onsdag, mars 22, 2006
Faren for at bloggen blir ein bursdagsblogg er overhengande. Slik er det når så mange born vert produserte i mars. For i går var det nok eit bursdagsbarn. Dette barnet er ei som ikkje seier noko særlig på bloggen, men eg veit ho er her likevel. Iallefall av og til.
Jenta vi snakker om er mildt sagt fantastisk. Ho er ufatteleg dyktig, ambisiøs og kreativ , men vil vel helst ikkje vere "flink jente" alltid. Ho brenn for at folk skal få fortalt historiene sine, få vist verda kva dei kan og at ingen skal rotne bort i ein krok når dei har kroppen full av gode idear.
Ho er rettferdig, snill, omtenksom, morsom, har ein kjempeflott mann. Om ho vil, har ho ei lysande karriere foran seg i det ho studerer no, men (heldigvis for meg) lurer innimellom på om det er det ho skal bli når ho vert stor - eller noko heilt anna. Ho vil alltid det beste for alle, og gjer alt for at vener og familie skal ha det bra.
Eg vil med dette berre sei at om du finn ut at ankerkvinnejobben ikkje vert som forventa, er eg når som helst klar for å bli kabaretartist saman med deg på Mallorca. Gratulerer så mykje med overstått, min kjære venn!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
13 kommentarer:
Lure litt eg, kem e ho som va bursdagsbarn i går?
Ja, dette var en hard nøtt...
Er det Carola???!!
Slå av pcen. Bruker for mye strøm. Ta av stømadapter, ellers blir batteriet som på din egen pc. Lag middag. Føn håret mitt. Du har for lite å gjøre. Ta Bronkylen din.
..Gute Besserung..
Frykta det ja!Tenkte i mitt stille sinn: please, det kan ikkje vera mulig at Trine faktisk har brukt bloggplass på den damo der...men jo - det hadde ho...trur det brast nåke langt inne i sjela mi...eller kanskje det berre e magen min som spele meg eit puss? Syns forresten du e begynt å bli litt småfrekk Velis, veit ikkje heilt ka eg syns om akkurat det...
stryk kjolen min! Krøll håret mitt! og finn viften miiiin!
ta nesesprayen din! røyk pipa di! og stram opp barna dine! *hehehe*
Hallo, det kan jo vere ei jente som e like glad i å posere som carola gjør akkurat på det bildet der som eg e! Dåke veit de nok begge to om dåke tenke littegrann.
Det er bursdagen til Hitler.
Nei, nå skjønner jeg virkelig ingenting?!
For det første var Carola bare et kjempetipp fra min side(dersom du følte jeg var nesevis og frekk Cecil..?).
Og hva skal alt dette andre bety?
-..er det stesøstra til Askepott?!
Jeg prøver å tenke Trine, men jeg får det ikke til!
Åh Trinemor, du e jammen snill du;) Men litt av nokre frekkisjenter som skriv her altså. ver snille, så får dokke leve lenge i landet!
Trudde óg at det var Carola sin bursdag og at kjære Velisen va litt frekk fordi eg ikkje forsto det(eller ikkje ville forstå det)! E kjempelei for det snille søte Velaug, veit jo at du aldri e frekk ;)No syns eg du må fortelle kem det e Trine, før det blir meir bråk....
Det va vel Eli sin bursdag vel. Å nei, avslörte eg den store hemmeligheten?
Tusen takk, Anne Mari! Du har redda nattesøvnen min :)
Gratulerer med overstått, Eli!!!
... skal du vere ankerkvinne???
Legg inn en kommentar