søndag, mars 19, 2006

TURDAG FOR TO AV SØSTRENE GRØNNIS: Vi tøffa oss ut, med våre skrantne halsar, hosta oss nedetter bakkane. Gjennom den skumle gjennomgangen som ein gong var heilt ny og utan stygge ord på veggane. Forbi Kongleveien 1d der Heidi og eg budde før, då Marte enda var kun eit stjerneskot. Det overraska meg stort at vegen frå leikeplassen til inngongsdøra vår var berre ti meter. Det skulle ein ikkje akkurat tru når ein var fem år og tissetrengt, for å sei det sånn. Vi gjekk forbi barnehagen min, gode, gamle Halbrend skule, tok ein runde rundt trea ved akebakken. Lo litt av treet som laga ein gedigen blåveis på Jørn Egil, som var kjærasten min ein gong i sjette klasse. Lo mest av at det eigentleg var min feil. Det var jo eg som dro ned lua hans idet eg aka forbi han, så han mista styringa, krasja og besvimte. Dagen etter var halve andletet hans nesten svart, det var bursdagen hans og eg slo opp. Det er egentlig ei heilt forferdelig historie.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Å, kjøre vene, eg trur eg ler meg skakk....!!!!!

Eg har då aldri høyrt denne historia før?
Din lille snik
*fnisefnis*

Anonym sa...

Det har du vel?! Det var vel til og med Beate som slo opp for meg. På vekas høgdepunkt, på klubben, midt i ein dansekonkurranse. Ikkje vant han heller, stakkaren.