mandag, januar 29, 2007
lørdag, januar 27, 2007
torsdag, januar 25, 2007
mandag, januar 22, 2007
Okei, eg greier ikkje å fikse dei bildene. For eg er berre ein tøysenerd, og kan jo som kjend ingen lure og ekte nerdeting, som for eksempel å krympe filer som er for store. Så akkurat det der med sporenstreks, måtte berre utgå. Eg sletta heile ruklet.
Men vi har hatt ein fabelaktig fest i helga, for Synna som vart 22 år i går. HIPPHIPP!:D Dei skal (forhåpentlegvis) leggast ut her litt seinare i dag.
Først må eg berre vere flink skulemongo og perspektivtegne. Og gråte.
mandag, januar 15, 2007
onsdag, januar 10, 2007
lørdag, januar 06, 2007
Så masse hår hadde eg en gang. Ca. Det var langt og fint, sjøl om det innimellom oppførte seg dårlig, splitta seg i endane, krølla seg når det ikkje skulle, blei glatt når det skulle vere krøllete. Den luggen var kanskje litt i overkant.
Marte demonstrerer kor kul eg vil bli med kort hår. Direkte frekt og uanstendig der ho sjøl sit med fjortentusen meter extensions. Eg er skeptisk. Må lese mail og vise ho eit par "interessante" filmar på nettet før eg trekk pusten og seier: Okei, NO!
Eg gnage meg litt på lanken og tenker på kva eg har gjort. Eg grein altså ikkje. Det er sant!
Trine har fått kort hår, og ber til jesun om at ikkje all hennar sjarm, kunnskap og ypperlege humoristiske sans låg i håret. For då er ho seriøst ille ute.
fredag, januar 05, 2007
Eg berre sit på jobb og griner over alle dei fine klea og skoa som fins. Material girl, javel. Men eg vil ha. Berre litt. Denne kåpa, for eksempel. Og det er berre urettfeigt at desse sidene ikkje sender til Norge, så eg kan ikkje bestille eingong. Frekt og uforskamma. Så eg har ikkje anna val, eg må nok dra til London på shopping. Kanskje eg kan søke om støtte ein stad, det fins jo så mange dustete fond som støtter i øst og vest. At Trine skulle få litt også, skulle vel eigentleg berre mangle. Her er linkane om nokon vil gråte med meg:
http://www.dorothyperkins.co.uk/
torsdag, januar 04, 2007
onsdag, januar 03, 2007
tirsdag, januar 02, 2007
Åbevaremegvel, for ei dum jente eg er.
Av ein eller annan grunn, trudde eg at eg hadde fri i dag. Så eg la meg halv fem i natt.
Og litt over åtte ringte mamma fra jobb og sa eg skulle vere postjente og arkivjente i dag. Au.
No har eg spist ordentlig mat, sjokolade, drukke te med trippelt koffeininnhold, pepsi max, men ingenting hjelpe. Eg er heilt kvalm av trøtthet. Og så arkivet, då. Faen heller.
mandag, januar 01, 2007
HURRA!!!!
For Anne Mari og Charlie som skal GIFTE SEG!!! Litt over tolv gikk Charlie på kne og fridde, med ring og alt mulig. Og eg har visst det sidan begynnelsen av desember og har holdt på å både bite av meg tunga og tisse meg ut kvar gong eg har snakka med Anne Mari, for typisk meg har jo berre hatt lyst å sei: Jeeeeei, Annemi, du skal GIIIIIIIFTE DEEEG!
Men eg klarte å la vere!
Og neste sommar, skal eg vere forlovar, med ny kjole og med tale og song og alt som høyrer med. Eg gleder meg! Og gleder meg så mykje over det fine, fine paret som eg er så glad i. Ingen av dei kunne ha funne bedre kjæreste enn kvarandre. Åh, det er berre så fint, at eg greide ikkje å slutte å grine når Annemi endeleg ringte litt over halv ett og fortalte det.
*JUUUUBLE!!!!!!!!!*
søndag, desember 31, 2006
fredag, desember 29, 2006
mandag, desember 25, 2006
søndag, desember 24, 2006
fredag, desember 22, 2006
tirsdag, desember 19, 2006
mandag, desember 18, 2006
torsdag, desember 14, 2006
OG FORRESTEN!!
I går var det Cecilie sin bursdag! Min bie og tiger og karamell blei endelig 25 år og like gammel som meg. Godt å ha nokon i nakken, no når eg går i klasse med nesten berre fjortisskrepper..:) Dagen vart feira på Garage, med en god del øl, trur eg. Sidan eg var på skulen til halv tolv i går kveld, har eg ikkje heilt oversikt. Men som eg bruke å sei; når dialekta til Cecilie begynne å bli heilt annerledes enn til vanlig - da er det på tide å dra heim.
I mårra skal vi heller feire ordentleg, då kan vi få ny dialekt både ho og eg og Velaug. Og danse heilt til vi besvimer.
Vi presenterte den siste oppgava vår i dag, rekkehuset. Gruppa vår har laga modell av huset i målestokk 1:20, med innlagte lys og bittesmå tullemøblar, laga collagar i tonnevis, tegna tekniske belysningsplanar og en drøss med greier - alt dette på litt over ei veke. Eg var veldig fornøgd med denne oppgåva i forhold til den forrige gruppeoppgåva, så det var kjempedeilig å få strålande tilbakemelding frå både læraren vår og resten av klassen.
Deiligst av alt, er at rekkehuset skal vere med i mappeinnleveringa til jul, sammen med den første oppgava - soverommet, som eg også fikk god tilbakemelding på og nesten ikkje må endre på noko. Hurra!
Må vel nesten også nevne at kompaktboligen også skal inn, den oppgava som eg ikkje akkurat er særlig i mål med. Menmen, eg har iallefall ein god del tid å bruke på den.
Og om eg ikkje kjem i mål, og ikkje alt blir perfekt, så blir det nok jul allikevel.
onsdag, desember 13, 2006
mandag, desember 11, 2006
torsdag, desember 07, 2006
onsdag, desember 06, 2006
Ja, kva kan ei kvinne sei? Eg vil iallefall takke Fredrik som ga gode inputs til min ikkje-eksisterande fylleangst i dag tidlig. Det gjorde "godt" å bli mobba og ledd av sånn på morgenkvisten.
Siden Ken blei såpass godt mottatt, har eg bedrive litt research, og han har faktisk si eiga myspace-side. Den kan sjølvsagt fåast, men på vår helts eigen måte: By request only.
Det skal nevnast at han har blitt vennen min. Det skulle bare mangle.
No har eg hengt på skulen heile dagen, bedrive ein god del research og andre kloke, inspirerande og ikkje minst nyttige ting. Og no vil kroppen min berre sove. Og bake brownies etterpå. Deretter sjå på alle dei dårligste tinga som nokon gong er laga på tv.
I den anledning vil eg berre nevne dokumentaren "Naive Norge" i samme slengen. Alle som såg den på mandag vil forstå.
søndag, desember 03, 2006
onsdag, november 22, 2006
mandag, november 06, 2006
søndag, november 05, 2006
tirsdag, oktober 31, 2006
Vi har brukt nesten eitt år på å innsjå og forstå at det er verkeleg, samtidig som vi har håpa, bedt og innstendig prøvd å innbille oss at det kjem til å gå over - tenkt at det ikkje kan stemme.
Men no er det her, nærare og meir verkeleg enn det nokonsinne har vore. Samtidig så mykje meir uverkeleg. Like forbanna urettferdig og meiningslaust. Kva kan ein gjer? Kva kan ein sei? Ingenting.
Men eg er glad eg er heime.
onsdag, oktober 25, 2006
søndag, oktober 22, 2006
Maja venta i vindauget då eg kom. Ho såg på meg ei stund, der eg stod utanfor og vinka, lo og grein. Så smilte ho, eg var både huska og godkjent - hurra! Ei heil helg med min eldste og min nyaste bestevenn, to av dei jentene på jord eg skattar høgast, var terapi og underhaldning eg kan leve på lenge.
Vi har leika, turna, lest bok, Maja klikka fullstendig av Marit Larsen og dansa hyperdans med jublehyl. Vi har spist "bollje" på størrelse med hovudet hennar, som greit vart oppbevart under armen når ho hadde spisepause. Eg har fått fleire av dei berømte "sossane" - svært våte, men akk, så sjarmerande. Vi har kosa masse, verdens beste, varme, lille klump på fanget. Ho insisterte til og med på at eg skulle legge ho - den første som har fått lov bortsett fra Heidi og Rune! I dag bada eg ho før eg dro heim, utruleg kor mykje ein snart-toåring kan le av ei tante med skum i fjeset, og ikkje minst kor mykje ho kan le av å skvette meg klissvåt over alt etterpå.
Eg kan nesten ikkje forstå korleis vi greidde oss utan ho før, og er frå meg av lykke over at ho er komen for å bli.
Når Majsa sov snakka og snakka sustrene, medan vi strikka og spiste snop. Perfekt kombinasjon. Eg har gjort Heidi ør av lengt etter Bergen, eg gleder meg som ein unge til dei kjem attende hit til sommaren! Då vil eg helst leike med dei kvar dag, omtrent:)
I morgon, eller i dag eigentleg, sidan det er natt, har oldemor 101-årsdag! Hurrahurra for veldig gamle og veldig fine oldi! I morgon skal eg til Askøy med finkjole og ballongar og feire!
søndag, oktober 15, 2006
Heime i Førde i helga, her har hausten kome mykje lengre enn i Bergen. Det har vore godt å vere heime. Lufta er klar her, lyset deilig haustdiffust, tempoet rolegare. Og best av alt - eg har sluppe å teikne ein einaste strek!
Sidan eg kom litt seint igong med oppgåva mi på skulen, blei det heilt ekstrem innspurt på slutten. Vi budde omtrent på skulen, og eg er så stiv i kroppen at det kjennes som eg har fått ein skikkelig omgang pryl.
Menmen, i morgon er det ny veke, ny oppgåve, og mest sannsynlig ein ny vri på eigeninnsatsen... Uansett - eg vart nøgd med teikningane til slutt, og fekk god tilbakemelding, *jippihurrajuble*
Neste helg skal eg til Kristiansund og gler meg som ein unge. Maja, Heidi og Trine skal ha jentehelg og berre kose oss og leike i tre dagar til ende. Eg har tenkt å lære Maja nye turntriks, så skal eg høyre på alle dei nye orda ho har lært seg. Ho har faktisk begynt å få nordmørsdialekt, til pappas store stolthet. Har ikkje sett verken Heidi eller Maja sidan i sommar, så det skal bli så kjempekjekt!
mandag, oktober 09, 2006
Kjære Inge.
Eg angrar litt på at eg var streng med deg her den andre dagen. Tusen hjarteleg for bileta, det gledde mitt stakkars fortumla hjarte å sjå di fagre dotter og meg sjølv dokumentert frå Geilo i august. Og du kan hilse Gerd og takke for post-it-lappen og sei at eg tilgjev dykk alt, spesielt det at cd`en vart liggande så lenge.
Håper alt er greit no, eg lover å aldri meir mase og ikkje komme med nokre frekke kommentarer om fiskekort og liknande neste gong eg kjem på besøk. Om eg framleis er ønska som gjest i huset dykkar, vel å merke.
Varme helsingar frå dykkar favoritt(?)brunette i Bergen.
torsdag, oktober 05, 2006
Kjære Inge. No syns eg at eg har venta svært tolmodig på å få ein cd med bilder i posten. Eg har oppført meg fint så langt, men eg kjenner på meg at eg kan bli rimelig gretten om ikkje eg snart får den. Om planen din var å vente til bursdagen min og så "overraske" meg, så syns eg eigentleg det er ein litt dårlig plan.
Hjarteleg helsing Trine.
PS. Hels Anne Mari.
tirsdag, oktober 03, 2006
mandag, oktober 02, 2006
Eg innrømmer alt; JA, eg skulkar i dag. MEN - vi skulkar fordi læraren vår i dag heldt foredrag i strømlinjeform, vi boblar over av energi og kreativitet og var rett og slett heilt fullstendig nøydde til å rømme frå timen. For å gå på kafe, drikke kakao og jobbe med oppgåva vår. Så vi er eigentleg flinke. Og lure. Og slår to fluer i ein smekk, sidan vi både arbeider og har det koselig og sosialt på samme tid. Ergo - to fluer og ein veps. Herlighet, eg er koko i dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





