fredag, februar 17, 2006

I dag når eg vakna, hadde eg fått 7 ubesvarte anrop på telefonen min, og 6 nye meldingar. Det var rett og slett ikkje måte på popularitet. Opphavet til dette starta tidlegare i går. Sasi og Jeanette skulle ut, og ville gjerne ha meg med. Slapp og trasig som eg er for tida, meldte eg meg ut og ville heller legge meg tidleg og i edru tilstand. Rett før eg la meg fekk eg ei melding fra Sasi, der ho skreiv at dei skulle komme på besøk til meg. Eg klarte ikkje å ta dette heilt alvorleg (av heilt opplagte årsaker, fulle folk tar ikkje bussen fra Minde, forbi sentrum og ut til Sandviken seint på kvelden ein torsdag når byen roper på dei). Men det hadde dei faktisk gjort, så på min veranda stod det ein liten plante (gudane må vite kvar dei hadde funne den på vegen), pluss eit brev skrive på ein H&M-kvittering. Der fortalte dei om bussturen ut, at det var skuffande at eg la meg så tidlig og at dei hadde klart å ha en "planteseremoni"der ute, sjølv utan meg. Fantastisk! Dåke er no jammen dei søtaste eg veit om, det var kjekt å vakne opp i dag! I samme anlendning, litt for seint, må eg ønske Jeanette velkommen i skattekista. Nydelege Jeanette som alltid har fine kle og fjonge sko og ser ut som ei filmstjerne. Ho seier omtrent aldri nei til å bli med på leik, dans og moro. Ho er ein kløppar til å drikke tequila utan å rope på elgen etterpå, og deltar svært aktivt når situasjonen tilseier at all frukt, stygge lysestakar og andre unyttige gjenstandar må kastast ut på gata, og det fort! Eg er glad eg ikkje er gut, for då hadde eg nok blitt forelska i Jeanette. Dersom vi hadde blitt kjærestar, hadde eg aldri turt å slå opp med henne, for eg vil helst ikkje at J skal vere sint på meg. Men eg hadde ikkje villa slå opp med deg uansett, altså. Putte inn to dårlige bilder tatt med mobil ein sein kveld i fjor haust.

4 kommentarer:

Sasi sa...

Vi fann ut at det var på tide at vi var litt spontane av oss, så vi ville jo gjer nåke vi VISSTE du ALDRI hadde trudd om oss..(ikkje vi heller egentlig)Men der va jo mørkt hos deg (dataen stod på), faktisk i heile minilandsbyen- nesten. Men men vi prøvde å gjere det beste ut av det. Sprang sikkert hundre ganga forbi soveromsvindauge ditt og ropte kviskrande: "Triiine". Og at du ikkje vakna av Abba melodien so Jeanette spelte om att og om att, è fotsatt eit mysterium for meg. Du søv jo godt jenta=)
Jaja, Jeanette og eg har no fått ei oppleving for livet, mykje bedre enn ein bytur! Vi hadde forresten med vin og øl te deg, men det får vi ta att seinare.
Vi gjer alt for deg ,Trine;)

P.S. Var ikkje planten fint pynta??

Trine sa...

Jo, den va kjempefin! Hadde vel akkurat sovna, så da e eg vanskelig å vekke. Skulle likt å sett dåke! Håpe vi får tatt det igjen fort!:)

Anonym sa...

eg veit nåke så hjelpe om ein er trist å lei å ein skulle ønske ein va ein podekatt som kunne ligge å sove på sofaen heile dagen...finn fram mulu-cden din og anskaff deg Nelly Furtado "Whoa Nelly"...dette er musikalske godbitar som smeltar inn i øyregangen og omsluttar hjernen som et ugjennomtrengelig "shield" og får deg til å synge å danse mens du tenker på gøye ting du har gjort og nye heftige party ting å andre sprell du kan gjere i framtida:-), mens kvardagen står litt på hold!
Dette vart ein heilt rar lang gramatisk ukorrekt setning..jaja..hohoo. Klemåklem C

jeanette_s sa...

ÅÅÅhhhh... tusen takk for dei fine orda Trine!!!:) No vart eg kjempe gla:) Hadde eg vore gut ville eg vore ilag me deg eg og;) Vel, eit heller lite flaterande bilda av meg?? Synd du ikkje va oppe for å motta den vakre blomen vi hadde me!

ps. kjøkenet vårt har no ein plante for lite....

Neste gong må du ta oss på alvor!
KOsemos:)