lørdag, februar 25, 2006
I dag kom eg på at layouten min ikkje er verdas finaste, så eg ville endre den. Eg kunne jo ta den svarte, men då ville eg bli hermegås etter Sasi og Jeanette, så det kunne eg ikkje. Prøvde både kvit, grønn og den litt fine pudderfarga. Men dei føltes liksom ikkje riktige... Så da endte eg opp med Barbie-rosa igjen. Bèr over med meg, versåsnille.
Dagen har også komme (omsider, skulle blitt gjort for lengst) til å ønske eit par nye skattar velkomne til kista.
Først Caroline, dedikert medlem av både "skinnjakkeklubben" og "Skreppene". Seinare også av både russebil, min innerste krets og no også skattekista! Vi har hatt våre ups- and downs og det har heilt klart storma både rundt og i oss. Men alt blir jo bra til slutt, og til sommaren står Carlos brud tilogmed! Du blir heilt sikkert den finaste bruden Jølster har sett, og eg gledar meg til å sjå kvar og ein av dei hardbarka "Gutta" grine vettet av seg.
Sjølv om du no skal bli kone og eg ikkje akkurat er i nærheten av å bli det med det første, håpar eg sterkt på fleire stæsj- og vin- og tull- og fjasefestar saman, men eg vil også nøye meg lenge bare eg får en kopp te i ditt gode selskap:).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
ååå....eg blir så veldig lett rørt no for tida..tårene pressa seg på titt å ofte..som igår da kurt nilsen,ali,espen lind å ein aå heite askil sang halleluja m akustisk gitar på først og sist på nrk...hoioioi..sat eg her aleine å måtte bare grine litt:-)eg får ein sånn overveldande følelse av at d e så masse fint i livet!!bli ikkje mindre gladtrist når eg får jumpe oppi ei magiske skattekiste som eg ikkje ha sett nåke til på så mange år,å som eg djupt ha savna!!i mi verden savna eg dei goe vennane mine som eg kjenne ut å inn,som eg berre kan møte å ha d gøy m å vere seg sjøl på godt å vondt!!men akk dei e så langt unna alle sammen..brått blir alt så meiningslaust..koffor kan vi ikkje leve sammen alle ilag å sleppe å savne å vere gladtrist..d e så slitsomt:-)ihvertfall når ein får gråtetrang av først og sist..offamei!men trine,eg takkar for nydelige go-ord å lat oss no skåle for eit langt å lykkeli liv ilag!!må sjå deg snart!!har så masse å snakke om!!e du i bergen 17-19 mars?da komme eg dit...eg ska vere m beni på alternativmessa!!kom du også,babe!!koos.C
ÅONÅO! Akkurat den helga skal eg faktisk til oslo, så det var jo typisk flaks... Bare husk på ein ting, det e bedre å vere gladtrist enn tristtrist*blunkblunk*. Ta et ekspressfly hit og bil med på dynkesegivinkveld som eg skal ha, da blir alt bare gøy og ingenting trist! Så kan vi sminke oss i kor og ha gullskoa på! ja! lur plan!
Legg inn en kommentar