torsdag, februar 23, 2006

Eg må sei at eg syns Logen i Bergen tek ekstremt store sjansar for tida. Mogeleg at eg er teit (det er faktisk både mogeleg og sikkert sant), men når dei set opp to band dagen etter kvarandre med ganske likt-klingande navn, kan det fort bli innvikla. Her ein dag då eg tok bussen heim frå jobb, såg eg ein plakat der det stod at Kashmir skulle spele på Logen. Det var strålande nyhende, sidan Vegard, min gode venn, er stor fan av dei. Seinare på dagen snakka eg med V, og vi fann ut at ikkje berre var konserten dagen etter, men vi skulle faktisk på den saman. Vegard skulle ta bussen hit, og eg begynte å glede meg. Eg skulle sjekke på jobb dagen etter om det var nok billettar, og så var det klart for besøk, konsert og fest. Morgonen etter, las eg avisa, og trudde ikkje mine eigne auge! Corazon, som skulle spele på Logen, hadde ved hjelp av ein svensk sjåfør og sin "gode" GPS kjørt rundt halve Norge og til slutt enda opp i Bergen. Problemet var berre at sjølv om det stod Bergen på GPS`en, så var dei eigentleg i Voss. Og ikkje berre det - dei var også så seint ute at konserten måtte avlysast. Da eg snakka med Vegard etter jobb, foralte eg han heile historia, temmeleg bestyrta. Han holdt seg rolig, så eg fekk fortalt heile historia. Så sa han berre: Ja, men Trine. Ka skjer her no? Greit nok at Corazon har kjørt seg vill, men vi skal jo på konsert med Kashmir, så det trenge vi jo ikkje å bry oss om? Han hadde jo eit poeng der. Og kva som skjedde oppe i hodet mitt då Kashmir vart Corazon, veit ikkje eg. Men eg syns uansett at det kan høres veldig likt ut om ein legg godviljen til. Og dersom Logen vil gjere dette igjen ein annan gong, for eksempel med Aha og Uha (eller noko liknande), kan dei vennligst sette opp konsertane med eit par vekers mellomrom? Ja, tuusen takk! Det vart forresten ikkje noko av konserten likevel, då Vegard ikkje følte seg heilt bra. Kanskje var det eigentleg berre fordi han syns eg er så dust. Som plaster på såret sett eg inn eit bilde av Kashmir, dei ekte denne gongen.

3 kommentarer:

Sasi sa...

Hmmm, jo om ein legg godvilja til, så KAN det jo virke litt likt:) Men eg skal ikkje sei nåke, for eg ser det klart føre meg at det kunne like godt vere meg so surra litt..:)

jeanette_s sa...

hehe... Akkurat sånn e eg og. Eg kan overbevise meg sjølv opp i haudet at ting og tang faktisk stemme, sjølv om det ikkje gjer det! Som i dag, Torsdag, eg har egentlig ikkje forelesning på torsdaga... og veit det utmerket godt sjøl! men flink og pliktoppfyllande satte eg meg fint i forelesningsrommet.... men begyndte ettekvart å sjå rundt meg.- Eg kjende jo ikkje ei sjel....vel, eg gjekk vertfall der ifrå:)..Forelesninga va i går den jeanette..

Anonym sa...

Hei Trine-tøff-i-snasken-og-alltid-snill!
MYH prøver igjen! Deilig dag, fri og greier.Oslo-tur med något attåt, venter rett rundt hjørnet, men allikevel er jeg ikke helt på plass.
Nå vet jeg hvorfor:Snille-Trine-tøff-i-snasken skal slutte, og reise,..... og bare være vekk!
Hjelp! Jeg vet det er riktig, og at det er det beste for deg og kjempefint for din familie...............men, jeg vil savne deg fryktelig!
................og jeg sier deg snille-Trine-tøff-i-snasken, at jeg er 100% ikke den eneste!
Det har vært en berikelse å bli kjent med deg! Det finnes ikke mange mennesker på denne jord som er dyktige i jobben,hjelpsomme, empatiske, morsomme, stille, gøy-bråkete,verbale,lyttende,pålitelige, rappkjeftede,sjarmerende, elegante, intelligente og vakre i en og samme person. Nei, det er det nesten ingen av. Jeg har aldri truffet på noen før i mitt liv..... Og jeg, som du så vel vet,har truffet mange mennesker i mitt liv, men ingen slike....................inntil snille-Trine-tøff-i-snasken braste inn i min tilværelse.
Tusen takk for all god hjelp, støtte, latter, historier og menneskevarme Trine-mor.
Du er et menneske jeg aldri vil glemme, uansett om jeg blir 100 år! ( da skulle jo jeg besøke deg på aldershjemmet........ikke)?
God tur til Førde, god tur tilbake til Bergen på besøk....og husk, jeg har alltid plass om du trenger overnatting!
Skal hilse masse fra Julian og Madeleine! De vil heller aldri glemme deg,selv om det blir lenge mellom hver gang dere sees.
Klem fra Mona Yvonne, barn og hund(hund og hund)...............