søndag, mars 26, 2006

Oi, for en bra lørdag! Etter å ha plukka opp Jeanette i Vadheim, ankom vi Høyanger - klare som påskeegg til fest og fjas av den perfekte feminine sorten. Sasi satt allerede i klippestolen då vi kom, og vart fort forandra til ein herlig blanding av Audrey Hepburn og Margaret Berger. Kristine var brun og lekker etter ei veke på Lanzarote, fantastisk kjekt å sjå ho igjen, så altfor lenge sidan sist. Ho var like produktiv som vanlig, og klippa både Jeanette, Sasi og meg som perler på ei snor. Det kjendes fantastisk å endelig ha sin heilt eigne stylist igjen, etter å ha klippa meg sjøl dei siste månadane. Etter at alle hadde blitt frisert, kledde vi oss om, sminka og dolla oss. Det er fantastisk kor lykkeleg ein kan bli av å stå foran ein spegel saman med tre gode venninner, litt vin innabords, rouge og lipgloss. Ingen kan kalle det kravstort! Den videre oppskrifta på ein perfekt kveld, er ein god dose fantastisk mat (såpass at knappen i buksa fell av), meir vin, smågodt sirlig delt i to med brødkniv (ingen bitar slapp unna), ostepop spist med gaffel, meir vin, klipping av pannelugg (Kristine sin første fylleklipp - på meg - fantastisk resultat!), plystring av sound of music-songar (hallo, det tok berre aldri slutt heller), fotosessions, meir vin. Då det lei mot midnatt, gjekk vi ut og skulle då sjølvsagt ta Høyanger med storm. Om det var så mykje å ta med storm, er et heilt anna spørsmål. Vi velta inn, i ein sky av hårspray, fnis og støvelettar og kva møtte oss? Seks svært diffust utsjåande mannfolk rundt eit bord på ein svært suspekt utestad. Ingen doddisbartenderar så langt auget kunne sjå, ingen fancy fototrykk på veggane, italienske tekstilar eller danske designlamper der i gården, for å sei det slik. Mennene hadde skinnjakker/vestar, kaps og omtrent tøflar på beina, og interiøret bar preg av å ha vore poppis ein gong tidleg på nittitallet (les vinraude og mørkegrøne veggar - allergianfall!!!!) Dette underheldt meg naturlig nok i omlag eit kvarter, men då var grensa mi nådd. Eg klarte rett og slett ikkje å vere vaken lengre. Så eg tok eit par supar av ein Irish Coffee, rigga meg godt til på sofaen og la meg til å sove. Etter ei stund blinka lysa, og vi skulle gå. Då hadde dei andre fått vite av ein svært deprimerande kar at livet faktisk er over når ein får born og giftar seg. Kjærleiken til partneren din tek slutt, alt er kjedelig, ungane har ingenting anna å by på enn ein ørliten underholdningsverdi og kona di vert kjedeleg og mildt sagt uuthaldeleg å snakke med. Dette var nytt for oss, og litt dårlege nyheter eigentleg. Men pyttsann, det kom vi fort over! Heime hos Kristine venta verdas beste seng, pysjamas, tannkrem og sminkefjernar. Kort oppsummert var dette ei tvers igjennom fullkomen helg. Kristine har reist attende til Tromsø, Sasi og Jeanette til Bergen og eg - alt eg sit igjen med er ein fjong pannelugg og saknet etter fjas og tøys med skattane. Men heldigvis gode minner for tjue helger framover! Og eg ser fram til å sjå bileta som Sasi sannsynlegvis snart legg ut på sin blogg. Bildet ovanfor er av oss, framleis aktive med frisering også om femti år.

9 kommentarer:

Anne Mari sa...

For en fin dag det hörtest ut som. du må legge in bilde på deg sjöl me lugg. Glede meg til å sjå.

Anonym sa...

eg óg vil sjå bilde! høyres ut som dåke har hatt ei kjempe fin helg...litt misunnelig! håpe så inderlig at eg at eg kjeme meg opp til deg i palmehelga, orke ikkje vente heilt til mai...

Sasi sa...

Å, så fint Trine. Eg ler meg skakk. Hadde glømt eller fortrengt alt han mannen sa om barn og ekteskap, grøss, han va ikkje særleg positiv.

Det blir litt vanskelig for meg å skrive no, hoppe etter Trine liksom:) Kanskje eg berre kopiere din, bytte ditt navn med mitt, og lime det inn i bloggen min. Eller..eg vil ikkje ha det på meg å ha sove på øren;)

Vi tok ca. 180 bilder, ganske bra jobba. Skal ordne det slik at alle de andre får dei òg, ganske minneverdige og fine/ artige bilder:) Eg skal i allefall trykke dei til mitt hjerte når eg sit i gyngestolen min om 100 år.

Monica sa...

Hahahaha, det er akkurat slik det er å gå ut i Høyanger!

Så kjekt de hadde det!

Han mannen har eg truffe mange gonger, men eg trur det er på ugla han har vore og han ser alltid annleis ut kvar gong.. Og kvifor er det aldri kvinner som meiner at livet endar med mann og born? Eg skal bli den første som meiner det!

Solveig sa...

aha! En BigBang-link :D Den har da ikke vært der hele tiden den, har den?

Trine sa...

Niks, men eg tenkte dei måtte få vere med i det gode selskap;) Med Tori og skattane. Dei har tross alt vore blant mine beste støttespelarar i tøffe tak, og ingenting slår ein konsert med Bigbang på Hulen i Bergen - 100%
Lykke!

Trine sa...

Monika, Monika - når du har fått deg ut av "trivselsfylket" og vekk frå burgunderrøde veggar og truckførar-stil på utestadane, så kan du jo ikkje følge opp med å gå ut på UGLA!?! Då ber du jo berre om trøbbel! Der er det jo enda verre!

jeanette_s sa...

for ei fantastisks helg! Synd du ikkje kunne delta i diskusjonen me mannen som ikkje likte kona si!:) Håpe du deltek meir aktivt neste gong;)!
Mmm... eg ve ha meir go mat... akkk tilbake til studentkosten...

Monica sa...

Eg trur det har med at eg elskar casemennesker..

Di fleire skilsmisser, dess betre.