tirsdag, mars 07, 2006

Nokre band har lange og avanserte navn, og med ein gong ein høyrer dei overset ein dei automatisk i hovudet. Iallefall gjer eg det. Som "Red hot chilipeppers" (eller "Red hot silly skreppers", som var namnet på russebilen vår.), Rolling Stones, The white stripes & The darkness. Men plutselig ein dag kom eg på at Coldplay blir "kaldspel". Teit kanskje at eg ikkje har tenkt på det før, men eg syns iallefall det var veldig søtt. Og det er jo dessuten måte på alt eg skal drive å tenke på heile tida. Eg såg dei live på Quart 2001, ei kjempefin oppleving, sol, varme, gode venner, heilt fremst, litt sånn halvberusa. Eg fekk blikkontakt med Chris Martin (ja, sikkert), og la planar om giftarmål på sekundet. Lite visste eg då om at han ville kapre ei av verdas finaste og flinkaste skodespelarar og i tillegg smelle henne på tjukken med eit eple. No er ho gravid igjen. Skulle ikkje forundre meg om det blir ei pære denne gangen.

8 kommentarer:

jeanette_s sa...

hahah!! eg ville mykje heller hatt Trine eg!:)

Sasi sa...

Eg håpe på ei pære eller ein fersken, ei banan ville blitt litt rart..

Anonym sa...

MelonMelon!!!

Anonym sa...

Er dere helt på druen?

Anne Mari sa...

hahaha så morsom du e:)merkelig at ho blei smellt på tjukken med et eple for epler blir man jo ikkje tjukk av.. har faktisk hört at en blir tynn av å ete eple

Anonym sa...

Eg syns at eple og potet passe ganske bra ilag.

Anonym sa...

Jasså.. Men i din verden må en jo synge "dabadibidu" og sånt for å vere spennande og interessant musikk.. *heheheheee*. Holdt forresten på å le meg i hel da en av idol-deltakerane kalte Tor Milde for "han der strenge-Per".

Anonym sa...

...Rett i fleisen , og fytti kor vondt det gjorde!