søndag, desember 31, 2006
fredag, desember 29, 2006
mandag, desember 25, 2006
søndag, desember 24, 2006
fredag, desember 22, 2006
tirsdag, desember 19, 2006
mandag, desember 18, 2006
torsdag, desember 14, 2006
OG FORRESTEN!!
I går var det Cecilie sin bursdag! Min bie og tiger og karamell blei endelig 25 år og like gammel som meg. Godt å ha nokon i nakken, no når eg går i klasse med nesten berre fjortisskrepper..:) Dagen vart feira på Garage, med en god del øl, trur eg. Sidan eg var på skulen til halv tolv i går kveld, har eg ikkje heilt oversikt. Men som eg bruke å sei; når dialekta til Cecilie begynne å bli heilt annerledes enn til vanlig - da er det på tide å dra heim.
I mårra skal vi heller feire ordentleg, då kan vi få ny dialekt både ho og eg og Velaug. Og danse heilt til vi besvimer.
Vi presenterte den siste oppgava vår i dag, rekkehuset. Gruppa vår har laga modell av huset i målestokk 1:20, med innlagte lys og bittesmå tullemøblar, laga collagar i tonnevis, tegna tekniske belysningsplanar og en drøss med greier - alt dette på litt over ei veke. Eg var veldig fornøgd med denne oppgåva i forhold til den forrige gruppeoppgåva, så det var kjempedeilig å få strålande tilbakemelding frå både læraren vår og resten av klassen.
Deiligst av alt, er at rekkehuset skal vere med i mappeinnleveringa til jul, sammen med den første oppgava - soverommet, som eg også fikk god tilbakemelding på og nesten ikkje må endre på noko. Hurra!
Må vel nesten også nevne at kompaktboligen også skal inn, den oppgava som eg ikkje akkurat er særlig i mål med. Menmen, eg har iallefall ein god del tid å bruke på den.
Og om eg ikkje kjem i mål, og ikkje alt blir perfekt, så blir det nok jul allikevel.
onsdag, desember 13, 2006
mandag, desember 11, 2006
torsdag, desember 07, 2006
onsdag, desember 06, 2006
Ja, kva kan ei kvinne sei? Eg vil iallefall takke Fredrik som ga gode inputs til min ikkje-eksisterande fylleangst i dag tidlig. Det gjorde "godt" å bli mobba og ledd av sånn på morgenkvisten.
Siden Ken blei såpass godt mottatt, har eg bedrive litt research, og han har faktisk si eiga myspace-side. Den kan sjølvsagt fåast, men på vår helts eigen måte: By request only.
Det skal nevnast at han har blitt vennen min. Det skulle bare mangle.
No har eg hengt på skulen heile dagen, bedrive ein god del research og andre kloke, inspirerande og ikkje minst nyttige ting. Og no vil kroppen min berre sove. Og bake brownies etterpå. Deretter sjå på alle dei dårligste tinga som nokon gong er laga på tv.
I den anledning vil eg berre nevne dokumentaren "Naive Norge" i samme slengen. Alle som såg den på mandag vil forstå.
søndag, desember 03, 2006
onsdag, november 22, 2006
mandag, november 06, 2006
søndag, november 05, 2006
tirsdag, oktober 31, 2006
Vi har brukt nesten eitt år på å innsjå og forstå at det er verkeleg, samtidig som vi har håpa, bedt og innstendig prøvd å innbille oss at det kjem til å gå over - tenkt at det ikkje kan stemme.
Men no er det her, nærare og meir verkeleg enn det nokonsinne har vore. Samtidig så mykje meir uverkeleg. Like forbanna urettferdig og meiningslaust. Kva kan ein gjer? Kva kan ein sei? Ingenting.
Men eg er glad eg er heime.
onsdag, oktober 25, 2006
søndag, oktober 22, 2006
Maja venta i vindauget då eg kom. Ho såg på meg ei stund, der eg stod utanfor og vinka, lo og grein. Så smilte ho, eg var både huska og godkjent - hurra! Ei heil helg med min eldste og min nyaste bestevenn, to av dei jentene på jord eg skattar høgast, var terapi og underhaldning eg kan leve på lenge.
Vi har leika, turna, lest bok, Maja klikka fullstendig av Marit Larsen og dansa hyperdans med jublehyl. Vi har spist "bollje" på størrelse med hovudet hennar, som greit vart oppbevart under armen når ho hadde spisepause. Eg har fått fleire av dei berømte "sossane" - svært våte, men akk, så sjarmerande. Vi har kosa masse, verdens beste, varme, lille klump på fanget. Ho insisterte til og med på at eg skulle legge ho - den første som har fått lov bortsett fra Heidi og Rune! I dag bada eg ho før eg dro heim, utruleg kor mykje ein snart-toåring kan le av ei tante med skum i fjeset, og ikkje minst kor mykje ho kan le av å skvette meg klissvåt over alt etterpå.
Eg kan nesten ikkje forstå korleis vi greidde oss utan ho før, og er frå meg av lykke over at ho er komen for å bli.
Når Majsa sov snakka og snakka sustrene, medan vi strikka og spiste snop. Perfekt kombinasjon. Eg har gjort Heidi ør av lengt etter Bergen, eg gleder meg som ein unge til dei kjem attende hit til sommaren! Då vil eg helst leike med dei kvar dag, omtrent:)
I morgon, eller i dag eigentleg, sidan det er natt, har oldemor 101-årsdag! Hurrahurra for veldig gamle og veldig fine oldi! I morgon skal eg til Askøy med finkjole og ballongar og feire!
søndag, oktober 15, 2006

mandag, oktober 09, 2006
Kjære Inge.
Eg angrar litt på at eg var streng med deg her den andre dagen. Tusen hjarteleg for bileta, det gledde mitt stakkars fortumla hjarte å sjå di fagre dotter og meg sjølv dokumentert frå Geilo i august. Og du kan hilse Gerd og takke for post-it-lappen og sei at eg tilgjev dykk alt, spesielt det at cd`en vart liggande så lenge.
Håper alt er greit no, eg lover å aldri meir mase og ikkje komme med nokre frekke kommentarer om fiskekort og liknande neste gong eg kjem på besøk. Om eg framleis er ønska som gjest i huset dykkar, vel å merke.
Varme helsingar frå dykkar favoritt(?)brunette i Bergen.
torsdag, oktober 05, 2006
Kjære Inge. No syns eg at eg har venta svært tolmodig på å få ein cd med bilder i posten. Eg har oppført meg fint så langt, men eg kjenner på meg at eg kan bli rimelig gretten om ikkje eg snart får den. Om planen din var å vente til bursdagen min og så "overraske" meg, så syns eg eigentleg det er ein litt dårlig plan.
Hjarteleg helsing Trine.
PS. Hels Anne Mari.
tirsdag, oktober 03, 2006
mandag, oktober 02, 2006
Eg innrømmer alt; JA, eg skulkar i dag. MEN - vi skulkar fordi læraren vår i dag heldt foredrag i strømlinjeform, vi boblar over av energi og kreativitet og var rett og slett heilt fullstendig nøydde til å rømme frå timen. For å gå på kafe, drikke kakao og jobbe med oppgåva vår. Så vi er eigentleg flinke. Og lure. Og slår to fluer i ein smekk, sidan vi både arbeider og har det koselig og sosialt på samme tid. Ergo - to fluer og ein veps. Herlighet, eg er koko i dag.
mandag, september 25, 2006
Kanskje, ein vakker dag, skal eg legge inn omlag tusen bilder på denne (litt dårlige) bloggen. Da skal vi ha det kjekt, da. For det meste eg har bedrive tida med sidan eg kom til Bergen har faktisk blitt fotodokumentert.
I helga, for eksempel, var vi på James Bond-fest hos søstera til Johanna i klassen min. Ho bur i eit hus som skal rivast om ei stund, så ho kan gjere akkurat det ho vil med kjellaren. Så ho hadde måla 007tegn på veggane, sjakkruter på golvet, glitterspraya veggane og laga bar - proppa full med martini, såklart. Vi skreppene dukka småbrisne opp i diverse tøsete Bondpikeantrekk. Høgt hår, raude lepper og negler, stilettar og korte skjørt. Uklårt kven vi eigentleg skulle forestille, men vi var uansett heilt ubeskriveleg lekre:) Og det var ein veldig gøy fest.
Skal prøve å lure bildene frå kvelden ti meg frå Johanna, så alle kan få sjå. I tillegg skal eg oppdatere oftare i tida som kjem. Eg lovar!
fredag, september 22, 2006
Herlighet, altså. Så mange hissige folk. Eg har visst vore grisedårlig til å oppdatere bloggen i det siste. Kvifor? Tja.
1. Naboen sitt nett har vore sørgelig dårlig i det siste, og sidan naboen sitt nett på ein måte også er mitt nett, ligg eg litt dårlig an.
2. Det skjer mykje. På skulen, sosialt, i huset mitt og i hovudet mitt.
3. Eg har vore sjuk (det er ein god grunn!)
4. Og sånt.
Men no er eg her. Og eg skriv.
Bergen er fin, fytti, eg er så glad for å vere her! Vakre, vene byen. Skulen min er gøy, eg har funne dei beste jentene og gjort dei til mine. Det er perfekt og bra. Vi har det i tillegg heilt pinlig kjekt på skulen, eg føler eigentleg at vi ikkje går på skule, det verkar så ulogisk at alt skal berre vere jippijei.
Og tenk; i slutten av september, og eg går med skjørt og flipflops! Tipper alle turistane er rimeleg sjokkerte - dette er nok ikkje det dei hadde venta. Det hadde vel ikkje vi "fastbuande" heller. Men bevaremegvel kor vi set pris på det likevel!
I dag har eg hatt fri, og vi har hengt i parken heile dagen. Seinare skal vi nok gjere akkurat det ein gong til. Kva anna kan vi gjere i dette deilige, deilige vêret?!
Dette var den eine sida.
Her er den andre.
Eg saknar familien min. Eg saknar vennene mine som er langt unna og som eg sjeldan får treffe. Eg tenker på Vegard, mykje. Så eg søv merkelig for tida av desse og andre grunnar.
Dette er ein merkelig, bittersøt haust. Eg vil nok ikkje gløyme den med det første. Men haustar er til for å merkast og huskast.
torsdag, august 31, 2006
Eg er i hus i Bergen!!! *Jodlejublehurrahurrahurra*
Og vi har så fiiin leilighet!! Alle som kan, må komme på besøk. Snarast! I helga skal vi ha fest, og alle må sjølvsagt komme. Dette gjeld også dei som bur i andre fylke, i utlandet, dei som er gravide og dei som er søstre. Plis!?
Uansett, alt som skjer skal fotodokumenterast og leggast ut på akkurat denne bloggen sporenstreks etterpå:)
fredag, august 25, 2006
lørdag, august 19, 2006





Abonner på:
Innlegg (Atom)