tirsdag, februar 21, 2006

På dagar som i dag, vil eg bare dra bort, lang vekk der det fins sol og vatn og ikkje så mykje meir. Ein stad der ein ikkje er butikkdame, sambuar/ikkje sambuar, skattebetalar, jobbsøkande, vinglete og ustabil i forhold til framtid/fortid/notid, kun på ferie som reisande menneske. Ligge på stranda heile dagen, svømme langt, langt ut i havet, gå på marknadar og berre sjå på folk. Lese ei ny bok kvar dag, berre tenke på alt anna enn kvardagsliv, rutiner og alt det som gjer ein sliten og oppbrukt. Då er det godt å sjå på bilder frå tidlegare feriar, så kan eg nesten kjenne sanden mellom tærne, lett-solbrent-kjensle på skuldrane, vinden i andletet på oppdagingsferd i øde landsbyar på ei ukjend øy, smaken av ein frukt ein ikkje veit namnet på, og kjølig, salt sjø om kroppen. Eg veit at mi drømmeøy ikkje er lengre enn ein liten flytur unna, kven blir med!?!?!

7 kommentarer:

Sasi sa...

Eg è SO med! Drøymer med deg, no kjenne eg òg sandel so kile mellom tærne, vatnet so è so deilig varmt at ein berre kan bu der. Sola so steike heile dagen og når den endeleg går ned er det gode middagar og drinkar UTE på restaurantar. Alt berre flyt avgårde, ingen bekymringar...berre draumar som går i oppfyllese..*drømme drømme*

jeanette_s sa...

Eg e me Trine! For nåken deilige bilde!!:) Eg fekk nesten berre lyst til å hoppe inn i datamaskine for å ta meg ein liten dukkert!... akk ja det e lov å drøyme...eg sitte no forsatt her... på det råtne universitetet, på den rotne pc salen og skrive på mi rotne oppgåve..... Kjære gud, la meg vinne berre ein million... då ska eg vere fornøgd...!

jeanette_s sa...

Trinemor veit du ka? oslo sucks, been there done that....

Ein gang eg va ung rømmde eg og te oslo...men savnet ette bergen vart for stort... so eg kom tebake ette 4 mnd. hihi

heia brann heia brannn.... vålerenga suge!

Anonym sa...

Åååå, Hellas, Hellas. Og så sette du inn BÅDE eitt av dei få bileta med Ferrik utan hår OG av den legendariske bikinien! Du har blitt ein tøffing ;-)

Eg seier som Jeanette: Berre éin million! Pliis.
Eller.. litt betre tid. Litt meir ferie. Litt meir tøffing-blod og at Maja kan sove til åtte om morgonen i staden for kvart på seks....

Eg håpe at du Trine min finne nåkke utruleg kjekt å gjere på og ein fin stad å reise til, og dessutan får masse pengar til å kjøpe stæsj for, for då er du i ditt ess!!!

- kjøpeTrine
- stæsjeTrine
- flørteTrine
- solbrentTrine (kor e mjuke stola?)
- EgVilHaTatoveeeringTrine
- spiddelittTrine

Suss på deg :-)

Anne Mari sa...

Eg vil og vere me! ser ut som vi blir ganske mange:)... eg lengte til sommeren heile tida. orke ikkje meir kvardag og kulde snart. vil ha sol sol sol!! og foresten: eg har prövd oslo og og eg eeeeelska det:) så veit du det og stillinga er 1-1!!!

Anonym sa...

Eg kan godt vere med, eg og altså! Hvis det ikkje e for mange gamlisa der, så eg må vere heilt aleine igjen på hotellrommet og grine og grine og grine. Hoho!

Men du trenge ingen strender når du komme tilbake til husen din her i Førde. Her har vi jo faktisk et stort og flott TERAPIBASSENG!! Ka mer kan en ønske?

Klem på deg, søstra:)

Trine sa...

JaJA, terapibasseng! Så får eg gå med meieri-badehette som ser ut som en velbrukt, slapp kondom - I LOVE IT!!!