onsdag, mars 22, 2006

Mammas universalreglar for eit bra liv; det vil sei å ikkje vere kald, ikkje trøtt, ikkje påkjørt og så vidare. - Ha på deg strømpebukse. (sånn tynn - svart i vinterhalvåret, beige ellers.) - Legg deg før elleve. - Bruk refleks. - Spis opp maten din (mange gangar, ikkje berre ein porsjon) - Ikkje sjå på skumle, slemme, stygge, blodige, voldelege, høglydte ting på tv. - Legg deg i badekaret. - Ha på deg "en flis" - les fleecejakke, altfor stor. - Tøflar hjelp mot det meste. - Varmeflaske også. - Og melk. Dersom absolutt ingenting av dette skulle hjelpe, har ho kun eit råd igjen å gje. Nemlig å sette seg i den beste stolen, ta av sko/sandalar/kloggar/det du eventuelt har på beina (husk å behalde sokkane + strømpebuksa på såklart), skrell en appelsin og bare meld deg ut for fem minutt. Så er du tilbake på plass med eit blunk.

10 kommentarer:

Trine sa...

Appelsinen skal forresten spises også.

Monica sa...

No måtte eg berre skrive ein kommentar..

Mammaen din har forstått kva god livskvalitet er. Mammaen din er ein luring :D

Sasi sa...

Men eg berre tenke, når eg skal melde meg ut, då è eg vekk. Sit å stirre i veggen eller ut i lufta og ingenting kan forstyrre meg. Korleis skal eg då klare å skrelle ein appelsin og i tillegg ete den?? Korleis skal eg bevege hendene mine?

Trine sa...

Jeey! Vi har fått ein monika! Sjekk bloggen hennes på link hos Sasi. Monika har mykje å fortelje!:)

Anonym sa...

mora di er lur, trine. tøflar hjelpe mot alt. :) du skrive så masse gøy!

Anonym sa...

Alle lure ting er bra!
Kan dessuten meddele, for de som (i likhet med meg) ikke er så heldige å være i besittelse av den gode gamle varmeflasken, at jeg nylig erfarte at den adapter-dingsen på ledningen til laptopen min, trolig kan fungere som en slags erstatning... varmet godt på vond mage..
hva tror egentlig kloke mammaen til Trine om det? ikke farlig vel? Ü

Anonym sa...

Skrell og skrell....
Få nåkken andre til å skrelle ein appelsin for deg, er vel ei meir korrekt formulering.

Doktoren i meg ropar jo kraftig "det veit ikkje du!!", når ho seier at eg må ta på skjerf når eg har vondt i halsen, eller kvar gong eg vert sjuk, er det berre fordi eg har gått "utan kle". Pøh!

Trine sa...

Mamma seier at du ikkje får lov til å bruke sånne elektriske ting, Velis. Da må du heller ta ei halvliterflaske me varmt vatn istedenfor.

Anonym sa...

hm..
gikk nå bra denne gangen i alle fall, men skal selvsagt ta det gode rådet til etterretning..Ü

Trine sa...

Trur en viss doktor vil protestere på det der også, men det har tross alt hjulpe en viss hundre år gammel oldemor over kneika et par ganga. Og skjerftrikset bruke eg aktivt!