lørdag, februar 18, 2006

Jeanette og Sasi, eg trur kanskje vi har eit problem. Då eg åpna postkassa i dag, låg det ein lapp der med denne påskrifta; "Mysteriet om stolen som forsvant--" Kjære nabo, vi beskylder ikke deg for å ha fjernet den flotte stolen rundt bordet i gangen i 1. etasje, -men kanskje vet du om noen som vet noe? (Det er ikke stolen som står i trappeoppgangen) Der var nemlig tre stoler her. Venter spent på om vi får se stolen på plass igjen. Styret i Madam Felle. Tidlegare i vinter vart det plassert fire gedigne og ufatteleg stygge stolar pluss bord midt i gangen der postkassene våre er. Ingen har nokonsinne brukt stolane, dei står i vegen når vi skal hente posten, så det er eit mysterium kven som er mesterhjernen bak verdas mest idiotiske møblering. Uansett, no er tydelegvis den eine stolen borte, og hadde eg ikkje visst bedre kunne det godt ha vore meg som hadde tatt den. Det er det altså ikkje. MEN, eg kan tenke meg at Fred og eg fort kan bli mistenkt, sidan vi frå før av har gitt uttrykk for misnøye for møblane, i tillegg til at skumle kvinnfolk (sikkert medsamansvorne, sjølvklart) heng rundt her midt på natta. Typisk min flaks, har nok dama med hunden som observerte dykk, allereie har lagt inn tips til styret. Så eg kan vel likegodt med ein gong stryke finkjolen og vente på innkalling til avhør i styret. Følg med i neste episode - eg gler meg!

2 kommentarer:

Sasi sa...

Forsvunne stola? Har eg aldri høyrt om. Vi gjorde mykje rart, men stola har vi ikkje teke. Vi tok den ikkje akkurat med oss heim. Men kan skjønne at dama med hunden misstenkjer oss:) Ho såg VELDIG rart på oss..

Kanskje ho tok den sjølv..he he

jeanette_s sa...

Vel, eg har ikkje store nok puppar til å gjøyme stolane mellom dei, eg har ei heller lyst på desse lurvestolane.....
Spark dama me hunden bak!
Alt vi gjorde va å bringe glede inn i den tydlegvis smålege "minibyn"...hihi....ABBA har jo faktisk berre hittar!:)

Måtte dei som ha tatt stolane brenne i h...., og la oss englar gå i fred:)!