onsdag, mars 01, 2006

Når ein jobbe i butikk er det ikkje måte på kor mykje ein må finne seg i. Kunden har alltid rett, heiter det seg jo, men er no det eigentleg sant? For eksempel når eg har skifta pære på ei lampe tusen gongar og kunden kjem og insisterar på at den lampa har "speesiaalpeere". Uansett kor mange gonger eg seier at "joda, det både står på utsida at det er vanlig pære med liten sokkel, i tillegg til at eg veit det fordi andre enn deg har lurt på det samme." - Allikevel MÅ eg kvar einaste gong åpne eska for å vise at eg har rett. Gjerne også faktisk skru i ei pære for å vise at det er heilt sant. Så må eg bare smile og sei "joda, det er lett å sjå feil, den er jo veeeldig spesiell den sokkelen. Jahahahaheheheeeee" *terapismil*. Så har vi alle dei opplagte spørsmåla, og ikkje minst dei "morsomme" spøkane som kan irritere vettet av den mest hardbarka og tolmodige butikkselgar: Då eg jobba på fargehandel i Førde for eksempel, kunne eg aldri selge ei flaske rødsprit utan at kunden sa "Ja, der var helga i boks, mohaha". Ikkje spesielt morosamt den sjuhundradeogørtande gongen eg høyrer den, men sannelig lo og smilte eg like tappert kvar gong. Dumme spørsmål til å få fnatt av, er til dømes: På fargehandelen: - Har dykk måling? (Nei sjølvsagt ikkje, her har vi kun blomar og porselenshestar.) På parfymeriet: - Kan gutar bruke denne "Armani for men"? (Eigentleg er den for damer og berre ein lure-parfyme, men okei då). I barnehagen: - Er min lille godklump Amalie/Robin/Nora/Tobias/Whatever her framleis? (Nei han/ho oppførte seg så jævlig dritt på fjellturen i dag, at vi dumpa han/henne på Ulriken) På Living: - Har du støvsugarposar? - Nei, vi har kun lamper av elektriske artiklar. - Fysøren, dårlig service! (HÆ?!HÆ?!) Kva i alle dagar er det som feilar folk? Eg bare spør. I tillegg har eg lært at det også er dårleg service at folk ikkje får reklamere på lamper dei har kjøpt for sytten år sidan, og gjerne ein heilt annan stad, kanskje i eit anna land ("Har det nåkke å si, då?"). Er det rart eg blir bittelitt sur avogtil?

7 kommentarer:

Anonym sa...

...ja! nei!

eller for eksempel karen som tok bakholdsangrep på meg i dag da jeg satt i kassa: "Dette er et ran!" "hahaha, neida...har dere toalettbørster i plast...?"
Moroklump det!

Anonym sa...

Eg syns at du skal ha altisammen på ein gang og allti vere snill ;-)

... hahhahahaha, du må gjerne vere sur, men eg ler meg ihjel i alle fall....
Stakkar deg! *trøstekoseklem*

Anonym sa...

Apropos toalettbørster...
I går vart det innlagd ei dame på mi avdeling. Ho hadde besvimt og spidda seg på do-kosten sin. Faktisk.

Så: Pass dåkke for dokosten.
Sov godt *hihi*

Trine sa...

Fyttigrisen, kanskje like greit å vere butikkdame istedenfor dåkter:|

Anonym sa...

Eg liker best når kunden står på andre sida av butikken og plystrer på meg....EG E IKKJE EI BIKKJA FOR FA...grrr

Sasi sa...

ARGH! Eg trur eg kunne gitt ut bok om alt so irritera meg med ein butikkjobb!! Jobba du her..? hehe, neida eg lika berre denna grøne drakta, så eg har fått sponsa den. Bra reklame liksom! Har du meir solsikkefrø att? Nei, dessverre utsolgt. Men è du sikker på at du ikkje har? Ja, men berre vent litt så skal eg spørre for å vere på den sikre sida. Nei, dessverre- UTSOLGT! Men de kan ikkje ha det på lageret då? È det nåken so veit ka det vil sei å vere utsolgt? Det betyr at butikken è fullstendig tom for den varen. Eg har den ikkje under genseren min ei heller ligg den klemstra under ei hylle!!!!!!!!!! Forstå DET DÅ! Og du! VAren È ikkje gratis når den ikkje vil slå seg inn. SÅ berre slutt å sei det og og at du ikkje får nåke att på kvitteringa. Ok, no må eg stoppe, kjenne det strømme på. Stopp stopp...stopp

Anne Mari sa...

hihi så morsomme dåkke e:)