tirsdag, mars 14, 2006
Det er fint ver i Førde. Det er bra. Mamma, pappa og Marte er snille med meg. Det er bra. Her et eg sunt, til faste tider, det er også bra. Eg har fått ein mjuk start på sjukehuset, klart å smile og svare kort på alle spørsmål. "Jada, eg har komt heim for å jobbe litt, ja kjekt å vere heime hos mamma. Ja. Hade!".
Så, innimellom, kjem eg på at no er dette faktisk den einaste heimen min. Til vanlig seier eg at eg skal heim til førde og så heim til Bergen igjen etterpå. Men no har eg dratt fra den eine heimen. Og ikkje berre det, eg har dratt frå vennane, kollegaene, guten og byen eg er så glad i også. Og når eg tenker på det, blir hjartet mitt til ein kald, våt og slapp klut og må grine litt. Er så mykje å tenke på, avgjerder å ta, minner å passe på å ikkje gløyme.
Eg veit heldigvis at Bergen vil vente på meg om eg kjem attende, det same vil skattejentene og kollegaene som også har blitt mine gode vener. Om ikkje så altfor lenge vil Heidi og fjonet og Rune vere der, og så er alt på plass. Iallefall det meste.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Nemmen stakkars deg vennen min. Eg tenke masse på deg. Sånne ting e kjempevanskelige men både meg og C gutten syns du e kjempetöff. Eg glede meg sånn til helga når vi skal mötes. Då kan eg leike terapaut:)
Gla i deg
Du è no berre i førde. Vennane dine è fortsatt vennane dine og Bergen blir nok der den er, også dei neste åra. Det går jaffal rykte om det. Ting è hardt no, men veit du, ein dag blir alt bra! Kjære deg, du har god tid til å tenke. Bruk tida godt. *trøste* *trøsteklem*
bergen vil alltid ønska deg velkommen med åpne arma, og det vil me som bur her óg! Du veit at uansett kortid det skulle vera,så e me her for deg alle sammen...ingen som skal nåken plass:) Glede meg iallfall sinnsjukt til å sjå deg igjen og det skal ikkje bli lenge til. Sant?
vi heia på deg vi Trine!!! Eg synst du e tøff altso:)!! Du lar ingen pirke deg på nasa...og om du skulle komme tebake, so e vi her me bolla og brus for å feire:)
Legg inn en kommentar