tirsdag, april 25, 2006

Våren skal vere ei bra årstid. Det skal vere sol, ein skal vere forelska, frisk og glede seg til sommaren. Derfor er det blodig urettferdig at det ikkje er slik. Eg går rundt på jobb og tenker. Vil ikkje snakke med nokon. Vil ikkje at ting skal vere som dei er. Eg vil kunne gjere noko for dei eg bryr meg om. Noko anna enn å berre vere der, klar for snakking eller ein klem eller å bare høre musikk og vere stille. Eg vil ha evna til å gjere folk lukkelege, friske, gje dei mogelegheit til å kunne planlegge heile livet sitt, til dei vert åtti år, og faktisk kunne garantere at alt det vil kunne skje - fordi dei har tid. Det burde vere ulovleg at ein 25-åring skal vere så sjuk at han ikkje kan tenke lenger fram enn til hausten. Dette gjer meg så sint, så trist, så frustrert, så forbanna, eg treng nokon å la alt dette gå utover. tell me you're crazy, maybe then I'll understand you got your 9 iron in the back seat just in case heard you've gone south well babe you love your new 4 wheel i got to find why you always go when the wind blows god sometimes you just don't come through
Bergen i mitt hjarte... I helga var eg i Bergen. Fine byen min med dei fine folka. Det var heilt rart å komme dit, så rart at eg måtte sipe litt idet eg kjørte over haugen, såg BERGEN og min gamle heim på Sandviken Brygge. Kjørte til Landås og henta Signe, etterpå dro vi til Mona, der både Monaborn, Cecil og Ellis dukka opp. Så fantastisk kjekt å sjå dei alle sammen. Ingenting er betre enn å sitte rundt Mona sitt bord, med fulle glas og flusst av bra damer rundt det! Eg fekk dei siste oppdateringane frå Living, i tillegg til den obligatoriske haipraten - sjølvsagt. Ellis kasta kjapt inn årene og kjørte heim til Sotra. Etter en skikkelig seriøs samtale, kjørte Mona oss til byen. Mona sin bil er verdas beste karaokebil, det vart nok konklusjonen etter den turen. Til tross for at vi fekk velmeinte(?) råd på telefonen om at det skulle vere "celebrityparty" på Metro og at det kanskje ikkje ville bli dritkult akkurat, hoppa vi glatt i det. Herregud, kor vi angra. Alle neka i byen på desperat jakt etter en amerikansk c-kjendis å dra med seg heim - kunne jo kanskje ha ein viss underhaldningsverdi - men niks. Så vi robba ein 711 for blått smågodt, prøvde med sjarm og alle lure triks å trykke det inn i ein politimann - og gjekk heim. Ingenting er som Bergen i vårsola, så til tross for sinnsjuk vind og litt creepy mann som måtte fortelle meg om livet sitt (som han heilt opplagt kunne ønske hadde vore annleis, for han kom seg ikkje heim til Austevoll, hadde ikkje drukke på tre år, men sprakk dagen før, alt dette fortalt med lett gråtkvalt stemme og maaasse matrestar både i munnen, i barten og i panna), satt vi ute på Torvalmenningen. Vi såg på tanta til Ingvill som spilte i korps, prøvde å lokke Sasi og I med på fest, men dei var så slitne, stakkars. Ellen hadde funne ein mann på vegen heim som snakka heilt likt Bjarte i Radioresepsjonen - eg blei heilt fascinert. Så kom nabogutt Aleksander med venn, vi svømte ned i ei blandingsfylle uten sidestykke, øl, vin, rasberry-, strawberry- og woodberrydaiquiry, noko som seinare på kvelden ville vise seg å ikkje vere det smartaste eg har gjort i mitt liv. Mobilen min tok kvelden, eg er enno ikkje heilt sikker på om det var på grunn av smellen den fekk dagen før, eller ein virusinfisert Främling-ringelyd eg fekk av Ellen. Vi dro på Landmark. Betrakta folk. Lurte folk frå diverse øyområder rundt Bergen på dei mest utspekulerte måtar. Fann folk med bart. Dro heim på ulikt vis. Sov delvis på badegolv, delvis i seng. Gikk med mørke solbriller søndag.

søndag, april 23, 2006

Jaja, sånn går det. Cecil; ka vil du eg skal sei? Skal eg lage et seriøst og spanande innlegg i bloggen? Trur det blir litt for slitsamt. Så vi får heller ta det i morgon. Dagens konklusjon er at eg likar vibrerande bass og teppetapetserte veggar. Og eg likar å sjå på gutar som tek heroinen intravenøst. Det er så sjukt og interessant på ein teit måte.

torsdag, april 20, 2006

Papir Eg blir litt bekymra for meg sjølv når eg begynner å tenke at eg kanskje liker arkivet litt allikevel. Sist eg jobba på sjukehuset var eg så frustrert over denne papir- og støvfylde staden at eg oppretta ein eigen organisasjon; "Kvinner mot arkivet". Dei aller fleste som har med arkivet å gjere, er svorne tilhengarar. Eg hadde store planer om å gi ut månadlege nyhendebrev - det vart med tanken. Ei velkomstavis klarte eg faktisk å hoste opp, til stor glede for mine medlemmar. Grunnen til at eg har begynt å sjå på arkivet med litt andre auge er at eg har begynt å forske. Eller iallefall lure på ting (som om eg ikkje gjer dèt nok frå før). Eg legg merke til betenkelege ting om dei ulike fødselsdatoane. Kor merkelig er det ikkje for eksempel at alle som er fødd på ein viss dato i 1958 er døde? Den samme datoen, det samme året, i det samme fylket. Og på ein anna dato i 1914 er alle dei sju som var fødde framleis i live? Eg gir meg over. Desse mystiske oppdagingane har sjølvsagt ført til ein ekstrem forskingstrang. Det første eg gjorde, var å sjekke kor tjukke journalane på fødselsdatoane til meg og alle mine kjære. Det ser svært lovande ut, heldigvis. Men kvifor er det slik? Det er heilt unaturleg for meg at ein gjeng med hundreåringar skal vere friske og pigge, medan ein anna gjeng med 50-åringar skal stryke med. Er dette tilfeldig eller avheng alt som skjer i liva våre av kva dag vi vert fødde på? Eg blir mildt sagt nervøs. Ikkje det at eg har noko imot levande 100-åringar, altså. For all del! Hm. Dette er kanskje ikkje ei særlig bra utvikling. Mest sannsynleg er dette berre enno ei påminning på kor kjedelig det faktisk er å jobbe på akrivet. Og eit klart teikn på at eg bør omplasserast snarast.

søndag, april 16, 2006

Føle det er litt påsketørke på bloggane for tida. Iallefall på min og mine linkefolk. Så i den anledning legg eg ut dette fabelaktige biletet av Maja - ein skulle kanskje tru at kun ei mor kan elske eit slikt vesen? Men det kan definitivt tante også.

fredag, april 14, 2006

Dette var altså serien som inspirerte meg til å anlegge ein svært alternativ klesstil på ungdomsskulen. Genserar i størrelse xxxl, helst ribbestrikka og i mest mogeleg diffuse fargar. Pappa sin pysjamas frå syttitalet - på skulen. Blomstrete kjolar i kreppaktig stoff, gjerne frekt matcha med ei rutete skjorte. Ein dag gjekk eg på besøk til Frode med bestemors lange, blomstrete nattkjole og mamma si morgonkåpe i djuprosa plysj. Det syns Frode var storslagent. Han vart blank i auga, ga meg bøttevis med iste - og når det vart kveld, låg vi på graset i hagen, såg på stjernene og høyrde på kvarandres pust. Eg veit ikkje kven eg var mest forelska i - Frode eller Jordan Catalano. Uansett var det berre kjipt å vere forelska på ungdomsskulen. Ein visste liksom ikkje kva ein skulle bruke det til. Sjekk ut musikken til Frode på http://www.myspace.com/ungdomskulen.

torsdag, april 13, 2006

onsdag, april 12, 2006

Goood Påske til alle skattane mine!!! Håpar alle får minst ein lilla kartong kvar av dei gode påskeegga og at alle har nokon å dele dei med. Bortsett frå Signe, som eg veit ventar til sambuaren har sovna, så ho kan ete alle sjølv:). Dei skattane som ikkje finn bilde av seg sjølv her, må ikkje bli lei seg. Det betyr kun at eg ikkje har bilde av dei på denna pc`en. Prøvde å få den gamle mongismaskina mi på nett i dag, men den har visst tatt kvelden på det området. Så eg er like glad i alle mine skattar, bilde eller ei. Ha ei fabelaktig påske alle, håpar vi snart kan leike!!!

søndag, april 09, 2006

Jepp, vi tok utfordringa frå Monica på strak arm, så her sit vi begge to lettare henslengt på sjølvaste Bolstadsofaen. Kva seier dykk til det, skattekistefolk? Den var ikkje mjuk, ikkje godt plassert i fancy omgjevnadar og ikkje ein smule fin. Mildt sagt ei bortkasta investering. Men det visste vi kanskje frå før. Ellers har vi frekventert Førdes utestadar hyppig og valdsamt, vi har tømt kraner både på Pikant og Treskeværket. Gamle, gode Tresken, der eg har tråkka mine barnealkissko! Alt var som før, både menneska, inventaret og musikken. Folk knuffa framleis både i køen og på dansegolvet. Røykmaskina på diskoteket fungerte akkurat like godt som før, den spruta røyk i vilden sky til Cecilie si store undring. - Ka e greio me da dar egentli? Nei, Cecilie, det er ikkje godt å sei. Vi fekk sjekka ut alle kjøpesentera, kjøpte skjørt og "onnesjorta" som mamma kalte min nye singlet. Eg fekk klippa både augebryn og Cecilie sitt hår. Vi har spist masse god mat, snakka masse skit og litt djupt. Vi har fått bekrefta det gamle og velbrukte ordtaket om å snakke om sola. Vi har kjørt pirattaxi med naboguten og følt oss som russejenter med vind i håret, stjerner på himmelen og sommarfuglar i magen. Helga har vore FABOLOUS. Og det er det beste eg veit når ting er fabelaktige.

lørdag, april 08, 2006

Jaaa! Cecil er på besøk! I går var vi på pikant for vin og fjas og oppdatering på nye triks og fanteri. Midt i prosessen dukka det opp en suspekt mann. Han, saman med broren sin, likte å ta på Cecilie og smile på en litt ekkel måte etterpå. Cecilie henta fram rødtoppsinnagena sine og var klar til kamp. Brått midt oppi alt dette, såg eg at augebryna til suspekten var ekstremt lange, dei svinga ut på en uanstendig måte, en obsternasig vipp ut, opp og fram. Og kven andre enn meg kom på at eg hadde ei SAKS i veska mi, heilt tilfeldig? - Vent to sekund, sa eg til suspekten, stappa handa i veska, og på to sekund hadde eg klippa dei rett av - klipp - klipp - ferdig! -Vart det bedre? Spurte den suspekte (og bekrefta dermed nett kor suspekt han faktisk var) som om det var det mest naturlege i verda. - Ja, sa eg og dukka djupare ned i ølglaset.

mandag, april 03, 2006

Har ei stor eske med bare vesker på rommet mitt som eg enda ikkje har pakka ut. Jammen skal eg absolutt ha tusenvis av vesker, men bruke dei er ikkje så nøye. Iallefall ikkje når eg har fått ei ny nettopp. Som er superfin. Dette er eit typisk innlegg der pappa kan slenge frekkaskommentarar om at velferdssamfunnet har satt sitt grusomme stempel på meg, mykje vil ha meir, blablabla. Det stemmer kanskje, men så er det også ei velkjend sak at eg er ein kjempeflink shoppar, som stadig kjem over ekte stjernekupp. Dessutan har eg sydd nokre av dei sjølv. Så eg berre hevar meg over det. På førehand.

lørdag, april 01, 2006

Etter 7 timar i bil på ekte gamledagarvis med mamma, pappa, lillesøs og meg, kom vi fram til Kristiansund. Byen som alltid har vore pappas hjarte, naturleg nok sidan han har vakse opp her. No er den også mykje i mine tankar, sidan Heidi bur her med sitt lille fjon og mannen sin. Sidan vi ikkje har sett dei sidan januar *lengte*, var vi spende på korleis Majsa ville ta dette storinnrykket av rare og skumle folk. Pappa var dritnervøs sidan han var den soleklare favoritten sist. Ville ho avvise han blankt denne gongen, eller ville det bli nok ein suksess? Vi kjøyrde forbi badelandet: Mamma: -Eg ser bilen deiras! Marte: -Eg ser husen deiras! Pappa: *svelgekremtenervøst* Trine: -Jippi! Heidi stod klar i vinduet, vinka hysterisk. Opp trappa, ringe på og banke på. Høyrde ein liten, tynn stemme der inne: "Mamma!". Iiik! Og der var dei, alle tre. Maja var sjenert og klynga seg til pappa. I to minutt. Så kom det eit sjarmerande lite "heja" med ekte nordmørstonefall, nesten. Så fikk ho altfor stor trehjulssykkel av oss, og alt var fryd og gammen, hei og gakk og bapp og takk og beibi og mamma og pappa. Ho er så flink og lur og herlig kosete, klemme oss og seie "aaaa". Ingenting er så kjekt og fantastisk som å vere tante til verdens finaste fjon!

torsdag, mars 30, 2006

Er det dette som er den ekte skattekista mi?

onsdag, mars 29, 2006

Såg "Closer" igjen her ein dag. For ein fabelaktig film, så dyktige folk, så rar ein blir i kroppen og hodet etterpå. Og kor fantastisk er ikkje Natalie Portman. Eg vil bli henne når eg blir stor. Bildet av henne er utrulig vakkert, versågod Vegard, det er til deg!
Neste helg skal Cecilie komme på besøk til meg. Det gleder eg meg masse til! I samband med dèt, ville ho ha ein oversikt over kva vi kunne gjere her når ho kjem. Søkte på bilder frå førde, men det var ikkje mange eg fann, gitt! Dette fann eg, veit ikkje kva det er, men vi kan definitivt fikse noko liknande. Trur det går ut på å stå midt i ein foss og pirke med ein pinne. Gjerne i høljeregn. Så ta med deg den oransje regndressen og forbered deg på ei kjempekjekk helg! Ellers har vi eit kulturtilbod utanom det vanlige; her vil eg spesielt trekke fram terapibassenget, der ein kan sitte i boblebad berre fem minutt og ha kroppen full av blåmerke. Dette frista kanskje ikkje så heilt voldsomt, men det er jo samme kva vi gjer - berre vi er saman!

søndag, mars 26, 2006

Oi, for en bra lørdag! Etter å ha plukka opp Jeanette i Vadheim, ankom vi Høyanger - klare som påskeegg til fest og fjas av den perfekte feminine sorten. Sasi satt allerede i klippestolen då vi kom, og vart fort forandra til ein herlig blanding av Audrey Hepburn og Margaret Berger. Kristine var brun og lekker etter ei veke på Lanzarote, fantastisk kjekt å sjå ho igjen, så altfor lenge sidan sist. Ho var like produktiv som vanlig, og klippa både Jeanette, Sasi og meg som perler på ei snor. Det kjendes fantastisk å endelig ha sin heilt eigne stylist igjen, etter å ha klippa meg sjøl dei siste månadane. Etter at alle hadde blitt frisert, kledde vi oss om, sminka og dolla oss. Det er fantastisk kor lykkeleg ein kan bli av å stå foran ein spegel saman med tre gode venninner, litt vin innabords, rouge og lipgloss. Ingen kan kalle det kravstort! Den videre oppskrifta på ein perfekt kveld, er ein god dose fantastisk mat (såpass at knappen i buksa fell av), meir vin, smågodt sirlig delt i to med brødkniv (ingen bitar slapp unna), ostepop spist med gaffel, meir vin, klipping av pannelugg (Kristine sin første fylleklipp - på meg - fantastisk resultat!), plystring av sound of music-songar (hallo, det tok berre aldri slutt heller), fotosessions, meir vin. Då det lei mot midnatt, gjekk vi ut og skulle då sjølvsagt ta Høyanger med storm. Om det var så mykje å ta med storm, er et heilt anna spørsmål. Vi velta inn, i ein sky av hårspray, fnis og støvelettar og kva møtte oss? Seks svært diffust utsjåande mannfolk rundt eit bord på ein svært suspekt utestad. Ingen doddisbartenderar så langt auget kunne sjå, ingen fancy fototrykk på veggane, italienske tekstilar eller danske designlamper der i gården, for å sei det slik. Mennene hadde skinnjakker/vestar, kaps og omtrent tøflar på beina, og interiøret bar preg av å ha vore poppis ein gong tidleg på nittitallet (les vinraude og mørkegrøne veggar - allergianfall!!!!) Dette underheldt meg naturlig nok i omlag eit kvarter, men då var grensa mi nådd. Eg klarte rett og slett ikkje å vere vaken lengre. Så eg tok eit par supar av ein Irish Coffee, rigga meg godt til på sofaen og la meg til å sove. Etter ei stund blinka lysa, og vi skulle gå. Då hadde dei andre fått vite av ein svært deprimerande kar at livet faktisk er over når ein får born og giftar seg. Kjærleiken til partneren din tek slutt, alt er kjedelig, ungane har ingenting anna å by på enn ein ørliten underholdningsverdi og kona di vert kjedeleg og mildt sagt uuthaldeleg å snakke med. Dette var nytt for oss, og litt dårlege nyheter eigentleg. Men pyttsann, det kom vi fort over! Heime hos Kristine venta verdas beste seng, pysjamas, tannkrem og sminkefjernar. Kort oppsummert var dette ei tvers igjennom fullkomen helg. Kristine har reist attende til Tromsø, Sasi og Jeanette til Bergen og eg - alt eg sit igjen med er ein fjong pannelugg og saknet etter fjas og tøys med skattane. Men heldigvis gode minner for tjue helger framover! Og eg ser fram til å sjå bileta som Sasi sannsynlegvis snart legg ut på sin blogg. Bildet ovanfor er av oss, framleis aktive med frisering også om femti år.

lørdag, mars 25, 2006

Life aint that bad but damn it could have fooled me My heart is brand new but hardly bulletproof I am nothing but a child and I have lost my soul a million times And i`ve been found in bits and pieces Lovers arms and lovers crimes I - I am nothing but a child - E. Nikolaisen, Carpenter
Eg trur Buddha var ein smarting og i tillegg ein kjekkas. Med god hjelp frå Anne Mari, Joakim, mamma og Idunn, har eg ei samling av Buddhafigurar frå alt frå London til India, Roskilde til Kina.

fredag, mars 24, 2006

No er det snart påske! Det gledar eg meg til! Eg lurer litt på ein ting: Sidan folk lurer på kva eg skal bli når eg blir stor... Når har ein blitt stor, eigentlig? Og når ein har blitt stor, men likevel ikkje blitt noko. Er det for seint da? Eller har eg ein sjanse til?
I dag vil eg berre sei til Anne Mari at du ikkje må vere lei deg! Klart du får lov om du vil, men eg håpar det snart går over. For det er dumt når folk er triste, og ekstra dumt når det er du. For eg vil jo at du berre skal vere glad og ha det godt, lurt og bra.

torsdag, mars 23, 2006

Kva kan eg sei? Dette blir heilt feil for meg iallefall. Frøken vill og vakker sammen med Mister Rouge? Eg treng faktisk litt informasjon om korleis dette kunne skje. Kva slags aksjar har Skavland eigentleg lagt inn hos henne når ho har vore på "Først & Sist"?. Og var han den første ho tenkte på når Mikael hadde vore ute og svingt med lemmet?
Til Heidi som trur ho er for stor til å sitte på sånne; Langt ifrå! Kan vi, kan også du, småen. Slå deg laus, vi blir aldri for store!
Eg kan rett og slett ikkje forstå at historia om Jørn Egil ikkje slo betre an. Får ein mistanke om at nokre av mine edelsteinar rett og slett skumles postane mine. Er mors meir eller mindre gode tips meir interessante enn det faktum at eg mishandla kjærasten min på det grovaste og dumpa han neste dag? Han såg faktisk verre ut enn han på bildet. Har vold og rock`n roll slutta å selge, er det slik verda har blitt? Det finn eg meg ikkje i.

onsdag, mars 22, 2006

Mammas universalreglar for eit bra liv; det vil sei å ikkje vere kald, ikkje trøtt, ikkje påkjørt og så vidare. - Ha på deg strømpebukse. (sånn tynn - svart i vinterhalvåret, beige ellers.) - Legg deg før elleve. - Bruk refleks. - Spis opp maten din (mange gangar, ikkje berre ein porsjon) - Ikkje sjå på skumle, slemme, stygge, blodige, voldelege, høglydte ting på tv. - Legg deg i badekaret. - Ha på deg "en flis" - les fleecejakke, altfor stor. - Tøflar hjelp mot det meste. - Varmeflaske også. - Og melk. Dersom absolutt ingenting av dette skulle hjelpe, har ho kun eit råd igjen å gje. Nemlig å sette seg i den beste stolen, ta av sko/sandalar/kloggar/det du eventuelt har på beina (husk å behalde sokkane + strømpebuksa på såklart), skrell en appelsin og bare meld deg ut for fem minutt. Så er du tilbake på plass med eit blunk.
Faren for at bloggen blir ein bursdagsblogg er overhengande. Slik er det når så mange born vert produserte i mars. For i går var det nok eit bursdagsbarn. Dette barnet er ei som ikkje seier noko særlig på bloggen, men eg veit ho er her likevel. Iallefall av og til. Jenta vi snakker om er mildt sagt fantastisk. Ho er ufatteleg dyktig, ambisiøs og kreativ , men vil vel helst ikkje vere "flink jente" alltid. Ho brenn for at folk skal få fortalt historiene sine, få vist verda kva dei kan og at ingen skal rotne bort i ein krok når dei har kroppen full av gode idear. Ho er rettferdig, snill, omtenksom, morsom, har ein kjempeflott mann. Om ho vil, har ho ei lysande karriere foran seg i det ho studerer no, men (heldigvis for meg) lurer innimellom på om det er det ho skal bli når ho vert stor - eller noko heilt anna. Ho vil alltid det beste for alle, og gjer alt for at vener og familie skal ha det bra. Eg vil med dette berre sei at om du finn ut at ankerkvinnejobben ikkje vert som forventa, er eg når som helst klar for å bli kabaretartist saman med deg på Mallorca. Gratulerer så mykje med overstått, min kjære venn!

mandag, mars 20, 2006

I dag har eg funne ut kva eg heiter på alvespråk; Eàrànë Falassion. Heidi heiter Nellas, Marte Tàri og pappa Findecàno. Mamma heiter det samme som meg, så eg er på ein måte oppkalt etter ho på alvespråket. Og det er jo litt fint. Maja og Rune er Ireth og Carantir of Dorthonion. Vårt hobbit-familienamn er Bleecker-Baggins of Fair Downs, eg heiter Polly, storesyster Belba og lillesøster Tigerlily. Pappa heiter Olo. Maja heiter også Tigerlily, men Brandybuck of Buckland til etternamn, saman med Rune som heiter Marrock til fornamn. For en fin familie! Om nokon vil prøve det samme, er sida http://www.chriswetherell.com/elf/
Enda ein av diamantane bursdag, nemlig Mona! Det er ei stund sidan ho skreiv sin første kommentar her i skattekista, og Mona har enno ikkje fått den velkomsten ho fortener. Den tenkte eg å gi henne no, som eit bursdagskort sendt over verdsveven. Den aller første gongen eg var på Living, fekk eg rundtur av "Haien". Eg hadde vore på kontoret og skrive kontrakt, men skulle ikkje begynne før ei veke seinare. Eg hilste på dei fleste, huska ganske få fjes etterpå, og enda færre navn. Mona derimot, huska eg. Ho med den store, raude munnen, med fleire hundre tenner som smilte blidt og litt hyperaktivt ønska meg velkommen og syns det var kjempekjekt. Er dette mennesket ekte? -Tenkte eg, og lurte på korleis ho var til vanlig. Mona er slik til vanlig, men er alt utanom det vanlige likevel. Ho har ein utrulig energi (eit mysterium kvar den kjem frå), eit smil, ein dybde og ein humor som tek dei fleste med storm. Eg har sett tøffe ungjyplingar rødme og stamme etter eit minutts samtale med Mona, den mest hardbarka ungkar kan få gifteplanar på eit sekund. Ingen kan gå upåvirka frå eit møte med Mona. Ho kan drikke kven som helst under bordet, ho kan lytte, fortelle, trøste, grine, le i timesvis, er supermamma og sjørøvar på same tid. Mona har nemlig, til tross for sin elendige smak i menn, fått tre fantastisk vakre barn. Det er merkelig at ei som fint kunne vore mor mi, kan vere så lik meg i tankar og reaksjonsmønster, og i tillegg vere ein av mine aller kjæraste venner. Mona har svært mange gonger redda dagen min med sitt utrulige humør og merkverdige kommentarar. Veit du liker dårlig å snakke om "savn og triste ting", men eg må likevel få sei at eg savner deg veldig, MYH! Men, som kjent, eg kjem snart til Bergen på besøk! Ha ein strålande dag og hils masse til dei små!

søndag, mars 19, 2006

I undergangen får ein verkeleg passet påskrive.
TURDAG FOR TO AV SØSTRENE GRØNNIS: Vi tøffa oss ut, med våre skrantne halsar, hosta oss nedetter bakkane. Gjennom den skumle gjennomgangen som ein gong var heilt ny og utan stygge ord på veggane. Forbi Kongleveien 1d der Heidi og eg budde før, då Marte enda var kun eit stjerneskot. Det overraska meg stort at vegen frå leikeplassen til inngongsdøra vår var berre ti meter. Det skulle ein ikkje akkurat tru når ein var fem år og tissetrengt, for å sei det sånn. Vi gjekk forbi barnehagen min, gode, gamle Halbrend skule, tok ein runde rundt trea ved akebakken. Lo litt av treet som laga ein gedigen blåveis på Jørn Egil, som var kjærasten min ein gong i sjette klasse. Lo mest av at det eigentleg var min feil. Det var jo eg som dro ned lua hans idet eg aka forbi han, så han mista styringa, krasja og besvimte. Dagen etter var halve andletet hans nesten svart, det var bursdagen hans og eg slo opp. Det er egentlig ei heilt forferdelig historie.

lørdag, mars 18, 2006

En skal jo kysse frosken - ikkje spise den!

torsdag, mars 16, 2006

Sidan alle vi skattekistefolk er åttitallsfolk (unntatt Marte som er nittitalls, men sikkert har sett reprisar), huskar vi vel vår venn Gullars. Eg meiner han oppfant verdas beste kodespråk då han røymde og la att eggeskal og rømme på kjøkkenbenken. Marianne tok den med ein gong. "Eggeskall og rømme?! Eg skal rømme?! Gullars har rømt!" Heidi og eg hadde Gullars kassett, og eg kan heile utanat den dag i dag. Eg var spesielt fan av songen der han beklaga seg over å vere så liten. Det var vel kanskje fordi eg kjende meg litt att, sidan eg alltid var både yngst og minst i gamle dagar. Her kjem eit utdrag frå songen: Det er dumt å vere liten, når alle andre er så store det er dumt å bli så sliten at du sovnar undar bordet det er dumt å ha så liten kropp at du nesten ikke rekker opp Faktisk kan ein jammen kjenne seg igjen litt enda. Sjølv om ein no veks kun i bredden.