onsdag, april 06, 2011

100 vs 30 vs 23

På Oldemor sin hundreårsdag spurte eg henne kor gammel ho kjende seg på innsida. Ho svarte at ho sjelden hadde følt seg eldre enn 23. Isåfall har eg slått henne allerede, iallefall no om dagen. Eg veit at eg har nevnt våren i dei siste søtti innlegga her, og eg veit ikkje kvifor eg lengter slik etter den i år. Vinteren i fjor var lengre enn i år. Men eg kan ikkje huske at det var vår i det heile tatt i 2010. Ikkje sommar heller, for den del. 2010 var det første året i mitt liv der eg ikkje bada i Norge. Når eg tenker på det no var det jammen superflaks at vi dro til Spania, for ellers hadde det ikkje vore andre årstider enn vinter i mitt tjueniande år.

Anne Mari og eg snakka om det når eg var hos henne; at når vi var små var alle årstider toppen på sitt vis. Snowjogs og akebrett gjorde vinteren fullkommen. Å drikke kakao på termos og spise dobbel brunostskive fra vottehand sittande på gjerdet utanfor rekkehuset i Kongleveien 1d. Tynn vårjakke og småsko var ein dobbelseier medan ein gleda seg til tusen is på 17. mai og at snøen skulle smelte på Hafstadfjellet. For det betydde at eg fekk gå uten strømpebukse. Og da var det sommar og dødsviktig å ikkje få grønske på knea. Lukta av blomsterkrans på hendene og sand i håret. Donaldblad og saft på altanen. Eg kan ikkje huske at eg måtte bruke solkrem når eg var liten, men eg måtte det heilt sikkert. Hausten, deilige haust. Med tørt løv, forhåpentligvis, og epler i alle lommer. Spennande leiker ute når det vart mørkt om kveldane og Buster kunne gøyme seg bak alle hushjørnene. Det var mange hushjørner i Kongleveien. Tjukkegenser og lue før boblejakka måtte på, berre litt kortare i armane enn sist.

No kjenner eg meg 7 år igjen. Eller i det minste 23.

Vad gør vi nu lille du?


Når Mad Men sesong 4 er ferdigsett?

Vi venta lenge med å sjå dei to siste episodane. Men no er det over og livet mitt eit vakum. Skal eg sjå Six Feet Under igjen medan eg ventar på neste sesong? Eller skal eg bare ta fram hundefløyta og blåse i den så hardt eg kan. For kjem vel våren. Eg har vore klar så lenge!

Eg kjøpte nye støvlettar i Helsingborg, og dei kjem til å kle blomstrete kjolar og bare, sjølvbruna bein...
Skal legge ut nokre bilder fra turen til Sverige/Danmark ein anna dag. Ein dag eg ikkje er gal av lengsel etter å sjå meir av Donald Draper og ikkje må legge meg.

For det gjør eg nu, lille du.

onsdag, mars 09, 2011

Vakkert


I anledning kvinnedagen sendte SVT1 ein dokumentar, "Women are heroes".  Filmen er laga av JR, ein fransk fotograf og gatekunstner. Han har saman med teamet sitt reist rundt i verda og portrettert kvinner i blant anna Rio, Kenya, India og Kamodsja. Kvinnene fortel historiene sine, sterke, forferdelige og vonde historier - men dei fortel også korleis dei har klart å reise seg og fortsette liva sine trass i undertrykkelse, vald og store tap og lidingar. Undervegs har JR laga gigantiske posterar og hengt i byane og nærmiljøa der kvinnene bur. Auga til kvinnene kunne sjåast på bygninger, tog, tak og murar. Dei blei sett av alle, og kvinnene sin stolthet over å bli både sett og høyrt var ekstremt rørande.




Filmen er vidunderlig vakkert filma, musikken er fantastisk, og sist, men ikkje minst vart eg umåtelig stolt og glad over å være ein del av alle verdas kvinner når eg såg denne filmen. Kombinasjonen av å være beintøff, sårbar og medmenneskelig er uslåelig. Og eg elsker JR som har gjort dette prosjektet. Sjå den om de kan!

Eg er forresten ikkje smart nok til verken å greie å legge ut trailerane ordentlig, eller fjerne linkane. Så der har de meg; woman of the web, not so much. Men søk opp "Women are heroes" på youtube, eller last ned heile og sett av ein kveld til tårer og gåsehud.

tirsdag, mars 08, 2011

Eg er kvinne,

og i dag er det min dag. Og alle andre kvinner, forsåvidt.

I utgangspunktet betrakter eg ikkje meg sjølv som kvinne. Ikkje dame heller. Men no når eg om litt bikker 30 år... Bør eg slutte å vere jente? Det siste eg vil er å ende opp blant dei som kaller seg "ei sprek jente på 63" i kontaktannonser. Men "dame"? Eg føler at ei dame bør gå i drakt. Og ha kort hår. Eg eig ingen drakt, og har heller ikkje særlig kort hår. Eg er faktisk såpass patetisk at min grad av lykkelighet minker i takt med lengden på håret. Men det er nok fordi eg aldri har hatt ordentlig sveis når håret mitt har vore kort. Med unntak av pottesveisen eg hadde som ettåring. Pottesveisen stilte riktignok ingen krav til meg når det kom til verken styling eller vedlikehold, så eg trur ikkje det teller. Eg skulle ønske eg var tøff nok til å bære kort hår med verdighet og livsglede. Men eg trur ikkje det hadde gjort meg meir kvinnelig. For sjølv om eg framleis berre er jente, er eg kvinne nok.

Og eg gleder meg sånn til å lufte alle jenteskoa mine når det blir mindre vind og regn! Dei står på rekke og rad og venter spent. Eg kan faktisk høyre dei sukke i utålmodighet og lengsel etter å svinse avgarde på brustein og dingle i handa når føtene mine skal gå på gras. Snart.

søndag, februar 27, 2011

I have been globetrotting!

Beskjeden globetrotting, men likevel. Rød og eg stod opp klokka halv fem forrige fredag. Halv fem er så tidlig at om nokon tenker å kalle det morgon er det berre å tenke om igjen. Halv fem er natt. Og det er ein kjent sak at eg fungerer ganske dårlig når eg må stå opp om natta. Men vi hadde viktige affærer å ta oss av i hovudstaden, så eg beit tenna saman. Vi var tidlig ute til flybussen begge to, Rød stod pigg og klar som midnattsola på bystasjonen når flybussen med meg på svingte inn.


Så dro vi da. Til Velaug i Oslo. Cirka ett år etter 30-årsdagen da ingen av oss kunne komme. Vi er visst ikkje så rask i vendingane, Rød og eg. Men når vi først kom, kom vi iallefall tidlig! Oslo var stengt og stille. Og full av snø. Eg hadde i eit svært korttenkt øyeblikk sett for meg at våren hadde komt lenger i Oslo enn i Bergen, men måtte bite det i meg raskare enn ein kan sei "utepils". Det er nok meir enn ein grunn til at VM ikkje vart lagt til vestlandet.

Eg har aldri likt Oslo spesielt godt. Sikkert ikkje særlig rart, i og med at eg var der svært lite i oppveksten og dermed aldri har blitt kjendt med byen. Husker berre vi tok ein tur fra Tante Bitten og Onkel Oddvar i Sandvika då eg var kanskje sju. Eg hang meg opp i navnet "Spikersuppa", for det skulle pappa vise oss. Han syns det var stas - eg fikk det bare ikkje til å stemme. For et tullete navn på ein stad uten verken spiker eller suppe.

Men Oslo veks på meg, det må eg innrømme. Til tross for snø og holke. For det første, om Velaug seier det er ein bra by, så trur eg på ho. Når ho i tillegg beviste det med å geleide oss til kriker og kroker fulle av skatter, nydelige perler av bruktbutikker, interiør-, kle- og skobutikker og toppa det heile med byens kanskje fineste lunchsted. Eg blei forelska. Og gleder meg til å oppleve byen igjen når det er vår!

Vi var faktisk litt lure også, som la turen utanom VM og innanom By:larm! Så etter verdens lengste fredag(eg sov ikkje middag eingang!) med mengder av bobler og vin, la vi plan for lørdag kveld. På grunn av vær- og føreforhold tenkte vi det var lurt å holde oss til ei scene, sidan vi ikkje hadde festivalpass. Ingenting er som å starte "kvelden" med ei flaske lunchbobler på delings, så heimturen, pynteseansen og det meste gikk på skinner. Ut igjen på skara sneia vi innom ein stad for asiamat før vi jogga til Sentrum Scene. Det er utrulig at vi ikkje knakk eit einaste bein, for om det var oppkjøringa til VM eller kva; Velaug hadde voldsomt konkurranseinstinkt denne kvelden og det var veldig ofte viktig at vi var tidlig ute. Eg må le når eg tenker på det no, høyrer stemma hennar i hodet: Vi skal iallefall inn før de der! Kom igjen, jenter, spring! Så vi gjorde som vi fikk beskjed om og sprang.

Kveldens høgdepunkt var Sassybeat - unge fantastiske smårips, to jenter på vokal/fiolin/gitar/bass. Eg gleder meg som ein unge til plata kjem ut, det var gøy, gøy, gøy! Og eg får klump i magen av stolthet av dagens ungdom.
Det neste bandet har eg kanskje glømt. Eller var det Elvira Nikolaisen? Jo, det var det kanskje. Eg vart iallefall skuffa over henne. Men om det kun var på grunn av dårlig lyd eller om det berre var kjedelig, er eg litt usikker på. Vi gjekk iallefall på Tilt, ein veldig kul spillebule-bar. Der minst to menn fekk gjennomgå på unisexdoen. - Vi hører ingen tisselyd der inne, går det bra med deg? Ikkje la deg sjenere bare fordi vi står rett utenfor! Jenter på stigande glede/boblerus, altså....
Tommy Tokyo var fabelaktig. Karismatisk og superdyktig, eg bør jammen høyre meir på den mannen! Men på siste sangen merka Grønnsåpa at livsgleden var lett dalande. Eller, eg blei berre så sinnsjukt trøtt. Og for meg fins det ingen utveg når Ole Lykkøye set seg på skuldra. Eg må sove. Blei lett panisk da eg merka dette, for eg ville jo ikkje at kvelden skulle ta slutt så tidlig! Da er det så bra at det er trapper ned mot scena som vi kan sitte på imellom slaga. - Kan eg sove litt på fanget ditt, Rød? Og eg fekk lov! Håper Mari Boine ikkje tok det personlig, eg har tross alt litt sameblod i årene sjøl, så ikkje gjer det, Mari. Men eg sov på Rød sitt kne heile konserten.

Alt var dermed klart for finalen med Peter, Bjørn og John, som eg elsker. Stigande livsglede og ei heilt ny Grønnsåpe.

Etterpå gjekk vi på Internasjonalen og sittedansa i ein sofa medan vi tok uklare bilder av oss sjølv før vi gjekk heim og såg på barnetv på nettet(!)

Eg holdt ut heilt til halv seks, og er offisielt STOLT av meg sjølv. Og alle var enige om at det hadde vore ei fabelaktig helg!

lørdag, februar 26, 2011

Ikkje eitt vondt ord om VM,

Men altså... Ein heil dag med tv-bilder av skrinne menn som hopper og hopper og hopper i tåka? Og i og med at dei norske ikkje veg meir enn eit par fjør, så seier det vel seg sjølv at dei har problem med å hoppe til bunnen av bakken. Kall meg gjerne medgangssupporter, for eg hadde sikkert syns det var kjempestas om vi vann i dag, men eg er desperat etter eit alternativ!


Gjett ein gong kvar eg fann det. På FEM! Kanalen som veit kva ei kvinne vil ha. Om du er usikker på løysinga får du den gratis her av meg: 
- Serier om jenter, klær og drama, gjerne med "Girl" i navnet, type Gossip Girl og Gilmore Girls. For det siste vi treng er å bli usikre på om dei verkelig handler om jenter
- Forferdelige oppussingsprogram, helst fra nittitallet. Her vil eg gjerne trekke fram dei som pusser opp husa til folk på berre 60 minutt. Eg hadde fått sammenbrudd om eg kom heim til ei halvferdig leilighet med halvfuga bad, halvtørr maling og halvferdig stylig. - Versågoood! Kor glad blei du?! Ikkje særlig.
- Sist, men ikkje minst. Vi jenter elsker tydeligvis alt som er alternativt og overnaturlig. Snakke med englar? Jepp, loves it. Snakke med døde? Helst! Generell spøkelsejakt, meir eller mindre truverdig? Åjada!


Så no tipper eg de er sinnsjukt spente på å få høyre kva FEM erstatta VM-tåka mi med. Ein dokumentar om Hessdalsfenomenet, eit gåtefullt lysfenomen i Hessdalen i Sør-Trøndelag. Det har vore forska mykje på kva det eigentler er, og vart ifølge Wikipedia oppklart i 2007. Om de er interessert kan de lese om det her: http://no.wikipedia.org/wiki/Fenomenet_i_Hessdalen. Det var ikkje så interessant, sånn egentlig. 


MEN! Det som vekka merksemda mi ved heile programmet var at ho som hadde mest kunnskap, tydeligvis hadde sett fenomenet på nært hald og fekk dermed snakke mest om det, ho hadde bart! Masse! Det var gøy! Dessuten beskreiv ho det som "eitt kneippbrød som kom svevande innover". Så ein må jo nesten berre ta det seriøst, når det er på det viset, ja! Jaja. 


Det mest mystiske med heile dette innlegget derimot, er korleis skrifttypen plutselig endra seg med ein gong eg nevnte Hessdalsfenomenet. Dèt er noko FEM bør ta ein titt på. Eg prøver å anlegge bart i mellomtida.

torsdag, februar 10, 2011

Det er vått ute.


Eg vakna av regnet i dag. Til ein viss grad kan det kalles forfriskande i motsetning til dei dagane eg vakner av at vaktmesteren ruller bosspanna ut i gata. Det er hundrevis av bosspann, iallefall føles det sånn. Og han tar seg god tid med rullinga. Å bli vekka av den lyden er på lista over absolutte bunn-3 måter å vakne på.

Uansett. Rød og eg hadde avtalt å jogge klokka ni i dag. Og det med regnet var ein strek i regninga. For vi hadde gjetta og håpa på soloppgang og fuglesang (ambisiøst, eg veit), men der bomma vi kraftig. Stiv kuling, striregn og tre grader. Men vi gjorde det likevel, så poenget mitt med heile dette innlegget er nok strengt tatt å skryte litt av oss. Lårene mine er fremdeles frostskada etter 6 kilometer med piskande regn - men det kjennes likevel deilig!

No skal eg ta på meg fjeset, plukke med meg ein kaffi og sjå om eg finn på noko lurt til mamma til søndag. Kanskje eg for første gang i mitt "voksne" liv klarer å både anskaffe OG sende gave så den kjem fram til morsdagen. Eg liker å innbille meg sjølv at alle liker å få ting litt for seint, for da varer liksom feiringa lenger, sant? Eller ikkje.

I morgon skal det bli sol!

tirsdag, februar 08, 2011

Eg elsker Scrabble, ord & vår.

Her er det eg har å glede meg til. Og å glede seg er som kjent like stas som sjokolade. Oslotur på besøk til Velaug-snupp, Kaizerkonsert, Køben/Helsingborgtur til Anne-Mi, festivaljobbing, og forhåpentligvis mange lyse kvelder, masse frisk luft, parkliv, piker, vin & sang. Og helst masse kvalitetstid med søstre, småfolk og foreldre. Eg har store ambisjoner om ein deilig vår. Og later som om den er her allerede.

mandag, februar 07, 2011

Borte, men likevel der -


Bent lar seg lett begeistre, og ser vakre ting i det meste. Eg får støtt og stadig mail med ting han syns eg bør sjekke. Vi er jo ofte enige i kva som er fint og ikkje, men nokre gonger slår ting litt hardare enn andre. Denne bildeserien traff meg rett i hjartet. Dette som har vore nokon sin heim, nokon sitt liv, som berre er borte. Men som likevel kviskrar - Eg er her framleis. Eg får gåsehud.

Sjå alt her:
http://www.marcusbuck.com/freiearbeiten_restarchitektur_en.php

mandag, januar 31, 2011

Og når vi først var inne på globuser;


Sjå! Eg elsker det. Med bare ein globus i mi "samling", vil det nok ta litt tid før eg kjem på dette nivået. Har de forresten sett "Where the wild things are", skatter? Vidunderlig fin film. Gutten filmen handler om har også ein globus, som han fekk av faren sin før han døde. På foten av globusen står det "this world is yours". Nydelig!

fredag, januar 21, 2011

Verdens tristeste tanke -

Eventuelt dagens, da.
Eg er heime, har slutta tidlig på jobb i dag. Frihelg! Bent er i Paris og eg markerer begivenheten med å gå bananas. Drikker vin sjølv om klokka berre er fire. Vasker huset med Regina på øyret. Det er lengst sidan sist, og eg kjenner at eg har savna, savna, savna å vere i hennar gode selskap. Og det var altså her den kom, den sørgelige tanken. Fra Samson;


You are my sweetest downfall
I loved you first, I loved you first
Beneath the stars came fallin' on our heads
But they're just old light, they're just old light
Your hair was long when we first met


At stjerner berre er gammelt lys er det tristaste eg kan tenke meg. Akkurat no, da. Men ein kan jo tenke at sålenge dei rekk fram i tide til å lyse for oss, så får det vere greit. Og for dei som lurer på om eg nokonsinne skal slutte å sitere Tori, Regina, Halldis Moren og Rudolf Nilsen: Nei. Eg skal ikkje det. Når eg bildesøkte "gammelt lys" for å sjå kva verdensveven meinte om saken, kom dette bildet opp. Lysekrone av globusar! Loves it!



torsdag, januar 06, 2011

Lykke

Då vi var i Gøtet gjekk vi søndagstur i ei veldig søt gate. Den hadde mange superfine antikkbutikkar, kle- og interiørbutikkar og til og med ein kloggebutikk! Vi spiste lunch på ein kjempedeilig kafe (der eg låste meg inne på do, forresten. Eg trudde ein slutta med det på åttitallet?). Utsikten vår til hjørnet over gata var denne nydelige husflidversjonen av gatekunst. Til å smelte av! Men eg gløymde sjølvsagt å fotografere den når vi gjekk.

Men gjett kva! Her om dagen fekk eg ein mms av Anne Mari som hadde gått tilbake og tatt bilde for meg! Søtaste! Bildet er lagt til Annemi så det kjem opp når ho ringer, såklart. Og no har eg det som bakgrunn på telefonen også. Eg blir glad kvar gong eg ser det. Ingenting er deiligere enn små drypp av kvardagslykke!

fredag, desember 31, 2010

Til totusenogti;

Eg smilte meg inn i deg, 2010. Med bobler i kroppen og høge hæler på lett skjelvande bein. På toppen av taket ønska vi deg velkommen medan det small og blinka rødt, grønt og kvitt over heile Bergens himmel. Alt vi ikkje visste. Eg veit det no.

At i 2010 skulle eg utfordres. To tusen og ti kasta hansken og tøffa seg. Skremte vettet av meg. Ga meg fysisk vondt og mental filleristing. Gjorde meg meir letta og takknemlig enn eg har kjend meg nokon gong. Lurte meg, gjorde du, 2010. At vi plutselig skulle sitte på Tønsberg sjukehus med mamma på respirator uten å vite kva slags veg året, livet og kroppen hennar ville gå - kven skulle tru det på taket der med stjerneskot i handa? Ikkje eg. Men det hadde uansett vore umogleg å forberede seg på. Men det gikk bra. Det gjekk riktig veg. Og når vi hadde rista av oss intensiv-avdeling-tåka etter nesten to skumle veker ved mamma si sjukeseng var det nærast ubegripelig kor heldige vi var. Det var så nære på. Og det var nesten som å få nye briller - noko eg riktignok ikkje veit noko om, brillelaus som eg er. Men det var deilig å kjenne seg svevande og glad og framleis ha ei lys levande mamma. Herlighet kor fantastisk, 2010. Du har jammen vore eit år med store kjensler.

Eg har øvd på å vere ærlig. Med vekslande hell. Eg har prøvd å tenke på andre. Med ca like vekslande hell. Tenkt litt på meg sjølv har eg også. Til dels med svært dårlige resultat. Og så nokre gode.

Nokre dager har vore så fine at dei bør leggast på fløyel i skattekister av glass. Så dei beheld glansen men likevel kan beundres når enn eg har lyst. Andre dagar burde gått i bosset lenge før sola stod opp. Dei fleste dagane kunne like gjerne blitt bunta saman og solgt med pakkepris. 4 for 2. Dei var så like, mange av dei. "Hald det i handa og kjenn på det litt, så må du blås det bort", sa Oldemor. Det har eg gjort med mange. Nokre dager venta eg kanskje for lenge før eg blåste dei bort. Andre slapp eg for fort. Dei aller aller beste putta eg i hjartelomma og skal ha der alltid. Eit par av dei verste også, forresten. Men berre slik at eg alltid kan kjenne på skilnaden om eg vil.

Det har vore hyggelig å halde deg med selskap, 2010! Men no er eg ferdig med deg og lukker døra.

Sights and sounds
Pull me back down
Another year

I was here

torsdag, desember 09, 2010

Ups, glemte nokre av dei nye vennene mine!

Desse to begynner også å bety mykje for meg. Like spennande kvar dag å sjå kva slags kostyme Mrs. Dog skviser monsterpuppane sine ned i. Freakshowlykke!

Sjukdom

Eg har tydeligvis slengt for mykje med leppa i det siste. Om at eg nesten aldri blir sjuk og at ingenting bit på meg etter influensaen i 2007. For no har eg min andre dag på sofaen under dyna med ein hals som kjennes som om den har svelgt piggtråd. Sikkert vel fortjent etter å ha vore eplekjekk. Jaja. I går fekk eg kjøpt tre julegaver på ein time på nettet, så eg får likevel brukt tida på eit vis.

Men det skal nevnast at det blir ein del tv. Og eg merker dømmekrafta mi vert svakare for kvart minutt som går. Eg vurderer å kjøpe samme ansiktsrens som Katy Perry. Muskelmaskina som trener musklane for deg, og som på eit blunk gir deg v-fasongen eg "alltid har drømt om" virker merkelig appellerande. Og desse tre har blitt mine beste venner:



Og det er jo litt spesielt. Eit par dagar til på sofaen, så trur eg nesten "Days of our lives" vil blir interessant også. Eg såg faktisk ein halv episode i dag, og det er merkverdig kor lett ein kjem inn i handlinga! Dialogen er heilt fantastisk elendig og skuespillerane burde skytes, men likevel! Spanande! I dag var det ei dame som skulle lure ei anna dame til å tru at nokon skulle lage tv-program om henne - noko som sjølvsagt var toppen for ho som blei lurt, sidan ho trudde det var sant. Og grunnen til at ho som skulle bli lurt skulle bli det (dette er forresten ho som er programleder i "The biggest looser"), ifølge ho som setter i gang denne frekke planen, er at "she is a lying bitch who stole my son". Så luredama er altså svigermora til ho som skal utsettes. It makes sense.

Eg må seriøst få meg tilbake på jobb igjen snart.

mandag, desember 06, 2010

Draumehytte



Eg gleder meg allerede! Til eg blir rik. Og til dei som eig den no blir lei av den.

Det er litt synd i denne bloggen


For det første:

- Den har berre ein følger (Men takk for støtten, Ina!)

For det andre:

- Den får kanskje litt få innlegg for tida. Mogleg årsak til kun den eine følgeren.

For det tredje:

- Innlegga har vore litt gørre. Eg veit det.

Eller, dei to siste tyder iallefall på høg stemning i Gøteborg! Det var fint, deilig og fantastisk. Merkelig kor fort ein kjem ut av det dagleg-kjedelige og inn i feriemodus berre av å krysse grensa til nabolandet. Eg blir så glad av å henge med Anne Mari, min semi-svenske bestis. Og det er luksus å sjå kvarandre to gonger i løpet av eit halvt år. Gøteborg er ein nydelig, nydelig by, og Bent og eg klarte på mystisk vis aleine å snuse oss fram til dei finaste skattebutikkane og den beste kaffebaren mens Annemi og Charlie var på jobb.

A & C har brukt sommaren og hausten på å pusse opp ny leilighet, og har gjort ein fantastisk innsats. Heimen deira er fabelaktig - det gamle råloftet har peis og tusen meter under taket, gjesterommet har vidunderlig tapet dei sjølv har lagt på rund vegg - eg er imponert! Og begeistra.

Ingenting topper ei lang helg fylt av herlig selskap, god mat, masse vin og latter! Engergiboost av ypperste klasse.

No er det desember og kræsjlanding. Men eg har stjerner utanfor stovevinduet. Både over og under. Og det er det ikkje alle som har!

lørdag, november 20, 2010

Kärlek på öget, be good to me

Liste, for dei som treng. Kolon.

Eg er i Sverige og er ikkje smart nok til å skjönne tastatursystemet.
Men her. Liste over dagens bra.

Snö
Vin. Fortrinnsvis rosè. (Sjölv om det er vinter!)
Venner, gamle, gode, beste.
Göteborg
November, på tross av kor vondt det gjer også.
Deig mellom hendene og lukt av tomatsaus på komfyren.
Sia - stop trying
Anne Mari - I looove you!
Nye skjerf. Til og med det eg kjöpte på Weekday som eg ikkje forstår korleis eg bruker. Eller, spesielt det, faktisk.
Pause fra byen, jobben og landet.

søndag, september 19, 2010

Agnes - som levde i hundre år

Nesten som Tornerose, berre vaken. Det er ganske sprøtt å ha kjent nokon som vart så gamle. Enda sprøare at det var oldemora mi, og at ho var ein del av opphavet til det som vart bestemor mi, mamma, søstrene mine, meg. Maja og Leonard. At det nyaste mennesket eg kjenner aldri hadde vore til om det ikkje var for det eldste. Ikkje akkurat avansert matematikk, men det er så rart når ein tenker over det.

Oldemor opplevde og huska begge verdskrigane, det er jo heilt surrealistisk. At mannen hennar var på havet under krigen, at ho fødte tante Grete medan ho ikkje visste kvar han var eller om han eingong var i live. Dei høyrde ingenting frå han på fleire år, trudde han var død. Så plutselig stod han i døra og hadde ein treåring han aldri før hadde møtt. Må ha vore rimeleg høg "Ka farsken"-faktor på den augneblinken der.

Marthe-tremenning og eg overnatta hos oldemor for nokon år sidan, og tok oss den frihet å sjå i nattbordskuffene. Skulle nesten tru oldemor hadde rekna med det, for vi fann eit brev frå kvar av oss - skrivne med ustø barneskrift til Oldi for mange år sidan. Og så fann vi eit brev frå oldemor til oldefar, sendt under krigen. Brevet var igrunn overraskande daglegdags i formen det var skrive, litt sånn "ungan og sauan har det bra". Men likevel, vi kunne lese mellom linjene at ho prøvde å ikkje gjere han uroa over ting heime, og brevet nærast dirra av usagt kjærleik og redsel. Eg føler meg heldig som ikkje kan forstå korleis dei hadde det.

Oldemor var hardtarbeidande mor, husmor og aktiv politikar. Samtidig er ho mest sannsynlig den i familien eg har arva min kjærlighet til sko, vesker og skjerf frå. Vi snakker om ei dame som tok opp lån på åttitallet for å kjøpe ei veske i krokodilleskinn, som hadde ei skuff full av hansker og silkesjal og benytta kvar ei anledning til å svinse rundt i pelskåpa si.

Ho hadde nok kjærleik til alle og eg har aldri møtt nokon med mjukare hender. Etter å ha levd med mannen sin i femti år og deretter utan i tredve, unna eg ho kvile og forhåpentligvis møte han att ein stad. Men det er så rart at eg aldri skal sjå henne igjen.

mandag, september 13, 2010

Haust-blues

Med hausten kjem det blå. Joni Mitchell er soundtrack og surrer på repeat i hodet, magen og hjartet. Eg vakner om natta av regnet og likar det, men drømmer om tørt lauv og lyden av det under skoa.

Lurer litt på korleis det vart slik, at eg liker best det gode når det har ein ørliten sørgelig smak, og omvendt. Dei mørke kveldane og lukta av hausten gjer meg trist, men samtidig lengter eg etter det når sommaren kjennes altfor lys. Det har alltid vore slik. Men meir dei siste åra. Og sjølv om dei som er borte har forsvunne til alle årstider, kjennes dei aldri så nære eller så langt vekk no som når hausten er her.

Onkel Bjørn, som gjekk bort når Heidi og eg var på Samos. Han har steinar og sand fra kanten av Middelhavet i grava si. Vi tok det med til han når vi kom heim. Og eg tenker på han veldig ofte. Han som kom som ein lysande skatt frå Sortland eit par gonger i året. Han sa vi skulle plukke akkurat det vi ville i blad- og godtehylla på butikken, og syns alltid vi var for beskjedne. Irritert sa han: Altfor lite! Finn meir! Det var ingenting som var meir stas enn å få fylle ut tippekupongen for han laurdag formiddag. Han hadde faste rekker på lottokupongen kvar veke, og når mamma og tantene mine rydda i tinga hans tok dei kvar si rekke som dei tipper på framleis. Sjølv om han ikkje kunne sjå, visste han alltid kven som kom opp trappa av lyden fra skritta våre. Innimellom tenker eg på dèt når eg går opp ei trapp: Onkel Bjørn hadde hørt det var meg, lenge før eg var framme.

onsdag, august 11, 2010

She knows what`s going on;

Det er mørkt og regner ute. Og sjølv om det kjennes merkelig, med tanke på sommeren som aldri verken kom eller gikk. Hausten kjem snart. Og det er greit. Eg har ei skuff full av Pukka på kjøkkenet. Det finnes millioner av bøker eg ikkje enda har lest. Eg elskar skjerf.

Greit nok - eg dreg til sola på laurdag, skal bade, drikke vin og grille meg i ei veke. Likevel - hausten er alltid velkommen i mitt hus.

Det er kanskje sant;


Eg har lånt bildet fra ein blogg eg liker veldig godt, hjartesmil.blogg.no. Besøk den om de trenger vakre bilder å sjå på, eller generelt gode vibber!

søndag, august 08, 2010

Mommy`s home, now you can open the door



Eg får ein følelse av at Chanel har blitt inspirert av min yndlingsmusical fra barndommen, Rock`n roll wolf. Vi satt benka foran tv`en i skrekkblanda fryd og kunne ikkje fatte og begripe at smålamma var dumme nok til å ikkje høyre forskjell på mor si glassklare stemme og den frekke, frekke ulven som berre ville ete dei opp. Uansett flaks eg har kikkehull i døra, slik at dette aldri vil forekomme her.

Og når det kjem til pelslufsene på beina? Neitakk!

I want your bad romance

Eg er sommerforelska i Lissie og digger Lady Gaga - denne gjorde valget for meg, to fluer i ein smekk. Loves it!http://www.youtube.com/watch?v=MWe07krS8_E

onsdag, juli 28, 2010

Ny bok. En skatt.


Eg var i Førde ei stund no i ferien. Bent og eg var på gjenbruksbutikken til Misjonssambandet på skattejakt. Vi fann ein kommode som skal få bu i gangen. Den bur enn så lenge heime hos mamma og pappa, siden den blei litt i største laget til å ta med seg tilbake på bussen.

Men! Eg fann ei bok! Tidligare la eg min elsk på Tore Renberg etter å ha lest "Mannen som elsket Yngve". Så når "Charlotte Isabel Hansen" stod og lyste gult mot meg i ei hylle, måtte eg berre ta den med meg. Og den er så fin! Den skal lånast ut til Nathalia og Rød i boklåneklubben, og til alle andre som melder interesse. I boka har forfattaren sitert eit dikt, det er så vakkert - eg deler det herved:

Alt er annerledes end du tror, end jeg tror
fanen flagrer stadig,
de små hemmeligheter er endnu hos sig selv,
de kaster stadig skygger, deraf
lever du, lever jeg, lever vi.

(Opprinneleg "Es ist alles anderes" av Paul Celan, oversatt til dansk av Peter Nielsen)

tirsdag, juli 27, 2010

Onkel Jan Harald

Tanta mi var forelska. Skikkelig masse. Mulig ho hadde vore det før, men isåfall var eg så lita at eg ikkje merka det. No var det ordentlig, visst. For ho tok han med heim til oss i rekkehuset. Han hadde fint og litt fluffy hår, tynn kropp og veldig fin bart. Han lukta parfyme – det gjorde pappa aldri. God parfyme, merket var visst Ferrari. Han elska bilar. Og oss. Søstra mi og meg. Han hipsa og kasta rundt på oss og kalla søstra mi ”skolebølle”. Det var berre fordi ho akkurat hadde begynt på skulen. Ho var langt ifrå ei bølle, iallefall. Ho var alltid berre snill. Eg vart misunneleg og sa med den litt skjerande stemmen eg seinare veit eg hadde fordi eg har hørt meg sjølv på kassett at ”ka er eg da, onkel?”. Eg var barnehagebølle. Også kasta han meg opp i lufta. Eg var så liten.
            Seinare var vi i Tyskland. Vi sov ei seng som vi dro ut av veggen som ei skuffe på skrå. Eg husker ferien for rare telt på stranda, som vi sola oss i, og at eg ei natt grein skikkelig masse uten å vite kvifor. Eg liker å tru eg hadde vondt i magen. Eg hadde sikkert det, altså. Uansett, onkel likte å hive på meg. Høgt, høgt  opp i lufta, sikkert for å vise at han var sterk, og for å få høgfrekvente hyl frå kroppen min. Ein av dagane  var vi ein stad med lavt tak. Eg trur ikkje eg eigentleg husker dette, eg berre trur det fordi folk har fortalt meg alt så mange gonger. Det var lavt tak der han heiv meg i lufta, og han ville hive meg høgare. Dobbelt så høgt var vel omtrent dobbelt så gøy.
            Det som var dumt, var at når onkelen min  trudde han hadde gått bort fra taket og kysten var klar for å kaste meg enda høgare opp, tok han feil. For det var ein bjelke rett over der. Den var visst av jern, og han beregna kastet ganske bra. For eg traff bjelken med hodet først.
            Men eg har fått mange smell i skallen både før og etter. Eg veit ikkje om eg kan garantere at eg ikkje har tatt skade av alle sammen, men det trur det har gått nokonlunde greitt. Eg greidde jo å lære å skrive, i det minste. 

Familietreet

Ganske lenge har eg drive på med eit prosjekt om familien min. Eller slekta mi. I forhold til veldig mange eg kjenner har vi ikkje særlig stor slekt. I konfirmasjonen min hadde vi omtrent alle på overnatting, for eksempel. I huset vårt. Nitten folk på overnatting vart i grunn ganske intenst i dei tre dagane det stod på (ein konfirmasjon varer tross alt fra lørdag til mandag, må vite), og vi brukte både vaskerommet og boden til "soverom". Men når dei nitten var heile familien min, bleikner det i forhold til dei som har fleire søskenbarn enn dei kan telle.

Uansett. Eg skriv om alle sammen. Store og små. Historia om pappa og kirsebærtreet høyrer heime i familietreprosjektet, for eksempel. Tenkte eg skulle vise nokre fleire av dei fram. Siden eg er dårlig blogger om dagen (året), er det jo ikkje så farlig lenger.

Respekt!

Det er vel ingen hemmelighet at eg syns Britney er ei veldig kul dame. Ho held stemninga oppe på eit kvart vorspiel, og om ein treng ein song å grine til, har ho eit par av dei som held mål også. Det skal ikkje stikkast under ein stol at dama har hatt ein del koko-moments dei siste åra, men kven har ikkje dèt! 

Dette er riktignok gammalt nytt, men at Britney viser retusjerte bilder opp mot uretusjerte av seg sjølv i lite klær - herlighet! Eg bøyer meg i støvet i respekt. Og no tek eg sjansen på å framstå skinnhellig, men eg syns faktisk dei uretusjerte bildene er dei finaste. 

Vi har appelsinhud alle sammen, og når Britney kan vise sin, kan vel eg det også. Så i morgon skal eg gå med shorts og gje faen. Jenter, ikkje bruk ei krone på anti-cellulit-piss, det virker ikkje uansett, og alle har det. Eg veit, eg har vert på vise-rumpa-vorspiel i helga, og eg syns det eg såg var vakkert! 

Sommaren er for kort til å ikkje like seg sjølv!

tirsdag, mai 25, 2010

Eurosong = lykke

Min absolutte favoritt etter dagens semifinale er Serbia, med sitt fullstendig koko show, med koreografi tydelig inspirert av nittitallets aerobic-triks. Også den friken av ein solist. Han ser ut som ei kinesisk barbiedukke. Med blondt hår og udefinert kjønn. Akkurat som det skal vere!! Jaja, gje meg meir!!

mandag, mai 24, 2010

I dag kjentes det ok igjen med te;

Eg føler eg kanskje var vel streng og mutt i går morges. Den teen fekk ufortjent tyn.

I dag stod eg opp tidlig, dusja og tok på meg fjeset heilt uten å skape meg. For klokka ni kom nemlig Sanna - kunstnarvenninne av Bent, (fantastiske bilder, sjå berre her: http://www.susannakajermo.se/) for å avlevere hunden sin Kompis, som eg skulle passe. Kompis er ein dansk-svensk gårdshund, berre kvalpen. Så dagen har vore prega av intens hopping, springing, litt biting og masse kos. Eg ønsker meg også ein Kompis!

Og, ja, planen var å sei noko bra om te i dag. For å veie opp for gårsdagen, liksom. Pukka-te er min favoritt, eg elsker alle smakane, noko som begynte å by på finansielle problemer ettersom at dei koster omtrent 70 kr i butikk. Det må jo seiast å vere i overkant råflott pris om ein har tenkt å drikke mykje (og det hadde eg tenkt). Så før jul sjekka eg heilt for moro skyld om det var mulig å bestille på nettet. Og sannelig! På pukkaherbs.com plukka eg alt eg kunne få for tohundre kroner i handlekurven. Nokre dagar seinare kunne eg hente ein gigantpakke i posten, og holdt på å le meg i hel når eg tok alle eskene utover kjøkkenbordet. Ikkje mindre enn 11 esker! Snittprisen blei dermed ein god del lavare enn i butikken. Eg følte meg ekstremt lur og veldig heldig. No er det snart på tide å bestille på nytt.

Så moralen er - te er godt, Trine er lur. Snakkas!

søndag, mai 23, 2010

Eg har ikkje lyst på te.



Eg gidder ikkje å dusje. Eg vil ikkje ha sjokolade. Eg vil ikkje at Bent sin genser skal få meg til å sjå så kort ut. Eg vil ha lange bein. Eg vil at håret mitt skal tørke superfort, at sminken legg seg på av seg sjølv, og at eg ikkje har krøller lenger. Eg veit at eg ønska meg det når eg var liten og hadde hår stritt som strikkepinner, men eg angrer no. Eg vil ikkje gå ut og vite at alle ser lang vei at eg var lettere kanakkas i går. Eg må ha, eg må ha, solbriller på. Og da kreves det faktisk sol. For eg vil ikkje vere ei av dei som går med solbriller i overskya vær. Og eg vil iallefall ikkje vere ei sånn som går med solbriller inne.

Eg skulle egentlig ønske meg ei meir positiv innstilling i dag. Får dusje, føne håret, glatte det (eller faktisk drite i det), ta ein kopp te mens eg sminker meg (berre litt), ta på meg noko anna enn Bent sin genser, spise ein sjokoladebit, ta solbrillene i veska og stikke på 7/11 og sjå om dei har velvilje og godt humør til salgs. Tar kanskje til takke med Ben&Jerry-is om førstnevnte er utsolgt.

lørdag, mai 01, 2010

Liste to;

Mindre elskbare ting, heller hatbare, men det ordet fins ikkje, og eg syns ikkje ein skal hate særlig mange ting. Men dei eg liker veldig dårlig, da:

Allergi (Eg har ingen, men det er jo frekt at nokon må ha det. Kan ikkje alle berre få vere i fred?)
Betakaroten (Folk med gulrotfarga hud burde tenke seg om neste gang)
Chips med eddiksmak (Det må nokon ha funne på berre på tull. Det går jo ikkje an å spise)
Dustefaensfolk (Det er jo heilt logisk. Ingen liker sånne)
Elg i vegen der ein skal kjøre (Etter så mange år burde elgen ha lært)
Fjell som er altfor høge (Det er berre dumt å klatre i sånne. Du dør når du har hengt fast for lenge, eller så er det altfor langt ned viss du løsner)
Grumleren (Han er fremdeles marerittmateriale)
Hikke (Alle trur at du er full, sjøl om det er midt på dagen og du er på jobb)
Indigo (Det er ikkje sant at det går an å bu i eit bosspann)
Jegerfolk (Viss dyr vil bli spist, kjem dei på døra og gir beskjed)
Kaldsvette (Æh! Det må bli utrydda!)
Leamus (Når ein først har fått det i øyet, forsvinner det jo aldri)
Magesjau (Det er berre dumt. Må utryddast helst fra no av)
Narkolepsi (Urettferdig at nokon sovnar i dei mest idiotiske situasjonar. For da må eg le av folk det er synd i, og då framstår eg som eit ganske dårlig menneske, men eg er jo egentlig grei)
Oraklet i Delfi (Er sikkert litt oppskrytt, iallefall no. tusen år seinare)
Pasjesveis (Er ikkje det omtrent det samme som pottesveis, berre med eit litt finare ord? Vil ikkje ha)
Qk (Fremdeles tullebokstav)
Revers (Veldig unødvendig om ein har tenkt seg framover)
Sjukdom (Ca aldri riktig)
Tankeverksemd (Oftast lurt, men nokre gonger berre ei belastning)
Uvær (Veldig dumt med lyn om ein står på ei open slette heilt aleine uten bil)
Velmeinte ord (for det meste bra, men brukt på feil måte - veldig...feil)
Witch-witch (Vi fikk aldri til det der med musical her til lands)
Xylofon (KVEN fann på det pompøse ordet til eit heilt middels instrument?)
Yr (I luggen - absolutt fatalt)
Zebra (Eg lurer på om det er sant at dei har zebramønstra hud under pelsen)
Ækle ting (Stava med Æ blir alt værre)
Øvelse gjør mester (Og liknande gladgeit-utsagn utgår på det sterkaste. Ein har faktisk meir moro enn ein lagar sjølv ganske ofte)
Åre (Der må alle holde seg unna, ellers mister ein prinsessa)

Skriv under på å vere fornøgd med denne også. Hielt klart. No må eg legge meg.

fredag, april 30, 2010

Tusen år siden forrige liste

Og da må eg lage ei. Alfabetisk, dessverre ikkje fargesortert, og på langt nær nyansert. For eg har drukke øl  siden krigen. Den tidligare i dag, da. Herlighet, eg levde ikkje under verken 2. verdenskrig, den kalde krigen, eller blitskrigen (handla den om fotografering?), så det er ingen av dei krigane.
 Uansett. Her kjem det elskbare;

Apetitt (ellers hadde eg dødd av sinne og sult)
Barfot i sanden
C-vitamin (det er godt med appelsin, og dessuten føler eg at C er ein skikkelig vanskelig bokstav)
Dadler med bacon (djiiiiises)
Epler (dei har fått sin fortjente renessanse den siste tida. Gratulerer!)
Foreldre (ein hadde faktisk ikkje eksistert uten, og dessuten er det bra med foreldre, mine er topp-3)
Grøt (lørdagsgrøten er trendy igjen i mitt hus)
Helsetrøye (dette vil vekke reaksjonar, eg går altså ikkje med det etter den litt mislykka trenden for sikkert altfor kort tid sidan, men han eg bur med kler det merkverdig godt)
Intelligens (det er så miss å vere uten)
Joggesko (det heiter visst løpesko, men mitt språk har ikkje "løping" blandt orda, så sorry, altså)
Kveldsmat (den må vere heime i Førde og bestå av mamma sitt nybakte brød. Ellers gidd eg ikkje)
Lidelse (Her er stikkordet "nyanse" til å berre ha det bra. Konstante ting blir gørr i lengden)
Mat (Eg liker det)
Nyanse (Dette ordet kjem til å bli så brukt opp at det kjem på hatlista etterpå. Men joda)
Oldemødre (Dei er berre så bra å ha når dei lever, og når dei ikkje lever lenger, er ein så takknemlig for at dei fanst så lenge)
Pepper (krydderets versjon av unisex og onesize, sjølv om onesixe aldri passer alle)
Qk (er ein tullebokstav, så da får den tulleord)
Rips (for det er eit skikkelig bær, som faktisk går an å spise, i motsetning til stikkelsbær. Stikkelsbær? Seriøst. Berre navnet seier jo alt)
Spark (Tori Amos - du kan sette ord på alt. She's convinced she could hold back a glacier
But she couldn't keep Baby alive)Tante (å vere tante er å vere elska på ein anna måte enn eg nokonsinne har blitt det)
Uvær (eg elsker torden, å føle at jorda nesten revner, men bare nesten)
Valg (Vonde, lette, gode. Trist-fine)
W (det er tullebokstav, eg gidde ikkje. Whaaat?)
X (Eg gidde seriøst ikkje)
Yr (hvis ein kan sjå på det fra riktig side av vinduet, er det heilt greit. På utsida av vinduet er det fullstendig ugreit og ødelegger håret mitt. eg vil ikkje ha afrosveis)
Z (Åh, ikkje gidd, da!)
Æsops fabler (for det fins ingen andre ord på Æ, og den eine fabelen handla om ein fugl som fikk noko i halsen, og det var kansje underhaldande)
Ømhet (nærhet, kjærlighet, eg liker alt det)
Åpne kort ( alle burde spille med det, men det funker visst dårlig i poker)

Eg er fornøgd! Men det er no, da. Det er ikkje sikkert eg syns det i morgon, men eg lover korspåhalsentifingerihjertet å aldri slette dette berre fordi eg var på en snurr når eg skreiv det.

onsdag, april 28, 2010

Ein vis gammal mann sa dette til meg ein gong.

Det er lenge sidan no. Men lure ting kan seiast igjen. Til dei som måtte trenge det. For dei fins sikkert.


"Neida. Alt blir bra. Alt blir ikke som før. Alt blir ikke som du hadde tenkt. Alt blir ikke som du vil det skal være. Men det blir bra. Alt annet utgår."
Eg veit ikkje om det er sant. Men eg velger å tru på det. 
Mamma spurte pappa om han kunne beskjære kirsebærtreet. Det kunne han. Det aktuelle kirsebærtreet var det same som vi hadde begravd kattungen Oscar under. Dagen før nyttårsaften. Katten var liten, vi var triste, den var jo tross alt død.
            Etter tre begravelsar i familien iløpet av kort tid var dette den første jordfestinga eg såg faren min gråte i. Pappa er ein vaskeekte katteelskar.
            Men no var det sommar og pappa henta saga overraskande fort. Han kom attende like fort, stolt og svett. Ville gjerne ha nybakte bollar i belønning.  Mamma kunne nesten ikkje tru det. Mannen hennar var jammen flink. Ho gjekk for å sjå.
            Pappa syns mamma så tydelig hadde bedt han ”skjære ned treet”. Dette fann han ein smule besynderleg. Treet var jo igrunn ganske ungt og hadde nettopp fått bær.
            Men når mamma seier noko, har ho som oftast ikkje berre god grunn, ho har også bestemt seg. Så pappa sagde ned heile treet.
            Om dette hadde vore ti år sidan, hadde konsekvensane vore store. Mamma hadde grått hysterisk, ikkje sagt eit ord på fleire dagar og forbanna himmel og jord over evneveike ektemenn. Men no hadde ho hatt kreft, blitt frisk og alt, og uansett så klisjèfylt det kan virke, hadde ho fått perspektiv på skilnad mellom små og store kriser.
            Vi lo alle, og skynda oss å ete opp dei siste kirsebæra. Skjønt  alle var enige  om at ein stubbe er hakket meir stusslig minnesmerke enn eit blømande kirsebærtre.

fredag, april 16, 2010

My debutant-ball

I dag skal eg delta i selskapslivet for første gang på ein månad. Etter å ha vore pjusk og sjuk så lenge, har eg heilt prestasjonsangst. Eg trur ikkje eg husker korleis ein legg aftensminke. Eg veit ikkje korleis ein beveger seg i kjole. Han ingen anelse om eg faktisk greier å gå i høge hæler lenger. Håret mitt kjem til å få panikk om det kjenner antydning til styling. Ingen av leppestiftane mine virker lenger, sikkert.

Eg tåler garantert ikkje særleg mykje vin.

Men herlighet, eg gleder meg til å feire Sharin sin bursdag!

tirsdag, oktober 27, 2009

Eg er heime i Førde. I går såg eg i fotoalbum frå min barndom. Eg likna ikkje på nokon når eg var baby. Eg var det eg helst vil kalle "brun og fin", men som mamma insisterer på var gulsott, eg hadde ekstremt masse hår, og såg ut som ein eskimo. Naboane sa eg likna på postmannen. Eg veit ikkje om det er sant. I den seinare tid hadde iallefall postmannen lyst hår og pottesveis. Og bart, forresten. Då eg var på leiskule som seksåring, fann eg mitt indre, og hittil framleis blant topp 3 av skjulte talent (ja, dei andre to er brua og spagaten). Dette talentet består i å kunne bøye det øverste leddet på fingeren i 90 graders vinkel. Det ser heilt sjukt ut, og eg kjenner ingen andre enn meg sjølv som kan dette i så ekstrem grad. Iallefall ikkje før eg såg Jahn Teigen på framsida av Se & Hør gjere nettopp dette. Han hadde dette talentet på grunn av leddgikt, men smilte like blid fordiom. Og eg fekk ein støkk i hjartet når eg såg det. Eg lurte lenge på om dette kunne vere tilfeldig, eller om mamma på ein måte hadde vore på konsert omlag ni månader før eg kom til verda. Ein veit aldri med groupies, og det kan jo hende det var fleire grunnar til at Jahn Teigen alltid gjekk på full guffe på platespelaren når mamma vaska huset. Eit stakkars barnehjarte vert lett forvirra over manglande likhetstrekk med sin påståtte far (for eksempel hadde eg verken briller eller bart), når slike mystiske "tilfeldigheter" kjem for ein dag i bladhylla på Rema. Heldigvis fekk vi eit bilde av pappa sin far og alle hans søsken då eg var femten. Likheten mellom pappa si tante og meg sjølv var så slåande at eg nesten vart skremt. På bildet er ho også rundt femten, og sit rakt og alvorlig med blikket rett i kamera og ser heilt ut som meg. Ein ting mindre å bekymre seg over. Likevel, eg har hørt Jahn Teigen såpass mykje på plate at vi har eit band som ikkje slites så lett. Tipper ingen andre ungar har sunge høgare og med meir innleving "Du er en sheeell-stasjon!!!" (Også kjend som "Du er en sensasjon" for dei som faktisk kan norsk og høyrer etter på tekstane). Vel, Jahn, det kunne vore du og eg, men beklager - både hjartet og gena mine høyrer til ein John. Men gratulerer med overstått! Du er ikkje så verst du heller!
"Hentesett" Vanligvis er ordet ei betegnelse på kleda barnet har på seg når det forlèt sjukehuset og er nyfødd og alt det der. Anita og Jahn hadde fått heimestrikka hentesett til seg sjølve, dei. Og eg syns det er så umåteleg vakkert. Matchande blå angora - that`s real love, baby!

mandag, oktober 12, 2009

"Rødjakkedamen" har blitt eit fenomen på jobben min. Dama har, som de sikkert allereie har gjetta, rød jakke. Ho har gyllent hår, klippa i ein fasong totalt annleis enn alt anna eg nokonsinne har sett. Ho har ikkje-eksisterande hår foran øyrene, fordi det er klippa rett av i kant med augebryna. Ein kan kanskje betegne det som ein heilt fullstendig gjennomført skål-klipp. Rødjakkedama er innom gjennomsnittleg ein gong i månaden. Ho handlar alltid hos meg. Eg trur det er fordi ho har ein tendens til å komme like før stengetid og då er som oftast eg på jobb. Det er nok forresten også fordi eg er den einaste som klarer å vere tolmodig lenge nok til å hjelpe henne. Eg veit etterkvart at Rødjakkedama bur utan andre menneske, men ho har minst to kattar. Ho er veldig glad i desse, det merker eg, samtidig snakker ho alltid litt halvstygt om dei; Dei røyter veldig, er skikkelig snobbete, ho får dei ikkje til å spise vanlig kattemat, dei grin seg til luksusmat frå dyrebutikken. Dessuten har dei eit stort forbruk av fleecepledd, og det er der eg kjem inn i bildet. Denne dama er eit komplekst menneske (vel, kven er ikkje dèt?) - på den eine sida verkar det som om ho syns det er ei ekstremt stor utfordring å gå til ein butikk og forklare sitt behov ved å ta kontakt med andre menneske. På den andre sida virker ho totalt utsulta på mellommenneskelig kommunikasjon; ho får liksom ikkje nok, samtidig som ho syns det er slitsomt og veldig vanskelig. Etter å ha hatt Rødjakkedama som kunde mellom tjue og tredve gonger, veit eg handlingsmønsteret til minste detalj. Ho kjem smygande inn, vandrar langs hyllene. Held seg langt unna dersom eg har andre kundar, men beveger seg liksom-tilfeldig ganske raskt i mi retning om eg er aleine. Plutselig er ho der, berre. Og eg kan spørre kva eg kan hjelpe henne med i dag. Ho skal ha fleecepledd. Kvar gong. Ho finn dei på førehand, slik at ho alltid har to stykker og velge mellom. Minst eitt av dei er alltid raudt. Rundt juletider har ho rekord i å ha vanskeligheter med å bestemme seg, då graden av ulike fleecepledd i raudt er høgare enn resten av året, og vi kan risikere at ho må velge mellom fire ulike, røde. Då får til og meg eg min tålmodighet kraftig sett på prøve. Uansett, Rødjakkedamen ser meg sjeldan i ansiktet, ho mumler, trekker den eine munnviken ofte til side og ser rimelig mutt og oppgitt ut medan ho skal bestemme seg. Choices, choices, liksom. Det eine eller det andre - eller (helst ikkje) det tredje? Sukk, kattene klorer og biter hull i pledda, men dei må jo liksom ha pledd, sant, for dei må jo ha det koselig, det er jo viktig både for katter og menneske. Jada. Det er jo dét. Prosessen for avgjerd lakkar og lir, ofte tek det meir enn tjue minutt, og ho vil helst ha meg der heile tida. For å hjelpe henne med å bestemme seg, men eg veit jo at det ikkje er vits uansett. For når ho endelig har bestemt seg, kjøpt teppet, betalt og eg har lagt det i posen. Sagt hadetbra! Da går Rødjakkedamen. Til trappa. Så snur ho, kjem tilbake, og har ombestemt seg. Kvar gong. Forrige gang ho var i butikken braut Rødjakkedamen mønsteret. Midt i "skal-vi-se-hm-em-det-eller-dèt-ka-skal-eg-velge-eg-vet-ikkje", fortalte ho at ho hadde vore hos frisøren dagen før. Åja, sa eg, ja, det kan eg jo sjå, forresten, at du er nyklipt. Men det var eit problem, nemlig, ho vart ikkje heilt fornøgd, så ho hadde prøvd å rette det litt bak, uten speil og ikkje med spesielt god saks. Jasså? sa eg, og merka at eg begynte å stusse litt på kva som egentlig foregjekk no. Brudd i rutinene, skummelt. -Helt ærlig, er det veldig stygt? sa Rødjakkedamen, såg meg rett i auga og snudde seg rundt. Eg fekk heilt panikk. Det var krise. Det såg heilt forferdelig ut. Og kva skulle eg sei? Nokre tilfelle er for ekstreme til å lyge og sei Neeida, detvar så fint, så. For i bakhovudet hadde ho ei trapp. Ei veldig skeiv og veldig ustrukturert trapp. Nokre stader kunne ein sjå hovudbotnen. Shit. Eg sa at eg på ein måte kunne sjå at ho hadde gjort det sjølv, men det var ikkje veldig stygt. Kanskje ho skulle gå innom frisøren igjen og spør om dei kunne fin-klippe det litt? Det kunne dei jo sikkert fikse. Dessuten ville det vel vokse fort ut igjen. Ja, det kunne ho jo. Etterpå bestemte ho seg for pledd. Når ho betalte nevnte ho i forbifarten at ho hadde bursdag. Eg sa Oi, hurra, da må jo du spise kake i dag! Ho likte ikkje kake. Og når ho kom til trappa, snudde ho ikkje. Ombestemte seg ikkje, denne gongen. Eg håper ho kjem tilbake.

torsdag, oktober 08, 2009

Eg vakna. Med internettdekning! Det var haust. Gjekk tidlig fra jobb. Forvirra - kva gjer folk midt på ettermiddagen når dei ikkje jobber? Må dermed blogge att. Er nødt. Men kjenner fingrane ikkje heilt veit korleis dei gjer det meir. Var det slik det var, altså. Å skrive på data. Notatbøkene mine er jo endelause og fulle av merkelege snuttar skrive i raudvinsbris, dei blir ikkje publiserte med det første. Ikkje her iallefall. Dei skal den andre bloggen få. Dykk spesielt utvalde kjenner jo adressa. Den har stått stille i det siste den også, stakkar. Kva hender i livet mitt, egentlig? Eg husker ikkje korleis eg fekk så mykje utav så lite, egentlig. Ikkje at livet og kvardagane mine er "lite", altså. Men det er ikkje spesielt spanande. Sist gong eg møtte Knut frå vidaregåande sa han at han brukte stikke innom bloggen min (korleis visste han om den?) og han betegna den som "trivelig" eller noko i den duren. Eg føler faktisk livet mitt er noko anna enn "trivelig", men eg veit ikkje kva eg skal kalle det. Søstrene og eg var i Oslo på Tori Amos-konsert. Det vil eg ikkje karakterisere som "trivelig" heller. Det var faktisk spektakulært og fantastisk. Ho er seg sjølv framleis, like koko-gal-fabelaktig der ho satt i knallgul lizardkjole i verdas fjongaste skyhøge stilettar og spelte tre tangentinstrument samtidig. Det slo lufta utav meg. Vi har hatt mange stunder saman, Tori og eg. Svært på kan kallast trivelige, men bortsett frå dèt, har vi vel vore innom heile spekteret. Det kan forresten hende han kalla bloggen min småsøt også. Er den det? Småsøt?

onsdag, juli 08, 2009

lørdag, mars 28, 2009

Kalde fakta: - Eg er for dårlig til å sei ifrå. (Ikkje på den "Sei-i-frå-kampanje-måten", men den andre) - Eg er for dårlig til å snakke om ting som ein bør snakke om. - Eg er for dårlig til å halde kontakten med folk som er viktige for meg, og ergo difor også for dårlig til å vise dei som er viktige for meg at dei er nettopp dèt. - Eg er for dårlig til å takle kritikk og få kjeft. - Eg er skikkelig, skikkelig dårlig til å vere tålmodig og grei når det er lenge sidan eg har spist. - Men eg er dritflink til å lage pizzadeig.

fredag, mars 20, 2009

No greier eg visst ikkje å slutte Er det berre meg, eller er dette bildet til å få magesår av? Ikkje for å vere frekk, altså. Men det er jo ikkje nødvendig å sjå ut som en frosk kryssa med whats-his-name-Iglesias, eller han som er gift med J-LO. Og eg syns ikkje den songen er spesielt forferdelig, det kan godt hende den vinn heile sulamitten - og eg kjem til å heie med heile min kropp og mitt hjarte. Det er verkeleg berre ein song som ikkje gjer seg særlig bra i lengden, type a-listing på alle kanalar. Og det fjeset hans ER berre litt irriterande. Men no skal eg altså ete noko, eg er jo totalt uspiselig sjølv. Flaks eg er aleine. Ingen hadde holdt ut i mitt selskap - ikkje eingong Englefjes-Rybak. (Også "Rybak", då. Flott navn, heldig med den")
Helsiken, den tjeneren tok sannelig plass. Sprengte heile bloggen, gitt. Jaja, då håpar eg ho gjer meir nytte for seg framover. Forresten, er det egentlig nødvendig at han der fele-grand-prix-mannen ligger på spelelista til P3? Eg merker eg blir ein smule irritert, han er jo på alle kanalar konstant. Det er kanskje unødvendig å nevne at det strengt tatt ikkje skal så mykje til å irritere meg no - i og med at eg ikkje har spist middag. Sultne-Trine er som kjent sur som eddik. Men det er ikkje min feil, eg er faktisk arveleg belasta og kan ingenting for det. På att med jakka, middag aleine.