søndag, februar 12, 2006

Gratulerer med morsdagen søte, snille, mamma! Mamma er allergisk mot internett. I jula introduserte eg henne for begrepet "å google" nokon, som eg gjer ganske ofte. Eg fortalte henne at om det sto noko om henne på internett, ville kven som helst finne det ut ved å søke på namnet hennar. Først vart ho sjokkert, og spurte om eg trudde at det faktisk stod noko om ho der inne. Eg sa at eg ville ikkje akkurat tru det. "Nei, for eg vil faktisk ikkje vera inne på intarnette!", sa mamma. Men no er du det likevel;-). Mamma vil at alle skal vere snille med kvarandre, at alle songar skal handle om fine ting og vere kvikke utan å bråke, ho seier at vi ikkje får sjå på skumle ting på tv, klarar aldri å vere vaken ein heil film(iallefall sjeldan). Mamma er drit-tøff og klarte å bli heilt frisk når ho fekk kreft, og klarer å smile og le sjøl når ho har vondt i heile kroppen og må halte rundt istadenfor å springe på tur når det er det ho helst vil. Mamma er vår helt og stjerne, synger merkelige songar og lagar rare lydar for å framheve ulike poeng betre. Ho har alltid lure råd og triks på lur, og er alltid den første vi vil vere med når vi treng trøst - for ho er jo MAMMA! Mamma har ein bil som alle på merkelig vis klarer å krasje borti. Mamma blir bare bedre og bedre for kvar dag. Her les mamma rar-bok-med-lyd-bok til Maja. *Lalalalalalalalalala*

1 kommentar:

Anonym sa...

JAA!! Sånn e jo Mamma!!!
Gode, gode, mammaen vår :-)