fredag, mars 10, 2006

Eg er heilt matt. Alt står på hovudet i leiligheten. Det kjennes merkelig, vemodig, skummelt, likevel trygt, trist, feil og rett å gjere det eg no gjer. I dag grein eg meg gjennom et heilt varehus, Living, nærast heimen min dei siste to åra. Tenk, desse menneska har eg tilbrakt meir tid saman med enn kjærasten min og familien min. Ei stund då alt på langt nær var så harmonisk som no der, var eg sikker på at den dagen eg skulle slutte, ville det vere med flagget til topps, hive meg rett i champagneglasset og jodle resten av dagen. I staden vart det kjempetrist. Signe, med det fantastisk mutte morgontrynet, som utviklar seg til verdens herlegaste latter utover formiddagen, det blanke håret, alle planane om "den perfekte jobb og dermed tilværelse" (eg veit du vil finne den til slutt.), med dei lange beina og ingen anelse om kor flott ho er Ellis, verdas største rampefjes; -Om ho kjenner til femti litt stygge sengesett som har forsvunne på mystisk vis? Nei, det har ho aldri hørt om. Heller ikkje ein månad seinare når vi finn dei trykka inn mellom teppeunderlag eller strykebrett. Ellis som får stjerner i auga når ho kan klatre med ei tå på toppen av ein stige, jo høgare mogelegheit for brekte bein, jo betre. Som berre ler når ho får kjeft, og kjem unna med alt. Karen, "Jei aaaner ikke", som under den litt fjonge bergenserdamestilen faktisk også er ein eventyrar. Ho som har vore på ei høgaste fjella, som symjer naken i sjøen omlag heile året. Som fekk ein ny sjanse i ein alder av nokon-og-femti, og tok den! Mona, eg kjem tilbake til deg, sidan du skal få bli innvia i skattekista. Men ingen kan vel vere så mykje mor, samtidig som du avogtil må vere mitt lille barn. Tøffare enn toget mest, men likevel innimellom ein pitteliten kylling - akkurat som meg. DU HAR Å MØTE HAN! Anne Lise, strenge, sinte - trudde eg, heilt til eg skjønte at du er mjuk som ei silkepute på innsida. Og dessuten "dritar i det, eg e lei av å vere sinnakjerring, dessuten e eg snart pensjonist uansitt". Ruth, vår søte og nydelig flinke nye sjef, som brått gjorde kvardagen så mykje lettare! Som rett og slett sluttar å fungere dersom ho ikkje får skiva si når ho er nødt til det. Nina, litt skumle, som introduserte seg sjølv med å sei at ho ikkje akkurat likte jenter særlig godt, ville heller forholde seg til menn. Jammen gjekk det bra likevel, gitt! Tine, som gir meg ein ny song på hjernen kvar gong ho nærmar seg, aller helst ein med Mira Craig. Som er sjeldent munter, masete og fjasete, nett slik vi likar det. Naiv-forsiktige Vaibiks, som aldri blir lei av å sitte i kassa. Som smiler samme kor teite folk er (men er flink å bruke "slemme-boka" om det blir for gale). Marianne, søøte lille Marianne. Eg gledar meg til å høyre om kva som skjer no når du skal slutte å vere fornuftig og heller gi litt faen og tøffe deg litt. Dei gøye og frekke kundeservice-guttane og -jenta, Erlend som alltid har ein kjapp kommentar på lur, som trur han kan både skrive og snakke nynorsk, men ikkje er særlig god i nokon av delane (Les: Potetar og kjøttkakar, det er bergensk - ikkje nynorsk). Ole som er ein underfundig kar, i starten visste eg aldri når han var alvorlig og når han tulla. Han skjønt no at han tullar. Alltid. Renate, streng men rettferdig. Ørjan - Det er ikkje så ille å vere frå Førde! Sotra er verre! *Hehehe* Alle lagerguttane, både dei som snakkar og dei som ikkje gjer det. (også du som ikkje seier hei eingong) Velaug og Cecilie, såklart. Mine to sjelefrendar, eg håpar sterkt på hyperaktiv msn-kommunikasjon, mail, telefon (ja, såklart også telefaks), grillfest i hagen i Førde, rotbløyter som den siste som eg snart skal legge ut bilder frå, bryllaup og barndåp, heile sulamitten. Eg kjem til å sakne dei alle så sårt, og blir heilt knust av tanken på at Living-livet faktisk skal gå vidare som om ingenting har skjedd no når eg ikkje er der lenger. Berre flaks at dei faktisk vil vere der alle saman, når eg sikkert dreg på besøk om ei veke eller to...:)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Og der var sipeguri i gang igjen..snufs..trur snart eg ikkje har meir vatn igjen i kanalane mine. Har gått rundt med ein kjempe gigantisk klump i magen i heile dag. Føles nesten som eg ikkje skal sjå deg igjen nåken sinne,men det e jo heilt feil! Så fort det passe for oss begge, tar eg beina på nakken og spring til Førde...men korleis eg skal klara meg her i Bergen og på jobben uten deg,det e eit stort mysterium...E SÅ UTRULIG GLA I DEG SØTE,SNILLE JENTO MI...(snyte-nasa-og-tørke-tårene)

Trine sa...

De går nok så fint så..(prøve å overbevise meg sjøl..) Men som du seie, de e jo ikkje siste gang vi sees! De e bare en liten pause, sjå på det som en liten ferie fra meg! Eg kan jo vere litt plagsom innimellom? Glad i deg også, min søte grinejente*

Anonym sa...

Du plagsom???ALDRI!!!! Kjeme iallfall til å savne deg sinnsjuk:) Nei no rope loppekassen på meg! Natta....

Anonym sa...

Jeg tror jammen meg jeg skal være glad for at jeg ikke delte de siste dagene med dere på jobb...det hadde ikke blitt mye moro av det gitt! Fins det egentlig noe verre enn avskjeder?!
Nettopp derfor var det sånn en fin avskjedsfest på onsdag...uten sipping og denslags - bare god gammeldags moro fra ende til annen! Takk for det!

Dessuten kan vi trøste oss med det mest fantastiske oppi all denne elendigheten; at du har denne skattekista! Den blir nok til god hjelp i nær fremtid! Dessuten - sånne sjelefrender - de har det med å sees igjen! Ü

God tur vennen! - og dersom tigerstaden i værste fall skulle bli ufin og behandle deg dårlig, veit du hvor du skal komme!

god, varm klem Ü

Sasi sa...

Trine, det è ikkje berre berre å rive opp rota og starte på nytt. Eg synest du è veldig tøff som tek eit så stort steg vidare no. Det è veldig trist for oss som sit igjen i denna regnfulle byen, men vi møtes jo igjen..Eg skal i alle fall komme som ein ilande katt til Førde. På tide faktisk, at eg får ræva mi opp der til deg:) Gleda meg masse til å sjå deg igjen og til å høyre ke so skjer med deg vidare. Veldig glad for skattekista di- lett å følgje med, og så har vi jo telefonen då..Lykke til med den nye/gamle jobben kjære Trinejente, og så gleda eg meg heilt villt til Høyangerfesten vår:):):) *Laaaang og god klem*