onsdag, mars 15, 2006
I dag er det Anne Mari sin bursdag! Det er omtrent det beste ho veit, og eg kan tenke meg Charlie har fått svært god info dei siste månadane om kor lenge det er igjen. Kor mange dagar, timar og sekund. Endelig er dagen her, og eg høyrer rykte om god vin, mat, finkjole og prinsessefeiring. Og det skulle berre mangle!
Anne Mari har til og med ikkje ete snop på minst to veker (er det mogeleg?), men i dag får ho nok putte i seg alt ho har lyst på.
GRATULERER SÅ MYKJE MED DAGEN! Min kjære gode, nydelege, morosame, fantastiske Annemi! *hapåsegbunadogblåseifløyteogviftemedflagget*
PS: Skal du snart komme og bu i hybelen din i Førde igjen? Viss du klarer å komme over helga eller noko, så hadde det vore veldig fint. Charlie kan bli med, det er ikkje noko problem.
tirsdag, mars 14, 2006
mandag, mars 13, 2006
søndag, mars 12, 2006
fredag, mars 10, 2006
Berre ta ein titt på dei fine jentene som ville bli med å ta en tår for TeitelilleTrine som dreg frå byen utan å mukke. Jo, mukkar litt, forresten.
Velaug - beekeeper, Sasi, Cecilie og Jeanette i front. Nokre meter bak meg, som er fotograf, sit den svært så myteomspunne broren til Velaug bak ei dør. Han hadde blitt låst inne på rommet sitt, då han skjøna at huset skulle bli invadert av smårips. Og for å oppklare ein del spørsmål her - han måtte gå ut av rommet sitt, forbi oss i stova, for å gå på do. Og sidan han det ikkje gjorde, vart vi særs fascinert av hans evne til å halde seg. Eg for eksempel, eg tissa minst tre gonger i løpet av kvelden.
Eg er heilt matt. Alt står på hovudet i leiligheten. Det kjennes merkelig, vemodig, skummelt, likevel trygt, trist, feil og rett å gjere det eg no gjer.
I dag grein eg meg gjennom et heilt varehus, Living, nærast heimen min dei siste to åra. Tenk, desse menneska har eg tilbrakt meir tid saman med enn kjærasten min og familien min. Ei stund då alt på langt nær var så harmonisk som no der, var eg sikker på at den dagen eg skulle slutte, ville det vere med flagget til topps, hive meg rett i champagneglasset og jodle resten av dagen.
I staden vart det kjempetrist.
Signe, med det fantastisk mutte morgontrynet, som utviklar seg til verdens herlegaste latter utover formiddagen, det blanke håret, alle planane om "den perfekte jobb og dermed tilværelse" (eg veit du vil finne den til slutt.), med dei lange beina og ingen anelse om kor flott ho er
Ellis, verdas største rampefjes; -Om ho kjenner til femti litt stygge sengesett som har forsvunne på mystisk vis? Nei, det har ho aldri hørt om. Heller ikkje ein månad seinare når vi finn dei trykka inn mellom teppeunderlag eller strykebrett. Ellis som får stjerner i auga når ho kan klatre med ei tå på toppen av ein stige, jo høgare mogelegheit for brekte bein, jo betre. Som berre ler når ho får kjeft, og kjem unna med alt.
Karen, "Jei aaaner ikke", som under den litt fjonge bergenserdamestilen faktisk også er ein eventyrar. Ho som har vore på ei høgaste fjella, som symjer naken i sjøen omlag heile året. Som fekk ein ny sjanse i ein alder av nokon-og-femti, og tok den!
Mona, eg kjem tilbake til deg, sidan du skal få bli innvia i skattekista. Men ingen kan vel vere så mykje mor, samtidig som du avogtil må vere mitt lille barn. Tøffare enn toget mest, men likevel innimellom ein pitteliten kylling - akkurat som meg. DU HAR Å MØTE HAN!
Anne Lise, strenge, sinte - trudde eg, heilt til eg skjønte at du er mjuk som ei silkepute på innsida. Og dessuten "dritar i det, eg e lei av å vere sinnakjerring, dessuten e eg snart pensjonist uansitt".
Ruth, vår søte og nydelig flinke nye sjef, som brått gjorde kvardagen så mykje lettare! Som rett og slett sluttar å fungere dersom ho ikkje får skiva si når ho er nødt til det.
Nina, litt skumle, som introduserte seg sjølv med å sei at ho ikkje akkurat likte jenter særlig godt, ville heller forholde seg til menn. Jammen gjekk det bra likevel, gitt!
Tine, som gir meg ein ny song på hjernen kvar gong ho nærmar seg, aller helst ein med Mira Craig. Som er sjeldent munter, masete og fjasete, nett slik vi likar det.
Naiv-forsiktige Vaibiks, som aldri blir lei av å sitte i kassa. Som smiler samme kor teite folk er (men er flink å bruke "slemme-boka" om det blir for gale).
Marianne, søøte lille Marianne. Eg gledar meg til å høyre om kva som skjer no når du skal slutte å vere fornuftig og heller gi litt faen og tøffe deg litt.
Dei gøye og frekke kundeservice-guttane og -jenta, Erlend som alltid har ein kjapp kommentar på lur, som trur han kan både skrive og snakke nynorsk, men ikkje er særlig god i nokon av delane (Les: Potetar og kjøttkakar, det er bergensk - ikkje nynorsk). Ole som er ein underfundig kar, i starten visste eg aldri når han var alvorlig og når han tulla. Han skjønt no at han tullar. Alltid. Renate, streng men rettferdig.
Ørjan - Det er ikkje så ille å vere frå Førde! Sotra er verre! *Hehehe*
Alle lagerguttane, både dei som snakkar og dei som ikkje gjer det. (også du som ikkje seier hei eingong)
Velaug og Cecilie, såklart. Mine to sjelefrendar, eg håpar sterkt på hyperaktiv msn-kommunikasjon, mail, telefon (ja, såklart også telefaks), grillfest i hagen i Førde, rotbløyter som den siste som eg snart skal legge ut bilder frå, bryllaup og barndåp, heile sulamitten.
Eg kjem til å sakne dei alle så sårt, og blir heilt knust av tanken på at Living-livet faktisk skal gå vidare som om ingenting har skjedd no når eg ikkje er der lenger. Berre flaks at dei faktisk vil vere der alle saman, når eg sikkert dreg på besøk om ei veke eller to...:)
onsdag, mars 08, 2006
ingen betydning for meg hvilken hårfarge hon har! Bare ring til han og sei at systra mi har ADHD! Nei, men ho har jo ikkje det! Då kan ho jo bli mistenkt for å ha det. Ring ring, guri malla, kor avansert.
tirsdag, mars 07, 2006
søndag, mars 05, 2006
lørdag, mars 04, 2006
Natt til fredag møtte eg en engelsk kokkemann. Han hadde vore i Norge i tre år utan å lære seg anna på norsk enn å sei "Mættemæritknote" om skjerfet sitt. Vi snakka om meg, og eg sa eg skulle flytte til Oslo til hausten og at eg var i ferd med å frike litt ut fordi det er så skummelt, annleis, langt borte, slike ting. Då sa han berre "You`ll have a blast, I`m absolutely sure you`ll have a blast". Eg satsar på at han får rett.
torsdag, mars 02, 2006
onsdag, mars 01, 2006
tirsdag, februar 28, 2006
mandag, februar 27, 2006
Dette bildet er tatt to sekund etter at eg fikk vite at eg hadde blitt tante til min Maja, nyttårsaftan 2004. Då var eg overvelda, da! Og det er eg framleis, kvar gong eg ser henne, tenker på henne og veit at ho skal vere her alltid. I dag kom eg på at eg passa ein hund som heitte Maja ein gong. Og eg trudde ho var kjempesøt og fantastisk, liksom!
I morgon skal eg bake solsikkebrød, ta solarium og kanskje skrive noko fantastisk lurt her i skattekista, alt det før eg begynner på jobb. God natt, alle mine skattar!
søndag, februar 26, 2006
lørdag, februar 25, 2006
Eg e fødd i feil århundre. Eg er klar for dansing til "hot Stuff" av gudane veit kven. Vi turnar, dansar og har gladgeitbuksa på - berre pass dykk Bergen, i dag skal faktisk vi på gøy og lurt nachspiel. Bare følg med i morgon for vidare rapport. Vi gidde ikkje "talk to the hand"-stil i dag. Cecilkie har fått eit nytt ansikt; brillene er borte og ingen veit kva som kan skje.....
torsdag, februar 23, 2006
tirsdag, februar 21, 2006
På dagar som i dag, vil eg bare dra bort, lang vekk der det fins sol og vatn og ikkje så mykje meir. Ein stad der ein ikkje er butikkdame, sambuar/ikkje sambuar, skattebetalar, jobbsøkande, vinglete og ustabil i forhold til framtid/fortid/notid, kun på ferie som reisande menneske. Ligge på stranda heile dagen, svømme langt, langt ut i havet, gå på marknadar og berre sjå på folk. Lese ei ny bok kvar dag, berre tenke på alt anna enn kvardagsliv, rutiner og alt det som gjer ein sliten og oppbrukt.
Då er det godt å sjå på bilder frå tidlegare feriar, så kan eg nesten kjenne sanden mellom tærne, lett-solbrent-kjensle på skuldrane, vinden i andletet på oppdagingsferd i øde landsbyar på ei ukjend øy, smaken av ein frukt ein ikkje veit namnet på, og kjølig, salt sjø om kroppen.
Eg veit at mi drømmeøy ikkje er lengre enn ein liten flytur unna, kven blir med!?!?!
søndag, februar 19, 2006
lørdag, februar 18, 2006
fredag, februar 17, 2006
I dag når eg vakna, hadde eg fått 7 ubesvarte anrop på telefonen min, og 6 nye meldingar. Det var rett og slett ikkje måte på popularitet.
Opphavet til dette starta tidlegare i går. Sasi og Jeanette skulle ut, og ville gjerne ha meg med. Slapp og trasig som eg er for tida, meldte eg meg ut og ville heller legge meg tidleg og i edru tilstand.
Rett før eg la meg fekk eg ei melding fra Sasi, der ho skreiv at dei skulle komme på besøk til meg. Eg klarte ikkje å ta dette heilt alvorleg (av heilt opplagte årsaker, fulle folk tar ikkje bussen fra Minde, forbi sentrum og ut til Sandviken seint på kvelden ein torsdag når byen roper på dei).
Men det hadde dei faktisk gjort, så på min veranda stod det ein liten plante (gudane må vite kvar dei hadde funne den på vegen), pluss eit brev skrive på ein H&M-kvittering. Der fortalte dei om bussturen ut, at det var skuffande at eg la meg så tidlig og at dei hadde klart å ha en "planteseremoni"der ute, sjølv utan meg. Fantastisk!
Dåke er no jammen dei søtaste eg veit om, det var kjekt å vakne opp i dag!
I samme anlendning, litt for seint, må eg ønske Jeanette velkommen i skattekista. Nydelege Jeanette som alltid har fine kle og fjonge sko og ser ut som ei filmstjerne. Ho seier omtrent aldri nei til å bli med på leik, dans og moro. Ho er ein kløppar til å drikke tequila utan å rope på elgen etterpå, og deltar svært aktivt når situasjonen tilseier at all frukt, stygge lysestakar og andre unyttige gjenstandar må kastast ut på gata, og det fort!
Eg er glad eg ikkje er gut, for då hadde eg nok blitt forelska i Jeanette. Dersom vi hadde blitt kjærestar, hadde eg aldri turt å slå opp med henne, for eg vil helst ikkje at J skal vere sint på meg. Men eg hadde ikkje villa slå opp med deg uansett, altså.
Putte inn to dårlige bilder tatt med mobil ein sein kveld i fjor haust.
onsdag, februar 15, 2006
Uff, det er så drit og teit å være lei seg, og ikkje heilt vite om det ein gjer er rett eller ikkje. Det føles idiotisk å ikkje få sove om natta, når ein var så sikker for litt sidan, men plutseleg kjennest det annleis. Føler eg har ei kald klo om hjartet, har aldri likt tanken på at folk og ting og kjensler skal forsvinne heilt, men veit jo at det berre er slik livet er. Men eg skulle likevel ønske det ikkje var sånn.
søndag, februar 12, 2006
Gratulerer med morsdagen søte, snille, mamma!
Mamma er allergisk mot internett. I jula introduserte eg henne for begrepet "å google" nokon, som eg gjer ganske ofte. Eg fortalte henne at om det sto noko om henne på internett, ville kven som helst finne det ut ved å søke på namnet hennar. Først vart ho sjokkert, og spurte om eg trudde at det faktisk stod noko om ho der inne. Eg sa at eg ville ikkje akkurat tru det. "Nei, for eg vil faktisk ikkje vera inne på intarnette!", sa mamma. Men no er du det likevel;-).
Mamma vil at alle skal vere snille med kvarandre, at alle songar skal handle om fine ting og vere kvikke utan å bråke, ho seier at vi ikkje får sjå på skumle ting på tv, klarar aldri å vere vaken ein heil film(iallefall sjeldan).
Mamma er drit-tøff og klarte å bli heilt frisk når ho fekk kreft, og klarer å smile og le sjøl når ho har vondt i heile kroppen og må halte rundt istadenfor å springe på tur når det er det ho helst vil.
Mamma er vår helt og stjerne, synger merkelige songar og lagar rare lydar for å framheve ulike poeng betre. Ho har alltid lure råd og triks på lur, og er alltid den første vi vil vere med når vi treng trøst - for ho er jo MAMMA!
Mamma har ein bil som alle på merkelig vis klarer å krasje borti.
Mamma blir bare bedre og bedre for kvar dag.
Her les mamma rar-bok-med-lyd-bok til Maja. *Lalalalalalalalalala*
lørdag, februar 11, 2006
tirsdag, februar 07, 2006
mandag, februar 06, 2006
søndag, februar 05, 2006
Abonner på:
Innlegg (Atom)






