye kvar einaste dag. Eg er på ferie i ei ekte skattekiste, og det er ein fin stad å vere.

søndag, juni 03, 2007


Eg vil her publisere eit av dei aldeles bedårande breva eg fekk av Vegard i gamle dagar. Han var minst like sær som meg når vi gjekk på ungdomsskulen. Deilig å ha nokon å vere i same båt saman med, når ein bobla over av sære tankar og kjende seg som den mest einsame og rare personen i verda. Ikkje rart eg var så glad i han.

Dette brevet fekk eg like før vi skulle på ein svært velorganisert hyttetur til Dvergsdalen, der vi nok - beklager mamma og pappa - fekk det til å høyrest ut som ein tur i regi av Deciding. Eh.. Det var det vel altså ikkje akkurat. Eg føler eg kan lese mellom linjene i dette brevet at Vegard ikkje syns det var så kult at eg skulle dra på rølpistur med alle hunkane i koret. Vel - here it goes:

"Hei Trine.

Eg må sei eg vart imponert over deg. Ja Ja, hyttetur! Det blir sikkert skikkelig morosamt. Men husk å vere forsiktig, og ikkje drikk altfor mykje. For du må jo ha litt kontroll. Nei, eg greier meg fint utan alkohol. Men det betyr ikkje at eg synest det er nullt av dokke å drikke. Eg går ut fra at dokke sjølv veit kor kult det er. Men sjølv likar eg ikkje tanken på å seie og gjer ting eg ikkje har kontroll over. Ja, eg er litt kjedeleg.

Eg gleder meg som ein gris til volleyballturneringa. Vi satsar på ein andreplass. B blir kanskje litt for harde. Eg har utruleg vondt i ryggen i dag, men eg håper eg blir bra til i morgon. Skal du spille?

Blir du med til Oslo i sommar. Kult! Bra du sa ja, det blir kult. Nei, no vart eg kanskje litt vell ivrig, typisk meg. Før blei eg faktisk kalt Ivrige Vegard.

Fy flate så god du var til å massere (eg meinare det). Berre synd du blir så fort sliten. Meir på andre sida altså.

(side 2:)

ANFINN MYKLEBUST

Milevis med stein og sand
store kulper full av slam
Der bur Anfikk Myklebust
I eit hus av raudbrunt rust
Senga hans er full av mus
Doen hans er kremmerhus
Middagen hans består av rotte
Han hadde innsett at han måtte
tvinge i seg rottelår
etter middag gulper Anfinn rottehår
Ingen veit at Anfinn minnest
Ingen vil Anfinn Myklebust minnest

Det var eit flott dikt eg skreiv no, til deg. Versegod. Viste du forresten att når mamma skal på do begynner ho å kneppe opp buksa 10 meter fra dodøra.

Mamma snaut også nasa si, ved middagsbordet. Mamma gjer det litt meir vanskeleg å få ein normal barndomm. Samme med pappa og hans lillefinger pilling i nasa når han ser på tv. Det verste er at DEI klagar på kvifor dei ikkje kunne få normale ungar. Det er jo dei som har gjort oss slik. Helsing Vegard Skaaheim. Fy faen kor snill du er."

Eg kan ikkje sei anna enn at breva frå Vegard er av mine aller mest dyrebare skattar.
Stakkar lille bloggen. Det må vere trist å vere deg om dagen. Eg skal gjere det godt att, sjå - eg har allereie begynt! Eg kan lage ei liste, for eksempel. Over kvifor du så uanstendig og ufortjent har blitt offer for manglande skriving og ekstremt lite merksemd: 1. Facebook (eg veit det, eg er ein fæl og tarveleg svikar, og eg angrar sjølvsagt) 2. Skule (bør heilt klart vere godkjent årsak) 3. Sol (eg skjønar om denne er vanskeleg å svelge. Men kjære skattekiste, jobb litt med saken, er du snill?) 4. Død maskin, bildet forsvann, og ikkje eingong min brilliante supernerd av ein far greier å reparere den (dette er jo ein heilt ekte grunn, faktisk) 5. Kjæreste (Han er komen for å bli - deal with it!) 6. Diverse hotte chicks Alt dette er trass alt det som legger basen for at eg har noko å skrive om her. Så eg reknar med vi allerede har lagt dette bak oss, eller hur, Skattekiste?