søndag, februar 19, 2006

Eg driver og vaskar huset. I den anledning tok eg av alle knottane på konfyren og slengte dei i vasken oppi ein salig miks av zalo, jif og salmiakk. Kva skjedde? Alle tala og symbola løsna. Så no er det bare å gjette seg fram til om ein har varmluft på, eller grillar rundstykka til frokost. Flaks eg ikkje skal bu her så lenge! Tenk å flytte heim igjen, det blir jammen rart. Så sjølv om eg ikkje skal vere der så lenge, og sjølv om eg ikkje nødvendigvis er einig i det eg no skal sei; "Jag är hellre en anka i en liten pöl enn en anka i et stort hav". Det var det Smala Sussie som sa, eg digger den filmen. Så no skal eg heim og vere ein gakk-gakk i Førde eit par månader, blir spennande å sjå korleis det går. Men no må eg bli ferdig å vaske, så eg kan gå ut i sola! Ha ein fin søndag, alle!

3 kommentarer:

Sasi sa...

??? Trine?! No è det virkelig på tide at vi møtes, no går alt meg hus forbi- og det fort!
Vi skal møtast NO!

Sasi sa...

Og du, før du flytta..kan ikkje du skrive på nye tal, sånn litt her og litt der. Sånn at alt blir heilt feil. he he.

jeanette_s sa...

Hææ? ska du flytte? nei!